Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Kunst som vanleg

– Krigen mot terror er Bushs prosjekt. Den amerikanske kunstverda held fram som før og greier ikkje å hanskast med politikken frå Det kvite hus, hevdar kunstfilosofen Arthur C. Danto.

Arthur C. Danto har interessert seg for kunst både som utøvande kunstnar og som filosof. Etter han vart pensjonert frå si filosofiprofessorstilling ved Columbia-universitetet, har han tatt spranget over i kunstkritikken – i den radikale avisa The Nation. I haust debuterte han også som kurator, då han sette saman utstillinga «The Art of 9/11» ved eit lite galleri i New York. Ei utstilling som har vorte lagt merke til også i Europa.