Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Old School

Dagens leder

* Konservatismen er på frammarsj her til lands, skal vi tru Torbjørn Røe Isaksen og Henrik Syse, som har redigert antologien «Konservatisme». Godt er det! Klassisk konservatisme er ein god medisin mot mykje av det som er gale i norsk politikk i dag; «liberalistar» i vid forstand. Dei finst i Høgre, som marknadsfundamentalistiske nyliberalistar, og dei finst i Ap, som Tony Blair-inspirerte sosialiberalarar. Der liberalistane ukritisk vil ha Noreg med i EU og i smug skammar seg over den norske veremåten, ser konservative på «det norske» som noko verdifullt og forpliktande. Der liberalistar vil innføre den perfekte samfunnsorganiseringa - fri konkurranse - ein gong for alle, finst det ikkje noko perfekt i den konservative horisonten, berre dei små stega fellesskapen tek i freistnad på å skrive historie.