Tirsdag 26. oktober 2004
Samlar kreftene
Same grad av rettsleg vern for alle diskriminerte grupper, anten diskrimineringa skuldast kjønn, hudfarge, funksjonshemmingar eller noko anna. Det er det sentrale kravet for den nystifta Menneskerettsalliansen.Same grad av rettsleg vern for alle diskriminerte grupper, anten diskrimineringa skuldast kjønn, hudfarge, funksjonshemmingar eller noko anna. Det er det sentrale kravet for den nystifta Menneskerettsalliansen.

I går vart Menneskerettsalliansen stifta i Oslo, med Stopp diskrimineringen, Antirasistisk senter, Landsforeningen for lesbisk og homofil frigjering og Landsforeningen for transseksuelle som initiativtakarar. Meininga er å sameina arbeid mot alle former for diskriminering, uansett kven diskrimineringa går utover.Dag Øistein Endsjø, nyvald leiar i Menneskerettsalliansen, understrekar at internasjonale menneskerettar ligg til grunn for det arbeidet alliansen vil driva.? Til no har styremaktene kunna driva splitt- og hersk-politikk fordi ulike diskriminerte grupper har vore i ulike organisasjonar utan noko felles talerøyr. Dette vil vi gjera noko med, seier Endsjø.Til no er åtte organisasjonar tilslutta Menneskerettsalliansen.Tilfeldig lovvern? Breidda er viktigare enn kor mange det er, og breidda er vi godt nøgde med. Så langt har vi både Romanifolkets Landsforening, Kvinnefronten, Norges Handikapforbund og ULOBA som medlemmer i tillegg til initiativtakarane, seier Berit Vegheim, styremedlem i Menneskerettsalliansen og leiar for stiftinga Stopp diskrimineringen. Lista over andre organisasjonar som er inviterte til å slutta seg til, er lang.Vegheim er oppteken av at vernet mot diskriminering er svært tilfeldig i norsk lovverk.? Til no har lovvernet mot diskriminering vore altfor avhengig av kva for saker stortingsrepresentantane til kvar tid har forstått og kva for saker dei meir eller mindre tilfeldig har engasjert seg i. Det held ikkje frå eit menneskerettssynspunkt. Alle må ha same vern mot diskriminering, seier Vegheim til Klassekampen.Lov og ombodI løpet av hausten er det venta at Stortinget skal vedta ei ny lov mot etnisk diskriminering, og eit nytt ombod mot etnisk diskriminering og kjønnsdiskriminering er under planlegging.? Dette viser den ulike behandlinga av etnisk diskriminering og kjønnsdiskriminering i forhold til andre grupper som er utsette for diskriminering. Lovvernet er varierande, alle lover utelet nokon diskriminerte grupper, seier Vegheim.? Kva er Menneskerettsalliansen sitt syn på den nye ombodsordninga?? Menneskerettsalliansen tar ikkje stilling til kva type ombod som vil vera den beste ordninga. Vårt krav er at alle skal ha same grad av vern. Ingen skal måtta gå til domstolane for å få vern mot diskriminering når andre kan gå til eit ombod, understrekar Vegheim.Den nye alliansen startar sitt arbeid utan ei krone på konto, og medlemskap skal heller ikkje kosta noko for dei organisasjonane som sluttar seg til. Alliansen baserer seg på å søkja offentleg støtte til det arbeidet som skal drivast.I første omgang vil Menneskerettsalliansen leggja mykje vekt på lobbyarbeid overfor Stortinget, og dei ulike politiske partia kan bu seg på at deira program framfor stortingsvalet vil bli lesne med lupe. Alle interesserte kan følgja med på www.menneskerettsalliansen.no.@sitat:«Til no har styremaktene kunna driva splitt- og hersk-politikk fordi ulike diskriminerte grupper har vore utan noko felles talerøyr»Dag Øystein Endsjø, leiar for Menneskerettsalliansen@

I går vart Menneskerettsalliansen stifta i Oslo, med Stopp diskrimineringen, Antirasistisk senter, Landsforeningen for lesbisk og homofil frigjering og Landsforeningen for transseksuelle som initiativtakarar. Meininga er å sameina arbeid mot alle former for diskriminering, uansett kven diskrimineringa går utover.Dag Øistein Endsjø, nyvald leiar i Menneskerettsalliansen, understrekar at internasjonale menneskerettar ligg til grunn for det arbeidet alliansen vil driva.? Til no har styremaktene kunna driva splitt- og hersk-politikk fordi ulike diskriminerte grupper har vore i ulike organisasjonar utan noko felles talerøyr. Dette vil vi gjera noko med, seier Endsjø.Til no er åtte organisasjonar tilslutta Menneskerettsalliansen.
Tilfeldig lovvern? Breidda er viktigare enn kor mange det er, og breidda er vi godt nøgde med. Så langt har vi både Romanifolkets Landsforening, Kvinnefronten, Norges Handikapforbund og ULOBA som medlemmer i tillegg til initiativtakarane, seier Berit Vegheim, styremedlem i Menneskerettsalliansen og leiar for stiftinga Stopp diskrimineringen. Lista over andre organisasjonar som er inviterte til å slutta seg til, er lang.Vegheim er oppteken av at vernet mot diskriminering er svært tilfeldig i norsk lovverk.? Til no har lovvernet mot diskriminering vore altfor avhengig av kva for saker stortingsrepresentantane til kvar tid har forstått og kva for saker dei meir eller mindre tilfeldig har engasjert seg i. Det held ikkje frå eit menneskerettssynspunkt. Alle må ha same vern mot diskriminering, seier Vegheim til Klassekampen.
Lov og ombodI løpet av hausten er det venta at Stortinget skal vedta ei ny lov mot etnisk diskriminering, og eit nytt ombod mot etnisk diskriminering og kjønnsdiskriminering er under planlegging.? Dette viser den ulike behandlinga av etnisk diskriminering og kjønnsdiskriminering i forhold til andre grupper som er utsette for diskriminering. Lovvernet er varierande, alle lover utelet nokon diskriminerte grupper, seier Vegheim.
? Kva er Menneskerettsalliansen sitt syn på den nye ombodsordninga?? Menneskerettsalliansen tar ikkje stilling til kva type ombod som vil vera den beste ordninga. Vårt krav er at alle skal ha same grad av vern. Ingen skal måtta gå til domstolane for å få vern mot diskriminering når andre kan gå til eit ombod, understrekar Vegheim.Den nye alliansen startar sitt arbeid utan ei krone på konto, og medlemskap skal heller ikkje kosta noko for dei organisasjonane som sluttar seg til. Alliansen baserer seg på å søkja offentleg støtte til det arbeidet som skal drivast.I første omgang vil Menneskerettsalliansen leggja mykje vekt på lobbyarbeid overfor Stortinget, og dei ulike politiske partia kan bu seg på at deira program framfor stortingsvalet vil bli lesne med lupe. Alle interesserte kan følgja med på
www.menneskerettsalliansen.no.@sitat:«Til no har styremaktene kunna driva splitt- og hersk-politikk fordi ulike diskriminerte grupper har vore utan noko felles talerøyr»Dag Øystein Endsjø, leiar for Menneskerettsalliansen@

Artikkelen er oppdatert: 22. november 2007 kl. 19.28
Onsdag 11. desember 2019
I TRØBBEL: Både jetfly og forsvarshelikoptre er tatt i bruk for å sikre beredskapen i nord under Babcocks sammenbrudd. Det kan ende med en kjemperegning for selskapet.
Tirsdag 10. desember 2019
KRISE I LUFTA: Luftambulansen i Nord-Norge har sviktet 286 ganger på fem måneder. Helseminister Bent Høie vet verken prislappen eller hvem som skal ta regningen for ekstra beredskapstiltak.
Mandag 9. desember 2019
Hysj: Riksrevisjonen kritiserer regjeringen i ­hemmelig jager­flyrapport, men Forsvarsdepartementet hevder rapportens gradering gjør det ­umulig å fortelle hvor alvorlig kritikken er.
Lørdag 7. desember 2019
URO: SAS vil legge nye fly inn i et eget selskap med nye avtaler for de ansatte. Lederen i Norsk Kabinforening frykter at SAS ikke ønsker skandinaviske ansatte i framtida.
Fredag 6. desember 2019
HANDLEKRAFT: Regjeringen har på kort tid sørget for å mykne opp i au pair-reglene som skapte trøbbel for justisminister Jøran Kallmyr.
Torsdag 5. desember 2019
IKKJE FORSYNT: Trass i at Sp strir imot kvart forsøk på å skape raudgrøn samling, går partiet no saman med SV og Ap for å få opp sjølvforsyningsgraden.
Onsdag 4. desember 2019
PRESS: USAs press på europeiske Nato-land kommer ikke til å stanse frihandelsavtalen mellom Norge og Kina. Samtidig varsler utenriksminister Ine Eriksen Søreide en diskusjon om Norges forhold til Kina.
Tirsdag 3. desember 2019
NATO: Forholdet til Kina blir en viktig sak på Nato-møtet i London denne uka. Ap-leder Jonas Gahr Støre er skeptisk til å sende norske styrker til Asia.
Mandag 2. desember 2019
PARALLELT: Samme måned som Trygde­retten første gang sa at det er lov å ha med ytelser til utlandet, vedtok Stor­tinget strengere regler for eksport av arbeidsavklaringspenger.
Lørdag 30. november 2019
Skål: Pilsen kan bli dyrare over store delar av landet. Trøysta er at dei som tappar han skal få betre råd til pils sjølve.