Onsdag 1. desember 2010
Til krig mot NHO Service
Talkrig: Fagforbundet skuldar NHO Service for «misbruk av statistikk» og taljuks.

Det knirkar i rullebanen når Fagforbundet, LOs største forbund, taksar ut av hangaren.


- Du kan godt kalle det ein motkampanje. Vi freistar gje dei tillitsvalde stoffet dei treng til å svare klokt og godt på NHO sine påstandar om konkurranseutsetjing, seier forbundsleiar Jan Davidsen.


No meiner han Fagforbundet har talmaterialet til å gå NHO på klinga.


«Tenk på eit tal»


I ein serie notat freistar NHO Service rekne ut kor mykje kvar kommune kan spare på å leggje omsorg-, reinhald- og vedlikehaldstenestene sine ut på tilbod. I lokalpresse og budsjettforhandlingar har politikarar frå Høgre og Frp, samt NHO Service sjølv fronta saka.


I motnotatet «Tenk på et tall» slaktar Fagforbundet reknestykka på følgjande punkt:


* NHO Service «baserer seg på misbruk av statistikk og brukerundersøkelser.»


* NHO Service veit at privatisering går ut over løn, pensjon og arbeidsmiljø hos dei tilsette, men tåkelegg det i notata.


* NHO Service konkluderer med at effektivisering ikkje går ut over kvalitet, utan å ha grunnlag for det.


* Sentrale påstandar i notata er ikkje dokumenterte. Difor er dei politiske fråsegn, ikkje fakta.


* Den halve milliarden NHO reknar med at medlemsverksemdene kan tene på å drive 20 prosent av tenestene, kan like gjerne gå til eit betre, offentleg tilbod.


Verre på jobb?


Eit sentralt punkt i NHO Service-notata er at konkurranseutsetjinga ikkje vil tyne arbeidarane. Innsparinga skal komme gjennom betre organisering.


- Om dei ville, kunne NHO gløtta litt på sine eigne tariffavtaler. Då ville dei straks sett at løna og pensjonen for dei fleste er verre hjå dei kommersielle drivarane. Dei driv med tariffavtaler til dagleg og veit dette, men vil heller skuve det framfor seg, seier forbundsleiar Jan Davidsen.


I notatet sitt syner Fagforbundet til undersøkingar frå Norsk Sykepleierforbund. Under streiken i januar fann dei mellom anna ein sjukepleiar på det privatdrivne Paulus sjukeheim i Oslo, som trass 13 år ansiennitet tente 53.000 kroner mindre i året enn den kommunale minsteløna. Fagforbundet i Oslo melder at lønsgapet mellom offentlege og private sjukeheimar i snitt er på 30.000 kroner i året.


Davidsen meiner dette slår hol på NHO Service si påstand om at det «i praksis er liten eller ingen forskjell i lønnsnivå mellom offentlig og privat tariffavtale».


Fagforbundet syner òg til rapporten «Kostnadsforskjeller i barnehagesektoren» Telemarksforskning laga i fjor, som konkluderer med at «Det viktigste man oppnår ved å privatisere sektoren, er altså å redusere den gjennomsnittlige bemanningsgraden og lønnsnivået i sektoren». Fagforbundet meiner det same gjeld omsorg og reinhald, av di den største kostnaden også i desse sektorane er løna til dei tilsette.


Talgrunnlaget


Medan NHO Service er arbeidsgjevarorganisasjonen for dei private sjukeheimsdrivarane, reinhaldsselskapa og byggforvaltarane, representerer kommuneorganisasjonen KS (Kommunesektorens interesse- og arbeidsgiverorganisasjon) dei kommunale.


I Klassekampen laurdag slakta KS-økonomane NHO si bruk av offentleg statistikk, mellom anna Kostra-tala over kommunane sine utgifter, slik dei vert rapportert av Statistisk sentralbyrå.


Fagforbundet slenger seg på kritikken: Dei syner til at kommunaldirektøren for finansforvalting i Trondheim i fjor åtvara NHO Service mot å nytte Kostra-tal for å samanlikne kvart einskilt sjukeheim. Dette av di kommunale sjukeheimar må rapportere langt fleire kostnader til Kostra enn dei får av sjølve drifta, mellom anna kor mykje framtidige pensjonar vil koste.


Kommunaldirektøren refsa òg NHO Service for å samanlikne kostnader for sjukeheim i Trondheim, som i snitt har 45 plassar, med eit sjukeheim med 92 plassar, som på grunn av storleiken kan drive billigare.


Fagforbundet konkluderer med at NHO Service lenge har visst at dei nyttar Kostra-tal feil, men har valt å ignorere det for å få dei kommunale tilboda til å sjå dyrare ut.


- Usikkerheit øydelegg


- KS har heilt rett i at ein ikkje kan sjå seg blind på offisiell statistikk utan å vite bakgrunnen for tala. Eg hugsar vi undersøkte to skolar, kor den eine var dyr i drift og den andre rimeleg. Det synte seg at den «effektive» skolen hadde stort gjennomtrekk av lærarar, som difor ikkje fekk bygd opp ansiennitet. Og då må ein spørje seg: Kor lærar elevane best - hjå stadig nye lærarar, eller av tilsette som er trygge på arbeidsplassen sin? spør Davidsen.


Han meiner konkurranseutsetjing skapar meir utryggleik hjå dei tilsette, noko som kan øydeleggje for lysten til unge til å velje yrket.


- Men kan ein aldri effektivisere offentleg sektor?


- Sjølvsagt kan ein det! Og då må ein basere seg på innspel frå dei tilsette, ikkje trykkje ned tal over hovudet på dei og gjere arbeidsplassen deira meir usikker. Då mister dei lysten, seier Davidsen.

Artikkelen er oppdatert: 22. oktober 2013 kl. 10.38
Tirsdag 21. januar 2020
EXIT: Frp-nestor Carl I. Hagen maner sitt gamle parti til å drive nådeløs opposisjonspolitikk. Nå forventer han kamp om ledervervet.
Mandag 20. januar 2020
IGJEN: På Aps landsmøte i fjor vant partileder Jonas Gahr Støre slaget mot dem som vil utvide grensa for selvbestemt abort. Men krigen er ikke vunnet.
Lørdag 18. januar 2020
PLAN: SV vil nå måla i Parisavtalen gjennom prosjektet «grøn ny deal». Eit av tiltaka er å kjøpe kriseramma norske verft, for å gjere dei ­grøne og sikre at arbeidsplassane blir i Noreg.
Fredag 17. januar 2020
KLAR TALE: Det er uholdbare tilstander i luftambulansetjenesten, sier Margit U. Kristoffersen fra gata i Alta. Hun er ikke alene om å mene at staten bør inn og overta ambulanseflyene.
Torsdag 16. januar 2020
URO: Frp vil kun være fornøyd med politiske gjenytelser som kommer i tillegg til regjeringsplattformen, etter at en norsk IS-kvinne ble hentet fra Syria, sier Jon Helgheim (Frp).
Onsdag 15. januar 2020
SPLID: I utkastet til nytt program for LO står det både strenge klimamål og en offensiv utbygging av olje- og gassvirksomheten. Nå brygger det til strid.
Tirsdag 14. januar 2020
ÅPENHET: Da Mohammed (16) døde, var det få som våget å snakke. Nå får vitnene støtte fra byråds­lederen i Oslo.
Mandag 13. januar 2020
OPPRØR: Dagfinn Johansen i øykommunen Hasvik i Finnmark er avhengig av ferge og opplever høye priser som straff. Ordføreren krever at staten får ansvaret for fergene.
Lørdag 11. januar 2020
VENTER: Equinor lanserte nye klimamål rett før de åpnet Johan Sverdrup-feltet. Sam­tidig jobber hele bransjen med den faktiske planen for klimakutt.
Fredag 10. januar 2020
MOTSTAND: NHO forventer at regjeringen snur om såkalt fritt skolevalg etter massiv motstand i høringsrunde.