ASYLADVOKATAR: Medlemmer av Advokatforeningen varslar boikott av nye oppdrag frå Utlendingsdirektoratet.
Eit svært godt besøkt allmøte for dei medlemmene av Advokatforeningen som er knytta til Utlendingsdirektoratet (UDI) si advokatvaktteneste for asylsøkjarar vedtok onsdag å gå til boikottaksjon i protest mot at advokattilbodet til asylsøkjarar er redusert frå fem til tre timar. Advokat Arild Humlen, leiar for lovutvalet for asyl- og utlendingsrett i Advokatforeningen, har dermed fått full oppslutnad om oppmodinga om å protestera mot kuttet i juridisk hjelp til asylsøkjarar.