Mandag 25. juni 2007
Syner skautet
– Vi vil bygge opp kunnskap og rive ned mytar, seier Hill-Aina Steffenach, leiar i Bunadsrådet i Noregs Ungdomslag, som på laurdag arrangerte seminar om hovudplagg.

I helga arrangerte Noregs Ungdomslag Folkekulturfestival i Oslo. Mellom arrangementa var eit dagsseminar på laurdag om bruken av hovudplagg som sosialt og religiøst merke. Kulturforskarar og sosialantropologar snakka om bruk av hovudplagg i Noreg før og no, medan brukarar av både turban og hijab var inviterte for å fortelje om kvifor dei brukte plagga og korleis det er å bruke slike plagg i Noreg.

Føremålet med seminaret, sett bort frå lærdomsbiten, var sjølvsagt å setje den emosjonelle hijab-debatten i perspektiv:

– Vi ville syne at dei damene som bruker hijab ikkje er nokon stakkars undertrykte kvinner, og at hovudplagg kan vere spanande. Eg hugsar sjølv då eg var lita at damene gjekk med silketørkle som dei knytte under haka, seier Hill-Aina Steffenach, leiar i Bunadsrådet i Noregs Ungdomslag

Hijab-debatten bør difor setjast inn i eit historisk perspektiv, meiner Steffenach:

– Det er ikkje mange som kjenner til denne tradisjonen og kor viktig det var å vere ein del av norma. Om du som gift kone for 100 år sidan plutseleg ikkje skulle gå med hovudplagg, blei du sedd på som ein raring.

Samanheng

– Kan bunadsrådet i Noregs Ungdomslag tilføre denne debatten noko nytt?

– Ja, eg trur det. Desse spørsmåla blir nesten aldri sette i samanheng med at vi sjølv hadde ein kultur for hovudplagg for ikkje så lenge sidan historisk sett. Om vi kjenner vår eiga historie, ser vi ikkje på dette som noko skummelt og undertrykkande.

– Du er ikkje redd for at slike seminar kan bidra til å relativisere reelle undertrykkingsmekanismar?

– Det er ikkje tvil om at ein del kulturar har ein lang veg å gå i forhold til å gjere kjønna likeverdige. Men dette har tatt tid i Noreg, vi kan ikkje tru at slikt skal endre seg på fem år, og vi må ikkje vere fordømmande overfor andre.

Epokar

Sukhvinder Singh Jhotti, som er sikh og bruker turban, deltok på seminaret for å fortelje om kvifor han bruker turban:

– Det har ei religiøs årsak, sikhismen påbyr at vi skal bevare håret slik vi har fått det av skaparen, og turbanen medverkar til at vi kan ta godt vare på håret. Turbanen vernar håret mot det ytre miljøet og mot temperatursvingingar. Han fungerer etter termosprinsippet, det som er inni held på temperaturen sin uavhengig av kva som er på utsida, fortel Jhotti til Klassekampen.

Jhotti er fødd i India, men kom til Noreg som 8-åring i 1976, og har nytta turban sidan han fylte 17. Han fortel om store svingingar i nordmenns syn på dei som nyttar turban:

– Det har vore ulike epokar farga av nyhendebilete. Då Iran var styrd av Ayatolla Khomeini var alle som bar turban ayatollaar, og då Disney hadde suksess med teiknefilmen om Aladdin var vi aladdinar, medan folk no assosierer til Taliban og Osama bin Laden. Folk veit ikkje stort meir og relaterer gjerne til den type ting.

Miste jobb

Jhotti har dessutan opplevd å gå glipp av ein jobb han hadde søkt på som It-rådgjevar i eit konsulentfirma, på grunn av turbanen:

– Eg var godt kvalifisert og hadde vore gjennom to intervjurundar, men fekk til slutt beskjed om at turbanen gjorde at dei var redde for å tilsetje meg. Dei meinte at eg, og dimed indirekte firmaet, kunne få problem med truverde om eg skulle gje It-råd til norske bedrifter.

– Korleis reagerte du då?

– Eg tenkjer at det vil alltid finnast eit eller anna som ein kan bli tatt for. I ein klasse kan du bli mobba anten om du går med briller, er svart eller er nordlending. Eg forstår dei. Det er synd, men menneskeleg.

Og Jhotti treffer aldri nordmenn som kan skilje arabiske og indiske turbanar:

– Turbanane er surra forskjellig om ein er sikh eller kjem frå arabarlanda, men folk kan som regel ikkje skilje mellom dei. Men eg skuldar ingen for ikkje å sjå forskjellen, det er nett som utlendingar ikkje kan sjå skilnad på om ein bunad er frå Østerdalen eller Telemark.

Skilnadane mellom tradisjonane er dessutan små, minner Jhotti om:

– I kyrkja vil ein gjerne at folk tar av seg på hovudet for å syne respekt for kyrkjerommet og heilagdomen, medan vi tildekker oss for å syne akkurat den same respekten. Vi gjer det litt forskjellig, men det er uttrykk for akkurat det same.

Artikkelen er oppdatert: 22. november 2007 kl. 19.41
Fredag 18. januar 2019
Mediebransjen vil ha slutt på at folk bruker medie­arkivet Atekst som alternativ til å kjøpe et avisabonnement. Nå er det ikke lenger mulig å lese dagferske nyheter i arkivet.
Torsdag 17. januar 2019
Støtteordningen som skulle lokke Hollywood til Norge, hadde bare norske mottakere i 2018. – Neppe i tråd med intensjonen, sier økonom som utredet ordningen.
Onsdag 16. januar 2019
Forfattere som klarer å markedsføre seg selv, trenger ikke tradisjonelle forlag, mener Arne Berggren. Nå går han inn i styret til selvpubliseringstjenesten Boldbooks.
Tirsdag 15. januar 2019
Forfatterforbundet håper regjeringen vil gi dem tilgang til midler fra bibliotek­vederlaget. Forslaget møter skepsis fra utvalget som i dag fordeler potten på rundt 110 millioner kroner.
Mandag 14. januar 2019
– Jeg har langt større tro på selvpublisering enn på å eie et mellomstort tradisjonelt forlag, sier Arve Juritzen.
Lørdag 12. januar 2019
Dagbladets to siste grafikere ble oppsagt i fjor sommer. Denne uka havnet saken i tingretten. – Et eklatant brudd på norsk lov, sier LO-advokatene.
Fredag 11. januar 2019
Under andre verdenskrig var hjemstedet til forfatter Bjørnstjerne Bjørnson propagandasentral for nazistene. Det bør Aulestad-museet opplyse om, mener litteraturprofessor Marianne Egeland.
Torsdag 10. januar 2019
Nationaltheatret kan få overta Munch­museets lokaler på Tøyen, forutsatt at nær­miljøet blir inkludert. – Føringene tas imot med åpne armer, sier teater­sjef Hanne Tømta.
Onsdag 9. januar 2019
I fjor sommer ble en ansatt ved Teaterhøgskolen i Oslo «frikjent» for påstander om seksuell trakassering. 18. desember ble mannen likevel oppsagt på grunnlag av nye varsler.
Tirsdag 8. januar 2019
Forlaget Capitana boikotter Dagens Næringsliv etter varselet om at avisa vil legge ned kulturanmelderiet.