Dagens leder.
- Alliansen av mektige krefter som arbeider for maksimal norsk oljeutvinning er så sterk at motkreftene på stutt sikt verkar sjanselause, uansett klimakrise og oppsving i satsing på alternative energikjelder. Den politiske høgresida, sosialdemokratiet, oljeindustrien, næringslivet og toppsjiktet i fagrørsla utgjer ein formidabel oljeblokk, som valsar over miljørørsla og andre som vil setje bremsen på. Regjeringa er raudgrøn i namnet, men i oljepolitikken er ho korkje raud eller grøn. Senterpartiet ved roret i Olje- og energidepartementet har heller ikkje gjort nokon skilnad. Naturvernforbundets leiar Lars Haltbrekken seier at regjeringa framstår som den mest oljevenlege i norsk historie, etter at 21 nye utvinningsløyver i Barentshavet og Norskehavet vart kunngjort torsdag. Ingen har delt ut fleire lisensar til oljeselskapa.