Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, fredag 25. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120525

Nedslåande

Nedslåande

Mandag 18. januar, 2010

FAKTA

LES MER

Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
  • Sosialmedisinaren Per Fugelli åtvara i eit nyttårsintervju mot kaldare klima her til lands, og då snakka han ikkje om vêret. Som eit nedslåande symptom peika han på justisminister Knut Storbergets forsikring om at vi skal bli «hardare i klypa» mot såkalla grunnlause asylsøkjarar. No er statsråden fast gjest i media, seinast i helga, med forsikringar om at «vi» skal tvangsdeportere langt fleire asylsøkjarar som har fått avslag, for å formidle til omverda at her er det ingen vits i å prøve seg.
  • Dette skjer i praksis utan opposisjon. SV har overtatt integreringsfeltet, og har gitt opp kampen mot den strenge asylpolitikken. Det er då også eit soleklart fleirtal for hovudlinene, både i Stortinget og opinionen. Eit stykke på veg er Storbergets bodskap akseptabelt. Alle forstår at Norge ikkje kan ta imot alle som kunne tenke seg å komme hit. Det kjem heller ikkje noko godt ut av ein praksis der avslag ikkje fører til anna enn endelaus seigpining, både for dei det gjeld og mottakssystemet. Men så snik det seg inn ei farleg likesæle, med kynismen som ligg i ordtaket om å knuse egg for å lage omelett. Kva med utsendingsvedtaka og avslaga som er feilaktige og farlege? Kven bryr seg om dei, når det spreier seg politisk ro og resignasjon om hovudkursen?
  • Sist veke melde Aftenposten om kritikk frå FNs høgkommissær for flyktningar, etter tvangsutsendinga av 30 personar til Irak i desember. Høgkommissæren meiner at rike Norge gir eit dårleg signal til andre land ved å sende ut folk i strid med FNs råd. Norsk Folkehjelps generalsekretær Petter Eide kallar kritikken knallhard. Tidlegare ville regjeringas openlyse underkjenning av FN vekt rabalder, men no er det knapt nokon som bryr seg. Blant dei få er komponisten Synne Skouen, som i eit harmdirrande oppgjer peikar på at engasjementet har flytta seg frå systemet til dei lokale sakene: «Jeg har derfor stor forståelse for folk som gjør seg til kriminelle ved å skjule asylsøkere. Jeg verdsetter det Kirken gjør når de gir fortvilte mennesker ly». Det gjer vi også, men slike aksjonar blir kraftlause i eit politisk ingenmannsland. Fugelli set fingeren på ei trist utvikling.
Innenriks
Fredag 25. mai, 2012
Statsrådene må koke kaffe selv

Statsrådene må koke kaffe selv

KAMPVILJE: Statens forhandlingsleder Rigmor Aasrud hentet selv kaffen og tok telefonen i går. Hennes eget forværelse sto streikevakt.
Utenriks
Fredag 25. mai, 2012
Valgets tikkende bombe

Valgets tikkende bombe

ULØST: Egypterne håper på stabilitet etter presidentvalget. Men uten en grunnlov som bestemmer den nye presidentens oppgaver, kan mer uro være i vente.
Kultur & medier
Fredag 25. mai, 2012
Poet refser oljegiganten

Poet refser oljegiganten

For et år siden mottok han penger fra Statoil. Nå skriver Helge Torvund dikt om selskapets oljesandprosjekt.
Dagens leder
Fredag 25. mai, 2012
Bjørgulv Braanen
Ny praksis

Ny praksis

Dagens leder
Powered by eonBIT