Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, fredag 10. februar, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120209
Innenriks
Torsdag 3. desember, 2009
Psykisk sjuke i varetekt
HELSE: 36 av 40 varetektsfengsla menn under 20 år hadde ei eller fleire psykiske lidingar. Frå eineromsavdelinga i Ila fengsel. Foto: Berit Roald, Scanpix

Psykisk sjuke i varetekt

Torsdag 3. desember, 2009

Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
VARETEKT: 36 av 40 unge varetektsfengsla menn i ein ny studie hadde fleire psykiske lidingar. - Ikkje overraskande, ifølgje fengselstilsette.

Ei intervjuundersøking av 40 varetektsfengsla menn under 20 år viser at 36 har ei eller fleire psykiske lidingar. Det går fram av ein artikkel i Tidsskrift for Den norske legeforening. Av 42 varetektsfengsla menn i eitt av dei største fengsla sa 40 ja til å vera med på undersøkinga.

32 av dei hadde gjort valdsbrottsverk, sju vinningsbrottsverk, ein narkotikabrottsverk.

Risiko for ny kriminalitet

Artikkelforfattarane Tore Olav Sørland og Ellen Kjelsberg konkluderer med at dei varetektsfengsla ungdommane med store psykiatriske og sosiale hjelpebehov i liten grad får hjelp, og vil ha stor risiko for tilbakefall til ny kriminalitet.

Forbundsleiar Geir Bjørkli i Norsk fengsels- og friomsorgsforbund (NFF) er ikkje overraska over resultatet av undersøkinga.

- Varetekt verkar i seg sjølv sjukdomsframkallande, og kjem på toppen av samansette problem, seier han.

Ein del av dei varetektsfengsla har restriksjonar som gjer at dei er totalt isolerte, med 23 timar i cella og tilbod om ein time lufting.

- Det er ei kjempeutfordring å få til eit minimum av aktivisering for dei som er mest isolerte. Vi ser kva som trengst, men har ikkje kapasitet til å få gjort det som burde gjerast, seier Bjørkly, og viser til at det gjerne er to tilsette som skal ta hand om tjue innsette.

- Vi veit at helsetilbodet når det gjeld psykiske lidingar omtrent ikkje finst, seier han og nemner som eksempel eit fengsel med 107 innsette og to timar psykologteneste i veka.

Ikkje tid til sosial omgang

- Men vi ser også at vanleg sosial omgang kan ha stor verdi, så langt det let seg gjennomføra. Eit slag biljard kan vera viktig, men det krev tid. Mange av dei unge innsette har ein bakgrunn seier at dei aldri har hatt ein sjanse. Får vi høve til å møta dei på skikkeleg vis, kan det skje positive ting. Det hender vi høyrer innsette seia at «for første gong har eg blitt møtt på ein skikkeleg måte». Det er eit paradoks at det skal skje i fengsel, seier NFF-leiaren.

31 av dei 40 som vart intervjua, brukte psykoaktive stoff. Av dei vart 21 karakteriserte som misbrukarar og ti som avhengige. Sju av dei 40 hadde fleire sjølvmordsforsøk bak seg, ingen var i psykiatrisk behandling da dei vart fengsla. Tre av fire var korkje i arbeid eller under utdanning.

Ressursspørsmål

Norsk fengsels- og friomsorgsforbund (NFF), fagorganisasjonen for ein stor del av dei fengselstilsette, har nyleg slått alarm om for knappe løyvingar i statsbudsjettet for 2010. Dei gjennomførte ein to timars politisk streik i november.

Bjørkli understrekar at både talet på tilsette og mangel på faglærte er eit problem. Kvar fjerde fengselsbetent er ein ufaglært vikar innleigd på timebasis.

- Dette er eit politisk spørsmål. Dersom politikarane ville satsa på dette, vlle dei fått att pengane. Kriminaliteten kostar milliardar per år. Vi veit kva som trengst, og vi ser kva vi ikkje får gjort, seier Bjørkli.

Han fryktar enda større problem når talet på varetektsinnsette aukar som følgje av styrking av politiet og kapasiteten til å driva etterforsking.

Unni Gunnes, avdelingsdirektør i Justisdepartementet, opplyser at det er gjort tiltak for å styrkja bemanninga i fengsla.

- Det ideelle er at belegget kan reduserast ned mot 90 prosent, seier Gunnes til Klassekampen.

Ho forklarer at situasjonen skal bli vesentleg betre når det nye Halden fengsel blir opna i løpet av våren, med 250 plassar.

- Men det blir ein utfordrande situasjon det første halvåret, seier avdelingsdirektøren.

Ho varslar at både arbeidstid og bemanning i kriminalomsorgen skal gjennomgåast og analyserast i samarbeid med tenestemannsorgansisasjonane. Det skal også utdannast ein ekstra klasse ved etatsskolen.

- Ikkje varetekt

Jannike Snoek, overlege på ungdomspsykiatrisk akutteining og avdelingssjef på Avdeling ungdom på Ullevål universitetssykehus, meiner varetekt ikkje er det rette tilbodet til unge menneske med så stor grad av psykiske problem.

- Denne undersøkinga stemmer med tidlegare internasjonale undersøkingar. Desse unge menneska er utsette for ei mengd påkjenningar, seier ho, og minner om at ei stortingsmelding frå sist vinter om barn og kriminalitet hadde framlegg om eigne avdelingar i tilknyting til fengsel som skulle fanga opp desse ungdommane på betre vis.

- Det er påfallande at barne- og ungdomspsykiatrien var heilt fråverande i den samanhengen. Ikkje alt kan behandlast, men kvifor ikkje tenkja at psykisk helsevern kan vera med og greia ut situasjonen for barn og unge som kjem så langt ut på skråplanet? Psykisk helsevern burde vera ein del av det tverrfaglege tilbodet som burde finnast, seier Snoek til Klassekampen.

Hedda Giertsen, professor i kriminologi, Universitetet i Oslo, minner om at Noreg og nordiske land er i ei særstilling når det gjeld bruk av isolasjon i varetekt.

- Isolasjon er ei nedbryting av menneske. Varetekt er ikkje meint til gagn for den innsette, men er noko politiet ber om. Det kan vera situasjonar der det er vanskeleg å unngå ei form for varetekt, men poenget må vera å få til andre ordningar, andre typar institusjonar der ein slepp denne typen isolasjon. Sjølvmord i fengsel skjer oftast blant innsette i varetekt, seier Giertsen til Klassekampen.

Kultur & medier
Fredag 10. februar, 2012
Bedre enn sitt rykte

Bedre enn sitt rykte

Færre og færre lærer tysk. Med dette står nordmenn i fare for å miste viktige deler av egen selvforståelse, mener Helge Jordheim.
Utenriks
Fredag 10. februar, 2012
Skyhøyt spill om Syria

Skyhøyt spill om Syria

HØY INNSATS: Spillet rundt Syria er en kamp om regionale interesser, mener analytiker Rakha Ahmed Hassan.
Innenriks
Fredag 10. februar, 2012
Truer med vikardissens

Truer med vikardissens

NEKTER: Audun Lysbakken sier SV er villig til å ta ut dissens i regjeringen mot vikarbyrådirektivet. Mandag sier også Sp nei. Dermed må Ap få hjelp av Høyre for å vinne vikarkrigen mot LO i Stortinget.
Dagens leder
Fredag 10. februar, 2012
Bjørgulv Braanen
Flybonus

Flybonus

Dagens leder
Powered by eonBIT