- Var motvekt til rasismen

- Ver konkret, er Thomas Hylland Eriksens råd for å møta kritikarane av kulturrelativismen.

Kulturrelativisme er ein fruktbar forskingsmetode og ikkje ei moralsk norm, hevda sosialantropologen Berit Thorbjørnsrud i siste nummer av Samtiden og i Klassekampen på tysdag. Thorbjørnsrud definerer kulturrelativisme som ein forskingsmetode som går ut frå at alle kulturar opererer etter ein eigen logikk, og som søker å finna nett denne kulturelle logikken i ein gjeve kultur.