STRAUMPRISEN: Senterpartiet står fast på at Stortinget må regulera krafteksporten frå Noreg.
Senterpartiet vil ha regulering av kraftmarknaden for å unngå ekstreme prisutslag som dei kundane i Noreg opplever denne vinteren. Partiet vil ha slutt på at det blir seld store kraftmengder ut av landet på sommaren og hausten, fordi dette bidreg til energimangel og priseksplosjon på vintertid. I eit intervju med Klassekampen 3. desember, avviste konserndirektør Jørgen Kildahl i Statkraft Sp sitt framlegg om å setja grenser for eksporten ved å heva kravet til minimum fyllingsgrad i magasina på hausten.