Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, fredag 10. februar, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120210
Innenriks
Onsdag 1. september, 2010
Krev rettar for dei «papirlause»
STILLER KRAV: - Dei lengeventande asylsøkjarane som har fått avslag, men som likevel ikkje har kunna returnera, må få bli borgarar med tydelege rettar, seier Sturla Stålsett, Kirkens bymisjon.

Krev rettar for dei «papirlause»

Onsdag 1. september, 2010

Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
Tolv organisasjonar står saman om å krevja grunnleggjande rettar for menneske som har vore lenge i landet utan lovleg opphald.

- Situasjonen som såkalla «papirlaus» kan ikkje vera permanent. Dei lengeventande asylsøkjarane som har fått avslag, men som likevel ikkje har kunna returnera, må få bli borgarar med tydelege rettar. Det må leggjast langt større vekt på omsynet til lengeventande barn. Det seier Sturla Stålsett, generalsekretær i Kirkens Bymisjon, den ein av om lag tjue ulike organisa­sjonar som saman arrangerte konferansen «Kan et menneske være ulovlig?» i Oslo i går, og som no oppmodar norske styremakter til å endra ­situasjonen for dei mange som er i landet utan lovleg opphald.

- Stor påkjenning

Stålsett ser dette som ei naturleg forlenging av Bymisjonen sitt engasjement gjennom fleire år, og samarbeidet med Røde Kors om opning av helsesenteret for menneske utan lovleg opphald.

Han viser til at andre land, som Sverige og Nederland, har innsett at det må gjerast noko med ein slik situasjon.

Barns beste

Frå konferansen går ei oppmoding til regjeringa om å utarbeida retningsliner som gjer det klart at barns beste skal ha forrang framfor innvandringspolitiske omsyn, og at barn som har levd i Noreg i lang tid - eksempelvis fire år frå dei kom til landet - skal få opphaldsløyve i lag med medfølgjande familie. Det blir også oppmoda til å setja ei grense for kor lenge menneske kan vera utan rettar i Noreg, utan omsyn til alder, i tråd med framlegg frå Utlendingsdirektoratet i 2003.

Flyktningopposisjonen

Helge Solum Larsen, nestleiar i Venstre, var ein av deltakarane i paneldebatten under konferansen i går. Han er oppteken av å få den tidlegare flyktningopposisjonen på Stortinget til å bli meir aktiv.

- Ut frå verdigrunnlag er det samanfallande synspunkt hos KrF, Venstre, Senterpartiet og SV. Eg håpar også det er krefter i Arbeidarpartiet og Høgre som kan reknast med, seier Solum Larsen til Klassekampen.

- Vi kan ikkje godta at Noreg skal utvikla ein innvandringspolitikk som set FN sine råd til side. Eg håpar i det minste at alle partia kan gå tungt inn og vurdera omsynet til barn på nytt, og få slutt på den urimelege praksisen vi har i dag, seier Venstre-nestleiaren.

Kultur & medier
Fredag 10. februar, 2012
Bedre enn sitt rykte

Bedre enn sitt rykte

Færre og færre lærer tysk. Med dette står nordmenn i fare for å miste viktige deler av egen selvforståelse, mener Helge Jordheim.
Utenriks
Fredag 10. februar, 2012
Skyhøyt spill om Syria

Skyhøyt spill om Syria

HØY INNSATS: Spillet rundt Syria er en kamp om regionale interesser, mener analytiker Rakha Ahmed Hassan.
Innenriks
Fredag 10. februar, 2012
Truer med vikardissens

Truer med vikardissens

NEKTER: Audun Lysbakken sier SV er villig til å ta ut dissens i regjeringen mot vikarbyrådirektivet. Mandag sier også Sp nei. Dermed må Ap få hjelp av Høyre for å vinne vikarkrigen mot LO i Stortinget.
Dagens leder
Fredag 10. februar, 2012
Bjørgulv Braanen
Flybonus

Flybonus

Dagens leder
Powered by eonBIT