Lørdag 24. mars 2007
STATSTØTTE TIL FORELDREDRIVNE SKOLAR TRUGA
Det er her dei vil vere
I Rukkedalen har heile bygda lagt ned ein enorm innsats for å bevara den vesle raudmåla skolen sin. Men no vil den raudgrøne regjeringa setja ein stoppar for slikt.

Elevane på Rukkedalen friskole har det travelt med akebrett og snøholer i storefri når Klassekampen kjem på besøk. Men Brede (11) tar seg tid til å hjelpa oss når fotografen spør kor mange elevar det er her.

– Det er seks i første, ingen i andre, sju i tredje, åtte i fjerde …

For å vera heilt sikker på at det ikkje går surr i tala, tar Brede turen inn på kontoret til rektor og hentar eit ark, og set opp heile reknestykket for oss. Han får med at det også er tre i femte, fire i sjette og fem i sjuande. Tilsaman 33 elevar på heile skolen.

Pultane forsvann

Men let oss skru tida eit drøyt halvår tilbake: Tre veker før skolestart i fjor kom kommunale bilar og henta det meste av det utstyret skolen trong for å starta eit nytt skoleår. Pultar og andre møblar, høvelbenkar og det meste som var flyttbart, vart lempa på lasteplan og køyrt til Nesbyen.

Kommunestyrefleirtalet av Høgre og Arbeidarpartiet i Nes i Hallingdal vedtok i 2005 at skolen skulle leggjast ned frå hausten 2006. Økonomien var for trong. Elevar og lærarar skulle flyttast til Nesbyen, seks kilometer unna. Men det ville ikkje foreldra i Rukkedalen.

– Vi hadde heller ikkje noko ønske om å driva ein privatskole, vi hadde sjølvsagt håpa at kommunen ville driva skolen vidare som ein offentleg skole. Men når nedleggingsvedtaket var eit faktum, vart vi tvinga til å finna ei løysing. Vi ville ikkje mista skolen, seier Tore Løkken.

Løkken er styreleiar for Rukkedalen friskole. Han kan fortelja at det ikkje er ein enkel sak for foreldra å få godkjenning for å driva skolen som friskole. Mellom anna må ein hanskas med det offentlege byråkratiet.

Tidlegare om sommaren 2006 var det stor spenning i bygda. Utover våren hadde rykta gått. Ville departementet seia ja eller nei til friskolen? Det veksla mellom håp og fortviling for dei mange som hadde engasjert seg.

Utan lærarar

Rektor Lillemor Lerskallen var også rektor i Rukkedalen da skolen var kommunal, ein skole med ei lang historie. På veggene i gangen heng bileta frå tidlegare generasjonar som har gått på skole her, det eldste frå 1895.

– I fjor var eg redd det var siste gongen vi gjekk med fana vår i 17. maitoget i Nesbyen, fortel rektor.

– Vi hadde mista butikkane. Dersom skolen også skulle bli borte, ville foreldreflokken bli opptatt på anna hald, ville det bli stille i bygda, seier rektor.

Tida gjekk, og ein drøy månad før skolestart mangla dei framleis godkjenning. No stod skolen utan lærarar. Utan godkjenning kunne ein ikkje lysa ut lærarstillingane, og dei som hadde jobb i den kommunale skolen, hadde fått tilbod om nye jobbar på den andre skolen i kommunen. Berre rektor og assistenten hadde tatt sjansen på å venta.

Først den 11. juli kom endeleg den skriftlege godkjenninga av friskolen, og med hard innsats lykkast det å få kvalifiserte lærarar.

Før kommunen altså kom og henta alt som var flyttbart.

Men dei lokale kreftene let seg ikkje skremma eller stansa av dette heller. Og dei fekk merka at mange hadde sympati for prosjektet Rukkedalen friskole. Privatpersonar og bedrifter melde ifrå om utstyr dei kunne få gratis, somme gav pengar. Både arkivskapet og safen hadde blitt med lastebilen til Nesbyen, men det dei fekk som gåve frå eit rekneskapskontor, var i grunnen betre. Telenor på Gol skifta logo, og hadde både sofa, lenestolar og anna utstyr med «feil farge» som kom til Rukkedalen.

– Vi fekk alt vi trong, og til og med meir enn vi kunne ta i bruk, fortel rektor.

No lever den vesle raudmåla skolen i Rukkedalen i beste velgåande, med sine 33 elevar, seks lærarar og ein assistent. Folk i bygda, engasjerte foreldre og politiske støttespelarar utanfor bygda gjorde at det ikkje gjekk slik Ap og Høgre ville.

Men i løpet av våren skal Stortinget behandla den nye friskolelova, og går det som den raudgrønne regjeringa vil, kan det på nytt bli sett ein stoppar for å gi statsstøtte til Rukkedalen og andre foreldredrivne friskolar.

Samlar heile bygda

Rukkedalen skolen er midtpunktet i bygda, her møtest ungar og vaksne til juletrefest, og her feirar dei 17. mai. Det vil seia, på dagen er dei med på 17. maiarrangement i Nesbyen, og elevane i Rukkedalen spelar i skolekorpset der. Men om kvelden er det samling til 17. maifest på skolen i Rukkedalen. Og her møtest heile bygda til aksjonskveld når det er TV-aksjon på hausten, med basar og kakelotteri. Ein innsamlingsrekord på 18.000 kroner er inga skam for bygda.

– Kor viktig er det at det er ein skole, kunne de ikkje møttest i eit grendehus?

– Utan skole hadde vi ikkje fått til det same. Vi hadde ikkje fått den kontakten med ungane, seier rektor.

Men er ein skole med 33 elevar eit stort nok skolemiljø, og fagmiljø for lærarane?

Førsteklassingane, seks gutar, er ei gruppe, akkurat i år er det ingen som går andre året. 3. og 4. trinn går i lag, og 5., 6. og 7. trinn går saman, men blir delt i to grupper når det høver slik.

Lærarane i Rukkedalen ser først og fremst fordelane. Her kjenner dei både elevar og foreldre, og alle elevar blir sett.

– Vi slepp ikkje unna mobbing fordi om vi har få elevar, men vi har kanskje eit betre høve enn dei fleste andre til å ta opp sånt med ein gong. Disiplin skal komma innanfrå. Skjønner elevane at dei må oppføra seg, så går det betre, seier rektor.

– Og vi håpar sjølvsagt at ungetalet skal veksa, så derfor driv vi ikkje med prevensjonsundervising, ler ho.

Kva er kunnskap?

– Det finst korkje pedagogiske eller sosialiseringsmessige grunnar som seier at det er positivt å leggja ned dei små skolane, seier Professor Rune Kvalsund ved Høgskolen i Volda.

Kvalsund har forska på kva storleiken på skolane har å seia, både for læring og for sosial utvikling hos elevane. Han har tatt doktorgraden sin på eit arbeid om uformell læring, der han samanliknar fådelte og fulldelte bygdeskolar, og arbeider no i lag med forskarar i andre land som samanliknar erfaringar med nærmiljøskolar i dei nordiske landa og i Wales, Skotland og England.

Han fortel at alle undersøkingane som er gjort, viser at dei små skolane er minst like gode som dei større, og ofte er dei betre.

– Det er grunn til å tenkja over kva ein legg i omgrepet kunnskap. Skole i denne delen av livet ser merkeleg nok ut til å leggja hovudvekta på å kvalifisera elevane til å bli mobil arbeidskraft i ein konkurranseutsett økonomi – hovudsakleg ved å læra abstrakt skolefagkunnskap fråkopla brukssamanhengane i natur, samfunn og kultur, seier professoren.

Han viser til at dei små skolane har potensial for ei kunnskapslæring som er forankra i folk, handlingar og lokale aktivitetar. Dei tar lettare i bruk natur og lokalt næringsliv, i det heile det som går føre seg i lokalmiljøet. Elevane lærer korleis kunnskapen skal brukast, og dermed kvifor ein skal læra. Det er ofte avgjerande for å oppleva innhaldet i skolen som meiningsfullt. På denne måten blir skolen viktig i livet til dei unge, ved at dei kan finna ut av kven dei er i ferd med å bli som menneske. Dette er kvalitetar ein bør tenkja nøye over før ein legg ned skolar.

Kvalsund ser også skolestrukturen i samanheng med eit ønske om å oppretthalda busettinga i heile landet.

– Skal vi halda oppe bruken av heile landet, er det viktig at dei som kjem frå dei små lokalsamfunna, har med seg ei oppfatning av at det var ein god stad å vera, og ein god stad å læra, spesielt når dei søkjer ut. Innhaldet i skolen må vera slik at det er eit visst sannsyn for at elevane også kan venda tilbake med erfaringar og idear til oppvekststaden og regionen dei kom frå, understrekar professoren.

Sosial samhandling

I sine undersøkingar om relasjonane mellom elevane har Kvalsund funne vesentlege skilnader i ungane sin leik på små og store skolar, og noko av det han har merka seg, er at elevane på dei små skolane i langt større grad lærer å samhandla på tvers av både kjønns- og aldersgrenser. Det fører ikkje berre til at jentene er med på «guteleikar», men også at gutane er med på «jenteleikar», og det er slett ikkje berre gutane som bestemmer kva for aktivitetar det skal vera.

– Ein kunne venta at dei mest intime grupperingane kunne finnast der det var små forhold, men til mi overrasking fann eg mest av små alders- og kjønnsdelte grupper på dei store skolane. Alt i alt viser det eg har funne i mine undersøkingar at dei små skolane gir elevane ein breiare kompetanse for sosial samhandling enn dei store skolemiljøa, seier han.

Det at ein skole er liten, er ikkje i seg sjølv ein garanti for kvalitet, men Kvalsund meiner det er rett å seia at desse skolane har eit potensial som er langt lettare å omsetja i god læring og gode løringsmiljø, samanlikna med situasjonen i dei større skolane.

Han bruker gjerne samanlikninga mellom supertankaren og sjarken når han skal snakka om store og små skolar.

– Supertankaren har stor lastekapasitet, spesielt innhald, og farkosten kan vera tung å snu. Ein stor skole må ha eit system for planlegging som gjer at det ikkje er lett å kasta om på planane. Sjarken er lettare å manøvrera, og den vesle skolen kan endra sine time- og vekeplanar om det skjer noko spesielt, anten det handlar om å nytta vêret til noko som skal gå føre seg utandørs, eller det er spesielle hendingar som gir grunn til å gjera endringar.

– Det er oftast økonomiske argument som blir brukt for å leggja ned dei små skolane?

– Ein kan sikkert rekna ut at det kostar pengar å oppretthalda dei små skolane. Men det er mange måtar å rekna på, til dømes kjem ikkje transportkostnadene ved sentralisering på skolen sitt budsjett, dei er det fylkeskommunen som tar. Og det er verdiar i dei små skolane og måten dei kan arbeida på, som ein ikkje får fram med vanlege reknestykke. Det er som om vi ikkje heilt vil ta innover oss skilnaden mellom prisar og verdiar og samanhengen i skolespørsmål, seier Kvalsund.

Ueinig med regjeringa

I løpet av dei siste tjue åra har om lag 800 nærmiljøskolar i Noreg blitt lagde ned.

Styreleiar Løkken meiner det er viktig å ha ei opning i lova for at det skal vera mogleg å få godkjenning til foreldredrivne skolar der det er stor motstand mot å leggja ned den offentlege skolen.

– Det kan også vera eit ris bak spegelen for dei kommunane som tenkjer på å leggja ned levedyktige grendeskolar, seier han.

Og her får han full støtte frå stortingsrepresentant Per Olaf Lundteigen (Sp), som også var ein viktig støttespelar for rukkedølane fram til godkjenninga av friskolen var i orden.

– Rukkedalen er eit glimrande eksempel på kva skolen har å seia for lokalsamfunnet, for identitet, samhald og dugnadsånd, det alle statsrådar snakkar om som det beste med lokalsamfunn og lokalt sjølvstyre, seier Lundteigen.

Han er ikkje glad for lovendringsframlegget frå den raudgrønne regjeringa, men heller ikkje overraska over det. I lovframlegget blir det stilt krav om at privatdrivne grunnskolar anten må ha eit religiøst grunnlag eller representera eit pedagogisk alternativ dersom dei skal få statsstøtte.

– Den raudgrønne regjeringa kan ikkje gi nokon garanti mot nedlegging av lokale grunnskolar?

– Nei, dette er ei sak for det kommunale sjølvstyret, og mange sentralistar vil sentralisera. Vi har greidd å få ei kraftig forbetring i kommuneøkonomien, men det er kommunestyra som rår over skolestrukturen. Retten til å få statsstøtte til å starta friskole i slike tilfelle er ein sikkerheitsventil, eit godt vern mot sentralisering. Økonomien i sentraliseringa blir vesentleg mindre dersom foreldra kan starta friskole, seier Sp-politikaren, og understrekar at han er heilt ueinig i denne lovendringa.

– Når denne saka kjem til partigruppa i Stortinget, vil eg stå på det eg ha stått på til no, seier Lundteigen.

Dermed er han altså på dette punktet på kollisjonskurs med den raudgrønne regjeringa. Alt i Soria Moria-erklæringa varsla den sitjande regjeringa at dei ønskte å stramma inn på retten til å få statsstøtte til å starta friskolar.

Den tidlegare privatskolelova hadde stilt som vilkår for statsstøtte til private grunnskolar at dei anten skulle representera eit pedagogisk alternativ eller eit anna religiøst grunnsyn. Men den førre regjeringa innførte ei endring som altså gav rom for godkjenning av foreldredrivne skolar som følgde offentleg læreplan. 1. april 2006 var 16 av dei 163 frittståande grunnskolane som da var i drift, godkjende på dette grunnlaget. 62 var religiøse skolar, 64 fagleg-pedagogiske alternativ, fem internasjonale skolar og 16 norske skolar i utlandet.

Ja til religiøse grendeskolar

Men no vil altså regjeringa hindra at det blir for mange private skolar. I samband med lovframlegget blir det understreka at kommunar og fylkeskommunar har ansvar for den offentlege skolestrukturen, her skal ikkje departementet gi pålegg om korleis det skal vera. Ein er redd for at dersom privatskolelova opnar for godkjenning av grendeskolar som eit eige grunnlag, vil det kunna «gi kommunen et insitament til å legge ned den kommunale grendeskolen».

Statssekretær Lisbeth Rugtvedt (SV) i Kunnskapsdepartementet vedgår at skolenedleggingar er vanskelege, men her skal dei lokale styremaktene avgjera, dei har det politiske ansvaret. For departementet er det viktig å ha klare kriterium for godkjenning knytt til føremålet med skolen.

– Men kva seier du til dei som ser på retten til å starta foreldredrivne grendeskolar som eit vern mot sentralisering?

– Det er inga god løysing å gjera kommunale skolar om til private skolar. Å vera ueinig i ei lokal nedlegging er i ikkje i seg sjøv eit godt kriterium for å oppretta ein friskole. Men å starta ein Montesorriskole kan vera ein veg å gå, utan at eg vil tilrå det, seier statssekretæren.

Ine Marie Eriksen Søreide (H) er leiar for Kyrkje- utdannings- og forskingskomiteen i Stortinget. Ho er ueinig med dei raudgrønne, men trur ikkje ho får fleirtal i Stortinget for å halda på retten til statsstøtte til foreldredrivne grendeskolar.

– Ein veit at skole i nærmiljø i er viktig, og mange små bygdesamfunn er sårbare for utflytting. Det blir svært kunstig å måtta gå omvegen om eit religiøst eller pedagogisk alternativ for å få godkjent ein grendeskole, dersom det ikkje er det ein ønskjer. Dette kan bety mykje for mange små lokalsamfunn, seier Eriksen Søreide.

Ho peiker på at eitt hovudpunkt med den lova som gjeld no, er at ein ønskte å flytta vekta frå føremål til kvalitetsvurdering.

– Det er ikkje alltid at eit religiøst eller eit pedagogisk alternativ er ein garanti for kvalitet. Det blir merkeleg om det ikkje skal vera lov å starta ein grendeskole som følgjer offentleg læreplan, men ein kristen grendeskole, eller ein montesorrigrendeskole. Mitt syn er at kunnskap er viktigare enn eigarskap, seier Høgre-representanten, som håpar på at Senterpartiet sine representantar skal støtta kritikken av den foreslåtte lovendringa.

Komiteleiaren er også kritisk til at det blir foreslått ei nedre grense på 20 elevar i lovframlegget.

– For meg verkar det som om ein har brukt metoden «tenk på eit tal». Eg kan ikkje sjå at det er grunn til å ha ei slik grense i lova, det kan vurderast i godkjenningsprosessen, seier ho.

På rektorkontoret på Rukkedalen skole sit Lillemor Lerskallen og er ikkje i tvil om kva ho vil.

– Det er ikkje dei seks kilometrane ned til skolen på Nesbyen som er avgjerande, og vi meiner ikkje at skolen der er nokon dårleg skole. Det er berre det at vi vil vera her.

Artikkelen er oppdatert: 22. november 2007 kl. 19.39
Lørdag 17. november 2018
ANBUD: NSB var best på organisasjon og ledelse, mens SJ var best på kundetilfredsstillelse. Go-Ahead var kun best på pris i anbudskonkurransen om å få drifte Sørlandsbanen.
Fredag 16. november 2018
HEMMELIG: Etterretningstjenesten skal betale kilder svart – og kunne bryte norsk lov uten straff. Det er regjeringens forslag til ny etterretningslov.
Torsdag 15. november 2018
SATSER: Equinor bruker rekordmye penger på lobbyisme i Brussel. Målet er å sikre etterspørselen etter gass i lang tid framover.
Onsdag 14. november 2018
VIND I SEGLA: Produksjonen av kraft frå vindturbinar vert meir enn firedobla innan 2020. Nasjonal ramme for vindkraft skal opne for endå meir, men ikkje på Smøla.
Tirsdag 13. november 2018
VISJON: Torgeir Knag Fylkesnes vil styrke SVs nærings- og distriktsprofil. – Mitt største ønske for SV er at vi skal bli mer ambisiøse og mindre flinke, sier han.
Mandag 12. november 2018
IKKE RØR! Stjørdal kommune har for mange barnehager, men på tross av støtte fra et enstemmig bystyre får de ikke lov å kutte antall plasser hos private. Nå drøfter Stortinget lovendring.
Lørdag 10. november 2018
DYRT: Zerokonferansen omtaler seg selv som Norges viktigste møteplass for alle som er opptatt av klima. Men hvis vanlige folk skal med, må prisen ned, sier Natur og Ungdom.
Fredag 9. november 2018
FALL: Gapet mellom nivået på den statlige bostøtten og boutgifter i storbyene har økt dramatisk, viser ny rapport. Byene får en ekstraregning på flere hundre millioner.
Torsdag 8. november 2018
FRAFALL: Ungdom som faller ut av videregående fanges opp for seint, sier Jan Bøhler.
Torsdag 8. november 2018
KLAR MELDING: Leder for FNs klimapanel Hoesung Lee vil nødig fremstå alarmistisk. Men forskningen er entydig: Vi har dårlig tid, sier han.