Lørdag 2. april 2011
Den nye nynorsken
Rettskrivingsnemnda for nynorsk overleverte i går si innstilling til Språkrådet. Kritikken mot fleire einskildendringar er tatt til følgje.

- Mest interessant er det kanskje at kløyvd infinitiv er inne i rettskrivinga att, seier nemndleiar Grete Riise til Klassekampen.


Det var Riise som fredag overrekte den endelege nemndinnstillinga til styreleiar i Språkrådet, Ottar Grepstad. Ho har erfart at det opphavlege framlegget om å fjerna kløyvd infinitiv var endringa som gav nemnda flest negative tilbakemeldingar, då utkastet til ny rettskriving vart sendt på høyring tidlegare i år.


- Kvifor trur du nettopp kløyvd infinitiv har skapt slik engasjement?


- Eg må vedgå at det har vore meir interesse knytt til dette enn venta, men eg trur ein del av folks identitet har vorte rørt ved.


«Vaka og vente»


Ulike høyringsinstansar har hevda fjerninga av den typiske austnorske kløyvde infinitiven har medverka til ei «vestlandifisering» av nynorsknorma. Forfattaren Edvard Hoem, som sjølv nyttar kløyvd infinitiv, har vore mellom dei som har framført kritikken. Fleire forfattarar nyttar kløyvd infinitiv som eit stilistisk grep. Her finst det ein litterær tradisjon gjennom så ulike forfattarar som Arne Garborg, Olav Duun, Tarjei Vesaas, Tor Jonsson og Aslaug Vaa fram til Magnhild Bruheim og Sigmund Løvåsen.


- Vi snakka på førehand med austnorske språkforskarar som sjølve nyttar kløyvd infinitiv. Dei hevdar fenomenet er i sterk tilbakegang, og truleg vil vera ute av dialektane i løpet av eit par tiår, seier Riise om det opphavlege utkastet.


Ho presiserer at når kløyvd infinitiv no er tatt inn i norma, blir det normert: ein får ikkje sjølv avgjera kva ord som skal skrivast med e-ending og a-ending. Det vil bli slått fast i ordlista.


«Dokker»


Etter høyringsrunden i februar, har nemnda i hovudsak drive med det Riise kallar «småjusteringar», men av andre større endringar, som har kome til i siste omgang, har «dokke(r)»/ «dokke(r)» kome inn som sidestilte former for «de»/ «dykk». Nemnda gjorde i utgangspunktet framlegg om å bytta ut - det ifølgje mange for høgtidelege - «de»/ «dykk» med «dykk»/ «dykk», men det ville ingen ha. Framlegget hadde heller ingen ihuga forsvararar i nemnda sjølv.


- Urøynde nynorskbrukarar gjer mange feil mellom «de»/ «dykk», men innvendingane mot «dykk»/ «dykk» har vore at det både bryt ned skiljet mellom subjekt- og objekt-form og at det er eit for stort ord. Vi voner at med å ta inn dialektforma «dokker»/ «dokker» i norma, vil vi kanskje unngå domenetap til alle moglege dialektvariantar.


«Skole» blir ståande


Eit signalord som først vart luka ut, men som no er inne på nytt, er «skole». Her blir det inga endring: «skule» og «skole» blir sidestilte former.


- Argumentet for dette, er at «skole» er allment brukt i tale over heile landet, det gjeld også i nynorsk skrift. Det er i tillegg eit nøkkelord i departementalt språk, og det ville medført store kostnader å endra «skole» til «skule» i offentlege namn og dokument og på skilt til dømes.


Under arbeidet med den nye rettskrivingsreforma har nemnda fått mange innspel frå nynorskbrukarar om at dei ønskjer valfridom i grammatisk kjønn på fleire ord. Nemnda har kome ønskja i møte på eitt ord: dialekt. Det var også det ordet flest folk ville ha endra kjønn på.


Dialekta


- Vi gjer framlegg om at det skal vera lov å skriva «ei dialekt»/ «dialekta» ikkje berre «ein dialekt»/ «dialekten».


Rettskrivingsnemnda som har arbeidd med den nye nynorskreforma har vore retta mot brukarane. Det har ikkje vore ei «professornemnd», slik som ved tidlegare reformer. Engasjementet har vore stort, ifølgje Grete Riise.


- Vi fekk heile 78 svar på høyringsfråsegna og 70 menneske møtte på den offentlege høyringa. Mange har i tillegg lasta ned høyringsmøtet som nett-tv. Vi har også fått 500 blogginnlegg og 90-e-postar, som vi har lese og tatt med i våre drøftingar. Eg er heilhjarta takksam for alle vanskelege spørsmål, innspel, motinnlegg og støttefråsegner.


Riise vil likevel minna om at nynorskbrukarar langt frå er samde om korleis nynorsken skal sjå ut.


Få praktiske endringar


- Eg voner at ingen har tapt eller vunne for mykje språkpolitisk, og tenkjer at det er bra om fleirtalet av nynorskbrukarar kjenner seg heime i den nye norma. Eg trur dei fleste slepp å leggja om språket sitt vesentleg. Elles vonar eg vi har fått til den forenklinga vi har vorte sett til å gjennomføra. Det vil jo vera det viktigaste for komande generasjonar nynorskbrukarar. Alt dette er avgjerande for at dette faktisk skal bli ei norm som blir teken i bruk.

Artikkelen er oppdatert: 22. oktober 2013 kl. 10.40
Fredag 20. september 2019
DN-ansatte må belage seg på å flytte inn i medie­husets nye «bokser», men får ikke få vite hva det innebærer før sluttpakkevinduet lukkes. Ansatte er særlig bekymret for at lørdagsmagasinet blir pulverisert.
Torsdag 19. september 2019
Lydbøkene har inntatt skolen. Forsker Bjarte Reidar Furnes mener lærerne først og fremst må legge til rette for at elevene leser papir­bøker.
Onsdag 18. september 2019
Motstanderne av fotografihus på Sukkerbiten jubler over valgresultatet i Oslo. – Nå blir det ikke noe av det planlagte Fotografihuset, hevder ­styreleder Sverre Jervell i Sukker­bitens venner.
Tirsdag 17. september 2019
Skoleforsker Marte Blikstad-Balas mener lærerne må gi plass til romanen i klasserommet. – Den kognitive utholdenheten går ned når man bare leser korte tekster, sier hun.
Mandag 16. september 2019
Forfatter Bjørn Sortland er bekymret for norske barns mentale kondis. – Å lese i et kvarter er blitt «helt Himalaya», sier han.
Lørdag 14. september 2019
Petter Stordalens 190.000 Instagram-følgere har flere ganger sett ham posere med bøker fra Straw­berry-forlagene. Dette kan være ulovlig reklame, ifølge Forbruker­tilsynet.
Fredag 13. september 2019
Dagens Næringsliv og Morgenbladet kutter til sammen 38 millioner kroner for å bli mer digitale. – Vil gå utover kvaliteten, sier medieforsker.
Torsdag 12. september 2019
Styreleder Amund Djuve har gitt Morgenbladets redaktør en klar bestilling: driftsmarginen må opp på ti prosent. Denne uka startet nedbemanningene i ukeavisa.
Onsdag 11. september 2019
NTNU sliter med å få opp kvinneandelen ved filosofisk institutt. – Forsterker en trend hvor menn underviser menn om menn, sier student.
Tirsdag 10. september 2019
NRK Dagsrevyen har intervjuet ­dobbelt så mange rikspolitikere som lokalpolitikere ­under valgkampen. – Problematisk og uheldig, sier ­Venstre-ordfører Alfred Bjørlo.