
Bruker tida feil i skolen
Onsdag 16. desember, 2009
Lærarane ønskjer meir tid til å vera lærarar. Det er no stadfesta med både forsking og undersøkingar, og i rapporten frå Tidsbrukutvalet som vart lagd fram i går.
Utvalet, leia av Kirsti Kolle Grøndahl, fylkesmann i Buskerud, slår fast at lærarane ønskjer å bruka meir tid til undervisning, fagleg oppfølging av elevane, faglege møte og kompetanseutvikling.
- God leiing er den viktigaste føresetnaden for god tidsbruk. Det gjeld både skoleleiing og klasseleiing, seier Kolle Grøndahl.
Kunnskapsminister Kristin Halvorsen lovte da ho tok imot rapporten å setja i gang arbeid i departementet med å følgja opp framlegg frå utvalet. Nye framlegg og tiltak frå departementet skal bli «tidstesta», og ho oppmoda både skoleleiarar og lærarar til kritisk gjennomgang av alle møta som blir haldne.
Feil tidsbruk
Mykje arbeidstid går til konfliktløysing, ikkje-faglege fellesmøte, dokumentasjon og rapportering, praktiske oppgåver og kontakt med foreldre/føresette og elevar utanfor undervisninga, viser rapporten.
Korkje Utdanningsforbundet eller Skolenes landsforbund er overraska.
- Det nye er at dette er ei einstemming innstilling om lærarane sin tidsbruk, der KS (Kommunenes sentralforbund), lærararoganisasjonane og departementet er samde. Det viktigaste er at det må leggjast til rette for at lærarane kan bruka meir tid på kjerneoppgåvene og mindre tid til meiningslause møte og dokumentasjonskrav utover det som krevst etter opplæringslova, seier Helga Hjetland, leiar i Utdanningsforbundet.
93 tiltak
Utvalet foreslår i alt 93 ulike tiltak.
Tre av desse vil krevja vesentlege offentlege løyvingar: etterutdanning av lærarar, fleire vaksne i forhold til elevtalet, og auka bruk av andre yrkesgrupper i skolen.
Utvalet har ikkje rekna på kva dette vil kosta. Det vil vera avhengig av korleis tiltaka blir dimensjonerte.
- Ingenting av dette fører til noko, om det ikkje blir tatt tak i både sentralt og lokalt. Utvalet seier klart at det må brukast meir pengar, både på etter- og vidareutdanning og på å sikra fleire vaksne i skolen i forhold til elevtalet. Lokalt må det også gjerast konkrete vurderingar av kor lurt det er å la lærarane bruka tid på å tømma søppel og skifta lyspærer istadenfor å ha gode vaktmeistertenester. Her må det brukast sunn fornuft og folkevett, seier Hjetland.
74 prosent av lærarane og 80 prosent av skoleleiarane svarer i ei undersøking at nokre av lærarane sine oppgåver bør overlatast til andre yrkesgrupper, dette gjeld særleg praktiske oppgåver.
Ingen profesjonskamp
- Kan meir bruk av andre yrkesgrupper i skolen føra til nye problem?
- Dette vil først og fremst gjelda ulike typar assistentoppgåver, som hjelp med påkleding for dei yngste elevane og støttefunksjonar ved inspeksjon. Miljøarbeidarar kan setja i verk støtteordningar kring elevar som treng det. Dette vil ikkje bli problem mellom profesjonar, seier Hjetland.
Skolenes landsforbund oppmodar statsråden til å fastsetja i lov eller forskrift auka tal på vaksne i skolen, og også å fastsetja nasjonalt kva som er tilstrekkeleg nivå på lærarane sin dokumentasjon av undervisning og vurdering.
Hjetland understrekar også at det trengst solid kunnskap i kommunane om skoledrift.
- Vi treng å få skolesjefen tilbake i kommunane, det er for lite fagleg forståing hos kommunane som skoleeigarar av kva vi held på med i skolen. Halvparten av kommunane har mista skolesjefen, seier Hjetland.
For mykje budsjettkontroll
Tidsbrukutvalet seier at det er lite målretta styring av ressursbruken i skolen. Dette blir også stadfesta i ei ny doktorgradsavhandling, som viser at ressurs- og økonomistyringa handlar mykje om budsjettkontroll, og mindre om å sikra at fordelinga av ressursane fører til betre læringsutbytte for elevane.










