Baksnakking
- Kabalmysteriet etter stortingsvalet forsterkar inntrykket av at Arbeidarpartiet har problem med å få fram nye toppnamn til partiets viktigaste posisjonar. Dette gjeld ikkje minst blant kvinnene. Nestleiar Helga Pedersen har gått frå sektorposten som fiskeriminister til vervet som parlamentarisk leiar, og den mangeårige slitaren Sylvia Brustad er på veg ut av rikspolitikken. Dimed sit Stoltenberg att med berre Anniken Huitfeldt og Anne-Grete Strøm-Erichsen som kvinnelege Ap-statsrådar. Dei må få følgje av minst to nye. Tidlegare likestillingsminister Karita Bekkemellem, som sjølv er døme på ei Ap-stjerne som slokna brått, meiner at halvparten av Aps ti statsrådar må vera kvinner. Fleire av dei yngre, dyktige kvinnene i stortingsgruppa er truleg for radikale etter partileiingas smak.
- Jens Stoltenberg er berre 50 år, og står så bomsterkt som partiets leiar og statsminister at det kan gå mange år før arverekkjefølgja for alvor blir tema. Men ein organisasjon som Arbeidarpartiet må heile tida tenkje framover og jobbe for å utvikle folk som kan gå heilt til topps. Som nestleiar, statsråd og leiar av partiets programarbeid har Helga Pedersen til no ikkje overtydd om at ho er eit leiar- og statsministeremne. Difor skal ho no på «statsministerskole» som leiar av stortingsgruppa, og får bryne seg på Erna Solberg og Siv Jensen i fire år.
- Ein skulle tru at partiet i samla tropp ville stille opp for å byggje opp Helga Pedersens autoritet, men i Ap er det framleis klima for intrigar og ureint trav. På Pedersens første dag som parlamentarisk leiar gjekk «flere av Aps stortingsrepresentanter» anonymt ut i VG og sa at ho «bommet totalt i sin debut», ved å gje opposisjonen leiarverva i justis- og transportkomiteen. «Flere» er også kritiske til at Pedersen får partitungvektaren Martin Kolberg som parlamentarisk nestleiar. «Det undergraver hennes autoritet fullstendig. Jeg forstår ikke at hun kunne gå med på det,» seier ein av dei. Partifellar som er oppriktig opptekne av Pedersens autoritet, kunne som ein start la vera å baksnakke ho anonymt i landets største avis før ho er i gang med jobben.











