Arbeiderpartiet vil heller snakke om «alle» enn «arbeidarar». Slik er det ikkje i Framstegspartiet.
Unemneleg: Sjølv om LO-leiar Roar Flåthen feirar arbeidaranes kampdag, kan ikkje Ap snakke om arbeidarar. Foto: Lise Åserud, SCANPIX |
Klassekampen har gått gjennom alle riksaviser og alle større lokalaviser det siste året, og funna er eintydige: Det er ikkje populært å tale om arbeidarar i norsk politikk.
Undersøkinga har omfatta sitat kor partileiarane nyttar ordet «arbeidar», anten i nyheitssaker eller i eigne innlegg.
«Arbeidarpartiet»
Sidan september 2007 har ikkje Arbeidarpartiet (Ap) sin leiar Jens Stoltenberg levert eitt einaste sitat kor han tek ordet «arbeidar» i sin munn. Det har heller ikkje partiets generalsekretær og store ideolog Martin Kolberg.
Sjølv ikkje i referat frå statsministeren sin 1. mai-tale er arbeidarane nokon stad å finne. Stoltenberg får derimot mange treff på omgrepa «fellesskapen», «hushaldningar» og «alle».
Slik ordbruk pregar òg Ap sitt partiprogram. Under paragrafen «Dei grunnleggjande sosialdemokratiske idear» står det at «alle mennesker er unike, uerstattelege og like mye verdt» og at alle skal ha «like muligheter». Ifølgje programmet har partiet diverre lite spesifikt å tilby Noregs arbeidarar. I dokumentet er «arbeider» nemnt 213 gonger, 205 av dei som del av «Arbeiderpartiet» og berre seks om faktiske arbeidarar.
Jamvel om partileiing og programkomite ikkje likar å prate om arbeidarar, finst det lokalpolitikarar som gjer det. Blant desse er Jan Bøhler, leiar av Oslo Ap, som konsekvent omtalar arbeidarar som ei eiga klasse. I mai ynskja han til dømes todagars stortingsval velkomen, fordi det ville auke «valdeltakinga blant arbeidarar på austkanten».
Somme av stortingsrepresentantane har òg lufta synspunkt på arbeidarklassen, men då alltid i tydinga «utanlandske arbeidarar», anten det er Telenor sine arbeidarar i Bangladesh eller polske bygningsarbeidarar. Det framgår ikkje kor lenge ein polsk forskalingssnikkar må opphalde seg i Norge for å slutte å vere ein arbeidar.
Kroppsarbeid nedvurdert
Tor Halstvedt, forfattar og tidlegare klubbtillitsmann ved Christiania Spigerverk, har observert korleis Ap har endra drakt.
- Når Gerhardsen og gjengen vitja arbeidsplassen, helsa dei på alle. Så kom Reiulf Steen. Han helsa på klubbformannen, men ikkje på dei andre. Til sist kom Gro Harlem Brundtland. Ho helsa ikkje på ein kjeft, men heldt eit halvtimes langt foredrag om kvifor vi burde stemme på ho. Eg fekk ikkje med meg alt, for eg duppa av medan ho prata, seier Halstvedt.
Han meiner arbeid, særleg kroppsarbeid, har vorte degradert dei siste åra.
- Å vere arbeidar i dag er å vere sekunda vare. Blant politikarar og journalistar ser det ut til å herske ei oppfatning av at om du ikkje har fått deg høgare utdanning, så er du tjukk i hovudet og fortener lange skift og dårleg løn, hevdar Halstvedt.
Han meiner Ap har vore ein viktig drivkraft bak deklassifiseringa.
- Dei hadde nok arbeidarstemmer til å få 40 prosent, og tenkte dei kunne spe på med ti prosent frå mellomlaga. Men då gløymde dei arbeidarane heilt og ramla ned på 20 prosent, der dei ligg i dag.
- Men om det er så mykje å tene på å appellere til arbeidarar, kvifor gjer ikkje Ap det?
- Eg trur det er fordi «Ap-politikaren» har vorte ein eigen klasse, og ikkje fungerer som tillitsvalt for arbeidarklassen.
Ingen problem for Jensen
Nestor i Framstegspartiet (Frp), Carl I. Hagen, har fleire gonger sagt at Frp skal verte det nye Arbeiderpartiet. På det reint retoriske plan ser det ut som om prosessen er ferdig.
I striden om Avtalefesta pensjon (Afp), kor Frp ynskja å kutte i pensjonsrettane til arbeidstakarane, særleg i tunge manuelle yrke, slang Frp-formann Siv Jensen om seg med omgrepet «arbeidarar». I ein kronikk i Dagbladet i april, under tittelen «Det store klassekuppet», åtvara Jensen mot «eit nytt klasseskilje» mellom organiserte og uorganiserte arbeidarar, og understreka «kampen for å sikre alle arbeidere like rettigheter til pensjon».
Men den retoriske linja syner seg ikkje i partiprogrammet. Her figurerer «arbeidar» berre to gonger og «arbeidsfolk» ingen. Derimot vert «forbrukarane» nemnde heile 12 gonger og «familien» 66 gonger.
- Ap har ingen fiendar
- Frps strategi er å ta latente motsetnader i det norske samfunnet og byggje gruppeidentitetar på dei. Å stille politikarane og byråkratane opp mot arbeidarane og vanlege folk, seier Magnus Marsdal, forfattar av «Frp-koden».
- Det gjer ikkje Ap. Fiendane til Ap ser ut til å vere grådigheitskultur og overbod, som meir er moralske eigenskapar enn motstandargrupper. Dersom Martin kolberg skulle peikt ut ein fiendegruppe, kven skulle det vere? Toppane i norsk storfinans, som Aps Rune Bjerke? Eller folk som har brukt politikken som karrierestige og no tener millionar som føredragshaldarar, som Gro Harlem Brundtland? spør Marsdal.
Han åtvarar mot å leggje for mykje i bruken av ordet arbeidar.
- Ingen må tru at ord og kategoriar er politiske talismanar ein kan gni på og så få suksess på ein blunk. Viss det var slik, ville Arbeidaranes kommunistparti (AKP) vore Noregs største, seier Marsdal.