Mandag 17. februar 2003
– Dette er berre starten
Over 125.000 demonstrerte over heile Noreg på laurdag. ? Men denne striden har knapt byrja, seier Petter Nome og Ingrid Fiskaa.

Det er dagen derpå. Men dei enorme globale protestane mot krig sit framleis att i magen, hjarta og hovudet. Over heile verda marsjerte, protesterte og appellerte folk til verdas leiarar om å ikkje kriga i vårt namn.

Klassekampen sitt oversyn viser at heile 125.000 nordbuarar tok turen ut i kalde vintergater for å demonstrera på laurdag. I Oslo fann følgje politiet heile 60 000 folk fram til Youngstorget, andre som har telt demonstrasjonen meiner talet ligg noko lågare. Også andre norske byar tangerte gamle rekordar. I Trondheim er det rapportert omtrent 15.000, i Bergen kanskje det same. Det gjer laurdag 15. februar 2003 til noregshistorias største demonstrasjonsdag. Var det nokon som snakka om end of history?

? Eg hadde vona at det ville koma like mange som demonstrerte etter drapet på Benjamin Hermansen. Og så kom det endå fleire. Dette var heilt enormt! seier Peter Nome til oss dagen etter dagen.

Han er journalisten og NRK-kjendisen som for litt over ein månad sidan starta eit internettopprop mot Bush, og endte opp med å bli sparka frå programmet Sommeråpent. På nokre veker har han blitt eit slags ikon, ein talsmann, for fredsrørsla i Noreg. Laurdag var han konferansier på Youngstorget.

? Kvifor kom det så mange?

? Fordi folk i Noreg har forstått det regjeringa vår har så vondt for å forstå. At ein mogleg krig mot Irak ikkje vil vera ein frigjeringskrig, men ein krig for amerikanske maktinteresser.

Bernander hjalp til

Nomes hovudpoeng mot ein eventuell krig mot Irak er at Saddam Hussein ikkje utgjer ein akutt trussel mot omverda. Det er ei amerikansk propagandaløgn, ifølgje Nome. Han understrekar at han berre uttalar seg som privatperson, men at han reknar det som sjølvsagt at den massive krigsmotsanden no òg vil gå over til sivile ulydnadsaksjonar, aksjonar for å hindra at norsk personell og krigsmateriell blir brukt mot Irak.

? Og det er klårt eg vil delta i slike aksjonar sjølv, seier Nome, som ikkje angrar på engasjementet, sjølv om det kosta han jobben i Sommeråpent og kanskje òg frukost-tv.

? Vil du takka Bernander for all merksemda du har fått?

? Det er klårt at før Bernander sparka meg hadde eg ikkje gjort anna enn å laga ein skarve underskriftsaksjon. La oss seia det slik at Bernander sin opptreden føyer seg godt inn i mange påfunn som har styrka krigsmotstanden i Noreg den siste tida.

Kva no?

Frå heile Noreg har det strøyma på med meldingar om dei største demonstrasjonane i manns minne. «Den utan samanlikning største politiske demonstrasjonen som har vore i Stavanger i mi levetid (og eg er 53 år no)» skriv Leif Olsen, RV-ar i Stavanger, i ein epost. Liknande elektroniske meldingar har kome frå stader som Tromsø, Vågan, Molde og Kragerø.

Men når den gode kjensla av å bety noko, av å spele ei rolle, å kunna endra verdas gang, har lagt seg, står spørsmålet att: Kva no? Vil dei høyra no, politikarane? Blir det kanskje ikkje krig mot Irak? USA, Bush og Blair er framleis fast innstilte på krig. Kva om Frankrike, Tyskland og Russland ikkje legg ned veto i Tryggingsrådet?

Ingrid Fiskaa, leiar i Sosialistisk Ungdom og styremedlem i Fredsinitiativet Ingen krig mot Irak, peiker på at den breie fredsalliansen har som grunnlag at ein er mot krig, sjølv med eit FN-mandat.

? Denne rørsla vil halda fram kampen uansett. Det er alle dei 160 tilslutta organisasjonane samde om. Ein krig vil ha nett dei same øydeleggjande konsekvensane med eller utan FN-mandat. Og eit eventuelt mandat vil innebera eit dramatisk brot på folkeretten. Om ikkje FN sjølv kan ta ansvaret for folkeretten er det endå viktigare at vi har ei sterk fredsrørsle som gjer det, seier Fiskaa.

? Mange krev no at inspeksjonane skal halda fram, kva om dei finn ulovlege våpen?

? Ja, då er vår haldning om at desse våpna må øydeleggjast. Men ein kan ikkje rettferdiggjera at ein skal gå til krig for dette.

Ikkje mandat frå folket

Fiskaa meiner fokuset framover må dreia seg mot ei eventuell norsk krigsdeltaking. Den massive oppslutninga mot krig på laurdag betyr at det ikkje finst mandat for Noreg å delta i krigen, seier SU-leiaren.

? Om regjeringa opnar for norsk krigsdeltaking vil det vera fullstendig i strid med folkemeininga.

? Kan det bli tale om ein ny internasjonal demonstrasjonsdag, som denne?

? Ja, det skal vera eit koordineringsmøte i London 1. mars. Norske representantar vil vera med på dette møtet, seier Ingrid Fiskaa.

Artikkelen er oppdatert: 22. november 2007 kl. 19.31
Mandag 10. desember 2018
BARNEFRI: Fødselsraten i 2017 var den laveste som er målt. I 2018 ligger vi an til sette ny bunnrekord.
Lørdag 8. desember 2018
PRESSEFRIHET: Norge vil avgi en flere punkts stemmeforklaring til FNs migrasjonsavtale mandag. Ett av punktene skal tydeliggjøre pressens uavhengighet.
Fredag 7. desember 2018
VERPESJUKE: Regjeringen har satt ned en egen arbeids­gruppe for å få norske kvinner til å føde flere barn. MDG mener befolkningsvekst bør komme gjennom innvandring.
Torsdag 6. desember 2018
PROFIL: Unge Venstre-leiar ­Sondre Hansmark seier Abid Raja er blant dei einaste som profilerer Venstre sin eigen politikk.
Onsdag 5. desember 2018
UHOLDBART: Elin Ørjasæter slakter Trine Skei Grandes lederstil etter at partilederen anklaget partifelle for å være illojal.
Tirsdag 4. desember 2018
RAUDE BYAR: Norske storbyar ligg an til å halde på sine Ap-ordførarar etter kommunevalet i 2019. I Bergen og Tromsø slit høgresida med alternativet.
Mandag 3. desember 2018
SENTRUMSSTENGT: Ny måling viser rødgrønt flertall i Bergen. Nå ber SVs Oddny Miljeteig Ap om å «lese skriften på veggen» og velge SV foran sentrum.
Lørdag 1. desember 2018
UT: Dei er avhengige av selja mangan til stålprodusentar i heile EU, men slår likevel ikkje nokon stålring om EØS-avtalen. Eramet Norway er open for å greia ut eit alternativ til EØS.
Fredag 30. november 2018
POPULÆRT: Lofoten, Nordkapp, vestlandsfjordene og andre populære turistmål høster erfaring fra Svalbards miljøavgift og vurderer å innføre turistskatt.
Torsdag 29. november 2018
INNVANDRING: Torbjørn Røe Isaksen (H) tek opp konkurransen i asyl- og flyktningpolitikken mot Sylvi Listhaug (Frp) og Masud Gharahkhani (Ap).