– Ei grenselaus skjønnmaling

I Arvid Brynes bok «Vi sloss for Norge» blir både motstandsmann Svein Blindheim og NS-medlem og austfrontkjempar Bjørn Østring framstilte som krigsheltar. Makabert, meiner krigshistorikar Lars Borgersud.

Tidlegare utanriksredaktør i Dagbladet Arvid Bryne kom denne veka med boka «Vi sloss for Norge», ei portrettbok av Svein Blindheim og Bjørn Østring, som sloss på kvar si side under andre verdskrigen. Blindheim blei høgt dekorert for innsatsen som motstandsmann i aprildagane 1940, Østring var ivrig medlem av Nasjonal Samling (NS), soldat på Austfronten og seinare sjef for Quislings livgarde. No er dei begge over 90 år, dei bur i nærleiken av kvarandre og er personleg forsona. Arvid Bryne teiknar eit dobbeltportrett av dei to, der han mellom anna kallar begge to for «krigsheltar». Krigshistorikar Lars Borgersrud er mellom dei som reagerer sterkt: – Ja, eg reagerer sterkt på denne boka. Eg har stor respekt for Svein Blindheim og krigsinnsatsen hans. Og eg synest bidraga hans i boka vitnar om at han er ein reflektert person, som har endra syn på mykje gjennom tidas utvikling. Forteljinga hans er truverdig, men kontrasten til framstillinga av Bjørn Østring er enorm. Østring meiner nøyaktig det same som han heile tida har meint. Han har ikkje endra oppfatning av noko, og framstår som ein person med lite sjølvinnsikt. Og Arvid Bryne har valt ei form som tilslører dette. Han er ansvarleg for at desse historiene blir likestilte, medan dei i røynda er heilt forskjellige.– Kva synest du om begrepet krigshelt om Østring? – Det er nokså makabert. Det er ein av den norske nazirørslas hovudpersonar det er snakk om. Utsegnene hans om at han ikkje visste noko om kva som skjedde med jødane er overhovud ikkje truverdig. Vi veit mykje i dag om kva dette miljøet visste, kjelder frå NS sitt interne liv i perioden etter krystallnatta viser kor rabiat antijødisk og rasistisk dette miljøet var. Det er ei grenselaus skjønnmaling som kjem til orde.