Eit stille jubileum

Om Christian Sinding ikkje hadde meldt seg inn i Nasjonal Samling åtte veker før han døydde, hadde vi i år markert det store Sinding-jubileet, trur Per Vollestad. Han er aktuell med biografi om komponisten.

Christian Sinding var i si samtid rekna for å vere på høgde med Edvard Grieg og større enn Jean Sibelius, og han var komponist av verdas mest spelte klaverstykke. Men ein skal følgje uvanleg godt med i timen for å vere klår over at det i år er 150 år sidan Christian Sinding vart fødd.