
Halvparten mot
Lørdag 29. desember, 2007
FAKTA
Arbeidarpartiet om Noreg og EU
- « … Arbeiderpartiet mener Norge må ha handlefrihet når det gjelder en eventuell medlemsskapssøknad i neste stortingsperiode. En forutsetning for en slik ny søknad er en stabil tilslutning i folket. En eventuell søknad om medlemskap vil være gjenstand for ny landsmøtebehandling i Arbeiderpartiet. Arbeiderpartiet mener en ny EU-søknad bør behandles på samme måte som tidligere, og vil respektere resultatet av en folkeavstemning.»
Kjelde:Arbeiderpartiet sitt program for 2005-2009
Programdebatten i Arbeidarpartiet har overskrifta «Sosialdemokrati 2020», og partimedlemmene blir inviterte til brei deltaking i debatt på nettet fram mot landsmøtet i 2009. Helga Pedersen, partinestleiar og markert EU-motstandar, har fått med seg ein komité som - så langt Klassekampen kjenner til - er delt omtrent på midten i synet på norsk EU-medlemskap. Fem av dei tolv komitémedlemmene er kjende for å vera EU-motstandarar, medan seks skal vera tilhengjarar av norsk EU-medlemskap.
Dei komitémedlemmene det har lykkast Klassekampen å få kontakt med, meiner dette først og fremst er uttrykk for at EU-debatten ikkje står høgt på den politiske dagsordenen, sjølv om ikkje alle går så langt som Thorbjørn Jagland gjorde i Bergens Tidende torsdag. Han uttalte at han ikkje kunne sjå kva som skulle gi utgangspunkt for ein ny debatt om norsk EU-medlemskap, sjølv om han meiner dei saklege grunnane for norsk EU-medlemskap er sterkare enn nokon gong.
- Vi går ikkje rundt og reknar kor mange som er for eller mot, dei færraste har oversyn over dette, og haldninga til EU har ikkje vore noko kriterium for samansettinga av programkomiteen, seier statssekretær Karl Eirik Schjøtt-Pedersen til Klassekampen.
- Eit sunnheitsteikn
Statssekretæren stadfestar at han sjølv framleis er ja-mann, men trur ikkje det vil bli nokon EU-strid i komiteen.
- På dei siste landsmøta har vi samla oss om samrøystes vedtak. Eg vil ikkje forskuttera behandlinga, men trur vi også denne gongen vil komma fram til formuleringar ein kan samla seg om, seier Schjøtt-Pedersen.
Odd Rambøl, Hordaland, oppfattar også at EU-debatten er lite aktuell, og at EU-standpunkt ikkje har vore viktig for val av komitémedlemmer.
- Eg synest først og fremst det er eit sunnheitsteikn at komiteen er sett saman ut frå andre kriterium, seier han.
- Dette er kanskje ein komité som er meir representativ for veljarane sine meiningar enn tidlegare?
- Dersom EU-perspektivet var med da ein valde komitémedlemmene, er det det, men eg trur ikkje det har spelt noka rolle, seier Rambøl.
Han reknar med at om EU-spørsmålet skulle bli aktualisert, vil det kunna kallast inn til ekstraordinært landsmøte, og skjer det ikkje noko spesielt, ser han ikkje bort frå at formuleringar i dagens Ap-program kan vidareførast.
Største nei-partiet
AUF-leiar Martin Henriksen er også ein klar EU-motstandar i programkomiteen, men heller ikkje han reknar med nokon ny EU-debatt dei første åra.
- Skal vi vedta noko om EU, vil det bli omtrent det same som før - at ein ikkje skal søkja før det er eit EU-fleirtal i folket, meiner Henriksen.
Han peiker på Ap sine ambisjonar om å sitja i ei raudgrønn regjering som eit klart hinder for å reisa ein ny debatt om norsk EU-medlemskap.
- Samansettinga av programkomiteen er ikkje uttrykk for noka endring i Arbeidarpartiet, men det er bra at flest mogeleg sider er representerte. Det er nei-fleirtal blant Ap-veljarane, og Arbeidarpartiet er det største nei-partiet, seier AUF-leiaren.
Grunnlova
Heming Olaussen, leiar i Nei til EU, reknar heller ikkje med nokon debatt om norsk EU-medlemskap med det aller første, men minner om at det kan skje ting som kan gjera at EU-debatten kan komma på dagsorden på uventa vis, anten på grunn av politiske eller økonomiske kriser internasjonalt, eller på grunn av forhold her i landet.
- 2009 blir eit viktig år, stortingvalet kan føra til situasjonar vi ikkje heilt har sett for oss enno. Politiske spørsmål kan bli sett i spel, og både programkomitear og landsmøte blir viktige. Arbeidarpartiet er delt, det er bra at det speglar seg i programkomiteen, seier Olaussen til Klassekampen.
- Initiativet for å endra paragraf 93 i grunnlova, viser at ja-folka legg til rette for ein framtidig situasjon, legg han til.
Framlegget frå Høgre om å endra grunnlova slik at det skal vera nok med to tredels fleirtal for å avgi suverenitet, og ikkje som no, tre firedels fleirtal, fekk støtte frå Ap-representantane i kontroll- og konstitusjonskomiteen før jul. Saka skal behandlast i Stortinget 10. januar.










