Dagens leder
* Grovt forenkla kan vi seie at jo nærare ein kjem Jesu gravstad, jo meir spanande påske har det vore. Laurdag erklærte president Ali Abdullah Saleh i Jemen at han frivillig gjev frå seg makta, om han får garanti på at det nye regimet ikkje vil straffeforfølgje han for dei overgrepa han har stått bak etter 21 år i embetet og dei 12 åra før det som president for Nord-Jemen. Å tvinge mannen som har sete med makta i heile det samla Jemens historie er ein enorm bragd for demonstrantane, enno meir av di protestane i stor grad har vore fredelege. Valden har nesten utelukkande komme frå Saleh-regimet, særs skjerande er episoden frå 18. mars, då styrkane hans skaut og drap 52 demonstrantar i Sana’a. Like etter åtvara han om at han ville starte borgarkrig om demonstrantane freista kaste han. Det er eit utfall vi er svært letta for at jemenittane slapp. Dei må no vurdere om ei framtid i fridom, utan meir spelt blod, er verdt meir enn eit fullt oppgjer med fortida.