– Tendensiøs kritikk

– Det er påfallande at eit skrift som så tydeleg utfordrar poesi-institusjonens antirasjonelle tendens, legg så lite vinn på rasjonell klarheit sjølv, seier Trond Haugen om Bendik Wolds oppgjer med samtidspoesien.

Bokredaktør i Klassekampen Bendik Wold går i siste nummer av tidsskriftet Vinduet hardt ut mot hegemoniet i den norske samtidspoesien. I artikkelen «Dikt som religionserstatning», som vi trykker utdrag frå i dagens avis, hevdar han at norsk samtidspoesi er livsfjern og uinteressant.