Lørdag 25. juni 2005
Fest for frigjering
- Sverige har kome lenger når det gjeld lovverket enn kva ein har gjort i Noreg, seier Sveriges store lesbe-heltinne Mian Lodalen.

I dag fyllest hovudstadsgatene av dansande og festande homoar, og sikkert nesten like mange skodelystne heteroar, for det som er eit av høgdepunkta på Europride-festivalen - paraden. Europride er ein av verdas største homofestivalar, og arrangementet går på rundgang mellom europeiske storbyar. Neste år skal festivalen attende til London - byen der Europride vart arrangert for fyrste gong i 1992. I programmet stiller arrangørane spørsmålet om Noreg er eit homoparadis. Og svaret på spørsmålet er både ja og nei.

- Det er vanskeleg å samanlikna, men Sverige har kome lenger når det gjeld lovverket enn kva ein har gjort i Noreg, seier Mian Lodalen, Sveriges mest kjende talskvinne for lesbiske, og forfattar av boka «Smuleklubbens skamløse søstre». Lodalen var på Europride i samband med eit arrangement for bokklubben Kursiv.

- Sverige har adopsjonsprøverett for homofile, og dette er svært viktig fordi det gjev større tryggleik for barn som veks opp med foreldre av same kjønn, seier Lodalen.

Ho trekkjer også fram at lesbiske i Sverige kan få kunstig befruktning. Men heller ikkje i Sverige får homofile lov til å gifte seg i kyrkja.

I august arrangeres festivalen Pride i Stockholm, og her trekkjer arrangørane fram eit vanskeleg punkt for Svenske homofile - vald.

- I Sverige aukar valden mot homofile, lesbiske og transkjønna, seier Lodalen.

- Kvart år blir ein person i Sverige drepen fordi dei elskar nokon av same kjønn.

Lodalen ynskjer å slå eit slag for dei transseksuelle.

- Om ein er gift og vil skifta kjønn, seier lova at ekteskapet blir oppløyst. Dei som skifter kjønn blir også steriliserte. Dette overformynderiet er uverdig. Dette gjeld ikkje mange menneske, men det har sers mykje å seia for dei et gjeld, seier Lodalen.

Heltinnemøte

Av opplevingane på Europride trekkjer Lodalen fram møtet med Gerd Brantenberg, forfattar av mellom anna «Opp alle jordens homofile», som den flottaste opplevinga. Dei to deltok på ei litteraturlesing, og Lodalen bøygde seg i støvet for heltinna si då ho entra scenen.

- Brantenberg er ei av dei store førebileta mine, seier Lodalen.

Og Brantenberg var ikkje mindre begeistra over Lodalen.

- Eg har fått ein verdig arvtakar, som i tillegg til å vera lesbisk forfattar også tør vera feminist. Vi har ingen slik forfattar her i Noreg, svarte Brantenberg ifylgje magasinet Blikk - som også fortel at Brentenberg meiner at den største forskjellen mellom dei to er at Lodalen er meir snuskete.

Jamstelling

Turid Eikvam, kontorsjef for Institutt for kriminologi og rettssosiologi ved Universitetet i Oslo, og ei av drivkreftene bak Nettverk for forsking om homoseksualitet, er oppteken av kyrkja:

- I stillingar i kyrkja er det høve til å diskriminere på grunn av seksuell legning. Dette går også SV og Ap med på, og det tykkjer eg er snodig. Dette er eit samfunnsområde der vi framleis blir sett på som b-menneske.

Eikvam seier at denne saka kanskje ikkje er den viktigaste, men at dette er ei sak som provoserer henne.

- Dei seier at det er noko gale med oss, og det er noko som verkar inn på unge homofile og lesbiskes ve og vel. Sjølv om homofile både kan bli finansminister og byråd, blir vi også stigmatiserte.

Dag Østein Endsjø, leiar for Menneskerettsalliansen, gler seg derimot over ein siger.

- For meg har det viktigaste vore å revidera lovverket slik at homofile og transepersonar får det same rettsvernet som alle andre, seier Endsjø.

- No har alle partia frå SV til Høgre gått inn for ein slik revisjon, noko som også vil bli fylgd opp i neste periode. Det er utruleg bra at alle desse partia ser at diskriminering er diskriminering. Denne lovendringa vil også vere viktig for andre diskriminerte, legg han til.

Openheit

Men juridisk jamstelling er ikkje nok. Også haldningar må endrast, understrekar Blikk-redatør Tron Hirsti.

- Vi kan vedta så mange lovar og reglar mot diskriminering som vi vil, men det hjelper ikkje for dei som veks opp på ein liten stad i Bygde-Noreg og ikkje tør vera dei dei er. Både skulen og kyrkja har ansvar for å formidla opne haldningar til homofili. Også media har eit ansvar. Det blir feil når media berre omtalar homofili under tabloide overskrifter av typen «homosjokk». Ein må også ta menneska bak på alvor, seier han.

Kven tykkjer du gjer den beste jobben for homofile i Noreg i dag?

- Eg vil trekkja fram alle dei som jobbar i det organiserte homolivet, både i Oslo og i heile landet. Dei arrangerer treff og møteplassar og synleggjer dei homofile. Elles er eg glad for at vi har heidra Kim Friele her på festivalen, vi er mange som er glade for det ho gjer og har gjort.

Onsdag vart det avduka ein byste av Kim Friele på rådhusplassen.

Hilde Hammer driv utestaden SinPecado, og var denne veka blant dommarane i den årlege kåringa av Frøken Flatbanker. Klassekampen får tak i henne på mobiltelefon, ho er i PrideVillage, festivalområdet på rådhusplassen. Ho trekkjer fram openheit som eit sentralt punkt for homofile i Noreg.

- Det er flott at vi samlar troppane her med Europride. Her kan vi vere stolte og opne om det vi er. At vi er opne, er noko som hjelper mot skremselspropaganda. Pastor Jan Aage Torp seier at homofile er perverse menneske som har sex i alle krokar. Eg har vore med på festivalen her i fleire døgn, og eg har ikkje sett noko slikt. Her samlast vi og har det bra, her er musikk, sol, øl - alt er som det skal vera. Heterofile ville også ha trivdest her, seier Hammer.

Solidaritet

Marna Eide er leiar for ei spesialgruppe i Amnesty International som arbeider mot menneskerettsbrot på grunn av seksuell orientering og kjønnsidentitet.

- Det er ein skandale at homorørsla i Noreg, som har det såpass godt materielt og rettigheitsmessig, ikkje klarar å sjå utover Noregs grenser. På dette feltet gjer Amnesty meir enn det LLH gjer, seier Eide.

Onsdag arrangerte Eide og gruppa hennar eit seminar om internasjonalt arbeid.

- På møtet tok vi opp at norske solidaritetsrørsler ikkje gjer noko for homofile, medan dei homofile sin eigen organisasjon, LLH, ikkje gjer noko internasjonalt arbeid i det heile.

Eide seier at ho vil ha ei endring på dette.

- Det var ein 30-40 personar som kom på møtet, og mange var ivrige etter å vera med på internasjonalt arbeid. No må vi sørgja for at LLH får eit internasjonalt utval, seier Eide.

På møtet deltok organisasjonene GenderDoc frå Moldova og Krug frå Murmansk i Russland. Og under festivalen arrangerast også ei innsamling, Skeiv solidaritet, der pengane går til organisasjonane i Murmansk og Moldova.

I dag går også eit anna viktig arrangement av stabelen - kåringa av Mr. Gay Europe. I går meldte Blikk om at Mr. Gay Polen ikkje kjem til å stilla, fordi han har vorte mobba ut av universitetet i heimbyen Poznan etter eit oppslag om kåringa i ei lokalavis. Arrangørane har prøvd å koma i kontakt med han i fleire dagar utan å lukkast, melder Blikk.

@sitat:«At vi er opne, er noko som hjelper mot skremselspropaganda» Hilde Hammer, driv utestaden SinPecado

@

Artikkelen er oppdatert: 22. november 2007 kl. 19.24
Lørdag 23. februar 2019
Hva går tapt hvis kulturredaktøren forsvinner ut av redaksjonslokalene? – Tendenser i kulturen vil ikke fanges opp like lett, tror tidligere kulturredaktør Cathrine Sandnes.
Fredag 22. februar 2019
Konkurransetilsynet mener det ikke kan dokumenteres at faste priser på nye bøker sikrer et mangfold i utgivelsene. Men Norge er langt fra alene om å velge fastpris som politisk virke­middel.
Torsdag 21. februar 2019
Sarah Sørheim kan bli Aftenpostens siste kulturredaktør. Sjefredaktør Espen Egil Hansen har ikke bestemt seg for om hun skal erstattes når hun nå går av.
Tirsdag 19. februar 2019
Strømmetjenestene forandrer ikke bare bokmarkedet, men også selve skrivingen. Tom Egeland har begynt å tilpasse romanene sine til lydbokformatet.
Mandag 18. februar 2019
90 av de 100 mest utlånte bøkene i norske biblioteker er barnebøker. En vellykket lesekampanje har æren, hevder lederen for Norsk bibliotek­forening, Mariann Schjeide.
Lørdag 16. februar 2019
SV vil ha en ny pressestøtteordning for gratisaviser på nett. – Vi vil ha en full gjennomgang av pressestøtten og modernisere den, sier SVs Freddy André Øvstegård.
Fredag 15. februar 2019
Private samlere får stadig større innflytelse over norske kunstmuseer. – Gavene kan bli en sovepute, advarer kunsthistoriker Jorunn Veiteberg.
Torsdag 14. februar 2019
Den nye filmen om Roald Amundsen fortsetter i sporene til andre norske helteepos, mener forfatter og medie­viter Espen Ytreberg.
Onsdag 13. februar 2019
Pornografiske lydbøker ligger lett tilgjengelig på Storytel. Nå skal sjefen se nærmere på eksponeringen.
Tirsdag 12. februar 2019
Landets største amatørteater­organisasjon for­tviler. Siden 2014 har statsstøtten til Frilynt stått på stedet hvil, selv om medlemstallet er doblet.