Mandag 30. januar 2006
For nynorsken i 100 år
Til helga blir det stor nynorskfest i hovudstaden. Det lovar daglege leiar i Noregs Mållag, Gro Morken Endresen.

Ein mørk nattetime inn i 5. januar 1906 greidde nynorskfolket å samla seg til ein organisasjon.

Då hadde mange lokale mållag vore aktive lenge, det var nær 60 år sidan Ivar Aasen publiserte «Det norske Folkesprogs Grammatik» og drygt 20 år etter at Stortinget vedtok å jamstilla nynorsk og bokmål.

Natt til sundag komande helg kan med andre ord Noregs Mållag feira 100 år. Det skjer naturleg nok på ein av dei institusjonane som Mållaget har vore med på å bygga opp – Det Norske Teateret i Oslo. Men alt før ein kjem så langt, vil feiringa vera i gang.

Frimerke og bok

– På onsdag legg Det norske Samlaget fram jubileumsboka, «Vilje til språk», ført i pennen av Ottar Grepstad, direktør ved Nynorsk kultursentrum i Ørsta. Til fredag kjem også ei vandreutstilling til Oslo, same dag som jubileumsfrimerket blir lansert, fortel Gro Morken Endresen.

På kvelden blir det stor fest, der ein av dei unge berarane av den nynorske kulturarven, forfattaren Olaug Nilssen, skal halda festtalen. Nilssen er også festspeldiktar under Dei nynorske festspela i Volda/Ørsta i juni. Eit arrangement der Noregs Mållag er tungt involvert i år.

– Mållaget vil altså signalisera at dei ser framover i jubileumsåret?

– Ja, i dag lanserer vi også ei skrivetevling, der ungdomsskule- og vidaregåandeelevar landet rundt blir inviterte til å skriva ein stil om «Språket mitt». Kåring av vinnarane vil skje under landsmøtet til Mållaget i Oslo i april i år.

– Det blir fleire større, sentrale markeringar, men rundt om i landet vil nok dei fleste oppleva jubileumsåret som ei rad varierte lokale- og regionale arrangement, seier Morken Endresen.

Språkleg offensiv

– Fest, frimerke og utstilling er slikt som høyrer til eit jubileum, men blir det nokre nye språkpolitiske satsingar i jubileumsåret?

– I dag offentleggjer vi jubileumsslagordet «Mange røyster – felles mål». Det er uttrykk for at Noregs Mållag er ein samnemnar for svært mange folk og aktivitetar. Vi vil i løpet av året dreia jubileet frå å vera ei feiring av organisasjonen til å bli ei feiring av nynorsken, fortel Morken Endresen, og presiserer:

– I dei hundre åra som har gått, har Noregs Mållag oftast kjempa for retten til å vera til som nynorskbrukar, i dag er det kulturelle og politiske klimaet annleis. Folk oppfattar tospråkssituasjonen i Noreg som det normale. Då gjeld det for Noregs Mållag å kjempa aktivt for ein praktisk språkpolitikk som samsvarar med ei ivaretaking og vidareutvikling av tospråkssituasjonen.

Noreg ei sinke

Gro Morken Endresen hevdar at Noreg ikkje lenger er det språkpolitiske føregangslandet det var på 1960- og 70-talet.

– På 1990-talet fekk mange europeiske land seg ein vekkjar. Dei oppdaga at det nasjonale språket var truga, ikkje minst frå engelsk, og fleire land har tatt tiltak for å tryggja språka sine i utdanningssektoren, på universiteta og i etermedia til dømes. Her er Noreg no vorten ei sinke i språkklassen.

Noregs Mållag vonar regjeringa vil følgja opp rapporten «Norsk i hundre!» som Norsk språkråd la fram i vinter, og at dei vil fremja ei stortingsmelding på grunnlag av denne rapporten og si eiga kunngjering i Soria Moria-erklæringa, der dei lovar å laga ei maktugreiing om språk.

– For Noregs Mållag sin del, vil det bli ei utfordring å ta tak i det som ikkje har med offentleg forvalting å gjera, slik som språksituasjonen i næringslivet og i folk si privatsfære. Det kan vera snakk om alt frå å hjelpa til med at den lokale Rimi-butikken kan tilby reklame på nynorsk til å syta for at mobiltelefonar får ei god nynorskordliste. Her har vi til no vore alt for bakpå, slår ein offensiv Gro Morken Endresen fast.

Artikkelen er oppdatert: 22. november 2007 kl. 19.34
Lørdag 25. januar 2020
Venstres Abid Raja tar over som kulturminister etter partileder Trine Skei Grande. Kulturlivets aktører står klar med en lang kravliste.
Fredag 24. januar 2020
Medietilsynet er skeptisk til å gi vide fullmakter til et nytt mediestøtteråd. – Det kan være utfordrende å samle såpass mye makt på ett sted, sier direktør Mari Velsand.
Torsdag 23. januar 2020
Aschehoug får kritikk for å la debutanter seile sin egen sjø. – Vi har en sunn rekrutteringspraksis, svarer forlagssjef Nora Campbell.
Onsdag 22. januar 2020
Uønskede kommentarer om kropp og sex er like utbredt i mediebransjen som for to år siden, viser ny undersøkelse. – Vi må forstå alvoret, sier journalist Ragnhild Ås Harbo.
Tirsdag 21. januar 2020
Ved å utelate Utøya-naboene tidlig i prosessen kan man ha rotet bort sjansen til å få en konstruktiv dialog om minnested etter 22. juli, mener forsker.
Mandag 20. januar 2020
I Hamar har det vært arbeidet i 26 år for å få på plass et museum som hedrer den folkekjære poeten Rolf Jacobsen. Fortsatt er planene helt i det blå.
Lørdag 18. januar 2020
Skattedirektør Hans Christian Holte er skeptisk til at flere land inn­fører nasjonal digitalskatt. – Det kan svekke krafta i den internasjonale prosessen, sier han.
Fredag 17. januar 2020
Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen gir Konkurransetilsynet ny marsj­ordre: Kampen mot internasjonale IT-giganters markedsdominans skal trappes opp.
Torsdag 16. januar 2020
Tre av Vigmostad & Bjørkes nye titler ble ikke sendt rett til bibliotekene. Om tendensen brer seg, kan leserne måtte vente lenger på at bøker når bibliotekhyllene.
Onsdag 15. januar 2020
Regjeringen kan ikke bare lene seg på internasjonale avtaler om beskatning av IT-gigantene, mener SV og Arbeiderpartiet.