Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Øydelegg for lokale skolar

Senterpartipolitikaren Per Olaf Lundteigen meiner det er feil å kutta ut dei foreldredrivne grendeskolane i den nye privatskolelova.

Sist veke vart regjeringspartia samde med Kristeleg Folkeparti om eit framlegg til ny privatskolelov. På same tid som det blir sett bom for dei som vil driva private skolar for profitt, hindrar den nye lova også foreldredrivne grendeskolar som byggjer på offentleg læreplan. Kravet for å få offentleg støtte til å driva ein privat grunnskole, vil vera at skolen blir driven på eit særskilt grunnlag. Det kan vera eit religiøst grunnlag, eller ein «anerkjent pedagogisk retning», i tillegg til skolar som er spesielt tilrettelagde for funksjonshemma og skolar i utlandet.