Unni Wikan er aktuell med bok om venene sine i Kairos bakgater. Men eigentleg handlar boka om oss.
«Medmennesker» er tittelen på boka, og fleirtalsforma mennesker er viktig her. Det handlar ikkje om islam, fundamentalisme eller det arabiske Mennesket, med stor M. Men om einskildindivid, om over 100 menneske som professor i sosialantropologi Unni Wikan har følgd meir eller mindre samanhengande gjennom 35 år i fattigstroka i Kairos bakgater. Og ved å fortelje om dei, om deira liv, deira problem og deira gleder, fortel ho samstundes noko om oss. Om våre førestellingar, våre bilete og våre stereotypar.