Aleksander Åsnes
Endring
Den amerikanske arkeologen Flint Dibble seier at noko av det mest påfallande med å studere historia til menneska, er at dei overlever nesten kva som helst. Klimaendringar og katastrofale krigar kan få enorme konsekvensar, men til slutt går livet vidare. Han set det i samanheng med klimaendringane som vi sjølv går igjennom nett no, og fortel at han ikkje trur det er slik at dei på noko måte trugar eksistensen til menneska på jorda.
Det betyr ikkje at dei ikkje er alvorlege. Klimaskeptikarar seier gjerne at klimaet alltid har endra seg, men at noko alltid har skjedd, betyr jo ikkje at det er bra. Faktisk finst det mange døme på at klimaendringar får store og negative konsekvensar.
For litt meir enn tre tusen år sidan førde klimaendringar til at eit heilt nettverk med mektige sivilisasjonar rundt Middelhavet kollapsa og forsvann. Egyptarar, babylonarar og dei mykenske grekarane hadde utvikla kulturar og teknologiar som vi framleis ser spor av i vårt samfunn, men så forsvann dei.