Dagens leder
* Framstegspartiets sjølvbilete som partiet for «folk flest» kolliderer med røyndomen på mange felt, og noko av det viktigaste er partiets haldning til arbeidslivet. Dette har Frps byråd for miljø og samferdsel i Oslo, Jøran Kallmyr, illustrert på pedagogisk vis denne veka. Partiet kasta i valkampinnspurten inn framlegg om å privatisere heile kollektivtransporten i Oslo, utan å ha konferert med sin byrådspartnar Høgre, og til sterke protestar frå byrådets parlamentariske støttespelar Venstre. Få dagar tidlegare var det barnehagane som skulle ut av kommunal drift. Kallemyr stadfesta meir oppriktig enn vanleg korleis rekninga for denne ideologiske privatiseringsfeberen skal bli velta over på dei tilsette.