Tirsdag 3. mai 2005
Ei varsla hending
Ei historie på mange plan i skjeringspunktet mellom teater og performance, diverre skjemma av uvanleg dårleg omsetting frå engelsk. Ei historie på mange plan i skjeringspunktet mellom teater og performance, diverre skjemma av uvanleg dårleg omsetting frå engelsk.

Teaterhuset Avant GardenVerk produksjonerHouseAv Robert MaxwellFramført av Fredrik Hannestad, Saila Hyttinen, Anders Mossling og Jonas Bræin SelvigDen nordiske teatergruppa Verk Produksjoner held fram med å presentere spennande amerikansk samtidsdramatikk. Førre gongen eg såg dei, var det med «Andevariasjonene» av David Mamet. Nå har gruppa sett opp «House» av Richard Maxwell, og det er første gong hans dramatikk blir presentert på ei nordisk scene. Det er blitt ei ganske annleis framsyning, men eg er usikker på om ho yter Maxwell full rettferd.I ein liten by kor som helst i statane, og i ein anonym familie som kunne ha vore kven som helst, blir det etter kvart rulla opp noko som nærmar seg både krim og action, men som slett ikkje er det. Denne familien, der kommunikasjon er eit framandord, og der alt blir iscenesett på eit merkeleg metavis, gøymer på ein gruvsam løyndom. Når ein framand dukkar opp, får vi litt om senn innblikk i kva som har skjedd og at ein hemn er i ferd med å finne stad. Men alt blir berre halvvegs kommunisert, det meste flyt, og i denne mangelen på det konkrete driv Maxwell likevel handlinga framover. Replikkane er ufullstendige, repeterande, og innimellom nesten surrealistiske. Det pirrar oss, og set publikum på alerten. Avslutninga blir ei merkeleg blanding av amerikansk valdslogikk og stockholmssyndrom. Meir vil eg ikkje røpe om den saka.Denne oppsettinga er teater på mange nivå. Det som skjer på scena er, trass i det ufullstendige, likevel ganske konkret. Men i alt som er usagt eller som berre blir indikert, får vi presentert ei heilt anna historie om framandgjering i forhold til samfunnet på alle nivå, frå familiens mikrokosmos til storsamfunnet og dets institusjonar. Og i den sceniske presentasjonen får vi eit inntrykk av at alt er sett i scene og regissert, men at det likevel ikkje fungerar. Faren instruerer sonen og spel og replikkar er tilgjorte til det nesten amatørmessige. Hadde eg ikkje sett Verk tidlegare og visst at dei eigentleg er dyktige skodespelarar, ville eg ikkje ha skjønt at dette var planlagt. Og nettopp her er det framsyninga får store problem fordi ho krev ei forståing av publikum som du ikkje kan vente at publikum har. I tillegg er det skjemmande at omsettinga frå engelsk er uvanleg dårleg. Den scenografiske løysinga derimot er både god og særs illustrerande. Pappesker og papirkulisser symboliserer effektivt det sårbare og skjøre ved denne familiesettinga, der rapporten om ei varsla hending eigentleg er viktigare enn sjølve hendinga.@sitat:«Replikkane er ufullstendige, repeterande, og innimellom nesten surrealistiske»@

Artikkelen er oppdatert: 22. november 2007 kl. 19.24
Onsdag 24. oktober 2018
PÅ VENT: Ein mann i Rogaland sit varetektsfengsla på niande månad. Han lir på grunn av at kapasiteten er sprengt i retten, seier sorenskrivar i Jæren tingrett.
Tirsdag 23. oktober 2018
STERK I TROEN: Knut Arild Hareide hadde regnet med mellom tre og seks mandater fra Rogaland, men fikk ett. Nå står det om de usikre fylkene, som Oslo og Hordaland.
Mandag 22. oktober 2018
SKUFFET: Lokallagsleder Inge Takle Mæstad frykter en dypere splittelse i partiet etter det knusende Hareide-neder­laget i Rogaland. Han beskylder nestleder Olaug Bollestad for å opptre illojalt.
Lørdag 20. oktober 2018
FORTVILELSE: Kjell Ingolf Ropstad «dolket sin egen partileder i ryggen» med abort­utspill i VG, mener sentrale KrF-kilder.
Fredag 19. oktober 2018
MOT: Togtrafikken i nord og vest skal på anbud. Men om Sp og Ap får viljen sin kan det bli full stans i prosessen.
Torsdag 18. oktober 2018
ADVARER: Trusselen om et «uskikkelig» Frp i opposisjon kan ikke bety at Frp skal sitte i regjering til evig tid, sier Knut Arild Hareide. Samtidig advarer han Erna Solberg mot å legge seg opp i KrFs veivalg.
Onsdag 17. oktober 2018
VINN-VINN: Uansett hva KrF velger, vil Frp vinne på det, mener flere i Frp. – Vi er relativt gode på å være i opposisjon, sier Per-Willy Amundsen.
Tirsdag 16. oktober 2018
UT: 260 par har blitt nektet opphold i Norge siden 2017 på grunn av regler mot tvangsekteskap. Også frivillige ekteskap rammes, innrømmer Utlendingsnemnda.
Mandag 15. oktober 2018
OPP: Fra 2016 til 2017 gikk lederlønna i 40 statseide selskaper opp med 6,5 prosent i snitt. Nå tjener lederne i snitt 2,7 millioner kroner i året.
Lørdag 13. oktober 2018
MENNESKEFISKAR: Leiarar for misjonsorganisasjonane Normisjon og Troens Bevis trur KrF vil få mest gjennomslag i eit samarbeid med Ap og Sp.