DROSJAR: Taxiforbundet og Oslo Transportarbeiderforening åtvarar mot fleire drosjeløyve og dårlegare drosjetilbod i Oslo.
PROTEST: Marit Ødegård var ei av dei meir enn hundre som var med i drosjeparaden i protest mot utviding av talet på drosjeløyve i Oslo i går. |
Det var tillaup til trafikk-kaos ved Rådhuset i Oslo i går føremiddag. Mellom 100 og 150 ledige drosjar la vegen innom Borggården, og køyrde roleg forbi fontena og fram til hovudinngangen til Rådhuset før dei svinga ut att.
Årsaka var ei sak på dagsorden for byrådet som sat i møte akkurat da: Endra rammevilkår for drosjenæringa og utviding av talet på drosjeløyve med opp til 600.
- Ikkje bruk for fleire løyve
- Dette er frykteleg dramatisk. Vi er livande redde, det vil ramma dei aller fleste i drosjenæringa i hovudstaden, seier Rune Lian, leiar for Osloavdelinga av Norges Taxiforbund, til Klassekampen.
I lag med leiaren i Oslo Transportarbeiderforbund, Pål Aronsen, har han i brev til byrådet oppmoda til å stansa utvidinga av talet på drosjeløyve.
Dei åtvarar mot drastisk dårlegare tilbod for publikum, auka drosjeprisar, auka fare for konkursar og miljøproblem som følgje av ledige drosjar som køyrer rundt i byen fordi det er fullt på haldeplassane.
- Vi er ein viktig del av det offentlege transporttilbodet. Når kollektivtilbodet blir bygd ut, blir det naturleg å tilpassa talet på drosjar. Det er ikkje rom for 600 nye bilar. Slik det er i dag, er det gjerne fullt på mange haldeplassar, og ledige bilar som køyrer rundt bli eit aukande miljøproblem dersom talet skal aukast vesentleg, seier Lian.
- Framlegget om å auka talet på drosjeløyve byggjer på liberalistiske fantasiar om at det skal bli meir drosjebruk dersom det blir fleire drosjar, legg han til.
Sjølv om denne saka stod på byrådet sitt sakskart i går, vart den likevel ikkje ferdigbehandla. Fungerande næringsbyråd Kristin Vinje opplyser at det har komme inn ein del innspel som skal vurderast før den endelege behandlinga.
- Kvifor meiner byrådet at det trengst fleire drosjeløyve?
- Denne saka handlar ikkje først og fremst om fleire løyve. Det har vore store problem i drosjenæringa. For å leggja til rette for eit betre tilbod til publikum, vil vi skjerpa reglane for pris og kontroll, seier Vinje til Klassekampen.
- Vi ønskjer å rydda opp i ei næring med store utfordringar. Marknaden skal avgjera kor mange drosjar det til kvar tid er bruk for, talet 600 er sett som ei øvre grense, forklarer byråden.
På landsbasis har drosjetrafikken gått ned med mellom fem og ti prosent det siste året.
I dag er det om lag 1600 løyve for ordinære drosjar og 250 reserveløyve i Oslo. Av desse er om lag 1300 knytt til Oslo Taxi, og dei andre er fordelte på fleire mindre sentralar.
Lian er samd i at det har vore problem i drosjenæringa, men ser ikkje byrådet sitt framlegg som ein del av løysinga.
- Vi ønskjer også opprydding, og har hatt eit godt samarbeid med Arbeidsstilsynet for å få ordna forhold. Vi er glad for dei kontrollane Arbeidstilsynet set i gang, men vi opplever at politikarane torpederer det vi prøver å byggja opp av seriøsitet, seier han.
Han minner om at drosjenæringa er ein av dei største arbeidsplassane i Oslo.
Med slike framlegg som det som no har komme frå byrådet, fryktar han at næringa blir rasert.
- Dyktige og seriøse drosjeeigarar ser etter andre jobbar, og dei med lang erfaring melder stadig oftare at dei ser fram til å kunna gå av med pensjon, seier Lian.
Oslo Transportarbeiderforening organiserer sjåførar som ikkje er drosjeeigarar, og har tariffavtale med Oslo Taxi. tarifflønna ligg på om lag 300.000 kroner i året.
- Den viktigaste konsekvensen av for mange løyve blir for våre medlemmer at lønna vil gå ned, og dei vil ikkje få ei lønn dei kan leva av, seier Aronsen, leiar i Transportarbeiderforeningen.