Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Ein nasjonal strateg?

FRP-LANDSMØTET: Frp vil privatisera lokalt. Men i nasjonale symbolsaker inngår partiet stadig fleire kompromiss.– Dette kan skapa problem for lokale Frp-arar, seier avhoppa fylkeleiar i Akershus Frp.

Frp er kjend som privatiseringsparti nummer ein i Noreg. Gjennomgangsmelodien i partiet har vore at det offentlege bør eiga minst mogleg og overlata mesteparten til privat sektor. I helga vedtok landsmøtet eit lokalpolitisk program som i alle viktige saker vidarefører denne tradisjonen: «Eldreomsorg, skule og andre kommunale tenester skal ut på anbod og helst privatiserast,» lyder valkampvisa også til haustens lokalval.