
Gir ulike erstatningar
Tirsdag 18. desember, 2007
FAKTA
Kommunale erstatningsordningar for tidlegare barneheimsbarn
Bergen
- Ordning etablert i 2003.
- Høgste erstatningssum: 725.000 kroner.
- Omfattar alle som vart plasserte av barnevernet i Bergen.
Oslo
- Ordninga etablert 15. september 2006. Siste frist for å søkja vederlag: 15. september 2008.
- Omfattar alle som vart plasserte av barnevernet i Oslo.
- Høgste erstatningssum: 725.000 kroner. 275 søkjarar (58 prosent) har fått høgaste erstatning i løpet av det første året. Ein prosent har fått lågaste sum - 200.000 kroner.
- Til og med 10.12.2007 804 søkjarar registrerte.
Trondheim
- Ordninga etablert 10. mai 2007. Siste frist for å søkja vederlag: 10.mai 2009.
- Omfattar alle som vart plasserte av barnevernet i Trondheim.
- Høgste erstatningssum: 725.000 kroner. Av 73 ferdigbehandla søknader har dei fleste fått 725.000 kroner. Berre to har fått 200.000 kroner.
- Til no om lag 200 søknader registrerte.
Stavanger og Rogaland
- Ordninga etablert i juni 2006.
- Høgste erstatningssum: 725.000 kroner.
- Om lag 200 søknader i løpet av det første året.
Kristiansand og Agder-fylka
- Ordninga etablert i november 2007. Siste frist for søknad 26. november 2009.
- Høgste erstatningssum: 725.000 kroner.
Hamar
- Ordninga etablert med verknad frå 1.1.2007. Siste frist for å søkja: 31.12.2007.
- Det kommunale rettferdsvederlaget er i utgangspunktet 100.000 kroner. «Når særlige grunner foreligger» kan summen aukaust innti 300 000 kroner.
- Omfattar dei som var plasserte på barneheimar i Hamar, Furnes og Vang, og ikkje dei som eventuelt har vore plasserte andre stader av desse kommunane (no Hamar kommune).
Andre kommunar
- Bærum og Drammen har også etablert erstatningsordningar med høgste erstatningssum 725.000 kroner.
I etterkant av Befring-utvalet si kartlegging av omsorgssvikt og overgrep overfor barn som var plasserte i spesialskolar og barneheimar har nokre kommunar og nokre få fylke fått på plass eigne erstatningsordningar.
Oslo og Stavanger kommunar har hatt sine ordningar i gang sia 2006, begge med ein maksimal erstatningssum på 725.000 kroner. Ordninga i Hamar starta 1. januar 2007, her er øvre grense sett til 300.000. TIl no har ein av dei 16 som har fått saka si ferdigbehandla, fått vedtak om 150.000 kroner, dei andre har fått 100.000 kroner.
- Legg Hamar opp til ei dårlegare behandling av sine søkjarar enn dei andre kommunane som har slike ordningar?
- Hovudpoenget er at vi faktisk har laga ei ordning, dei fleste kommunane i landet har ikkje gjort det, seier ordførar Einar Busterud til Klassekampen.
Ordføraren viser til at politikarane lytta til råd frå juristar og andre fagfolk med erfaring frå barnevernsarbeid da reglane vart utforma. Men han er svært open for å vurdera om noko bør endrast.
- Dette handlar om å gjera opp for gammal urett, og vi vil ikkje ha ein praksis som avvik frå det som gjeld andre stader. Vi har akkurat vald ei gruppe til klagenemnd, og vil sjå på praksis i andre kommunar. Vi har framleis søknader til behandling, og det kan bli aktuelt både å forlengja søknadsfristen som er sett til 31.12.2007, og å vurdera erstatningssummane ein gong til, seier Hamar-ordføraren.
Erstatningsordninga i Hamar er avgrensa til dei institusjonane som låg i Hamar, Furnes og Vang, som i dag utgjer Hamar kommune. Dermed vil ordninga omfatta dei som kan ha blitt plasserte av desse kommunane i institusjonar i andre kommunar.
Møte i Odda i dag
Kommunestyret i Odda skal i dag behandla eit framlegg til kommunal erstatningsordning. Det tar utgangspunkt i nokre få søknader frå personar som i oppveksten var plasserte på barneheim i Stavanger, og framlegget er å bruka dei same vedtektene som for den etablerte ordninga i Stavanger og Rogaland, som har ei øvre grense for erstatningssum på 725.000 kroner. Rådmannen foreslår ein snau million kroner på budsjettet for 2008 til ordninga, og vil sjølv vera ein av dei som skal behandla søknadene.
Det er ikkje gjort undersøkingar i Odda om kor mange kommunen kan ha plassert i institusjonar i eller utanfor kommunen som kan ha blitt utsette for overgrep eller omsorgssvikt, og såleis kan ha grunnlag for å søkja erstatning eller oppreising frå kommunen.
- Vi har halde oss til dei vi har fått krav ifrå, og vi tar ansvar for dei som Odda kommune plasserte i institusjonar. Tre søknader er nokolunde utgreidde, eg veit om at eit par til er i emning, seier rådmann Finn Kristoffersen til Klassekampen. Han forsikrar at dersom det viser seg at utbetalingane tilsaman blir større enn det det er sett av pengar til i budsjettframlegget, så skal ikkje budsjettet vera noka hindring.
- Er det grunnlag for å utbetala meir, må vi finna pengar, seier han. Rådmannen fortel at han reknar med at han i lag med kommuneadvokaten og ein politikar skal ta seg av søknadsbehandlinga.
- Ligg det i framlegget at ein vil gjera noko for å gjera ordninga kjend, det kan vel gjelda fleire som ikkje bur i Odda no?
- Vi kan ikkje driva oppsøkjande verksemd, seier rådmannen.
Inhabilitet
Prosjekt oppreisning i Stavanger er eit kompetansesenter for heile landet i slike saker. Kai Stene, prosjektleiar for Prosjekt oppreisning, gir ros til Odda for at kommunen tar ansvar for å få til ei ordning. Men han peiker samtidig på kor viktig det er å sikra rettstryggleiken for søkjarane.
- Alle slike ordningar bør ha eit eige sekretariat som tar imot og gjer førebuande saksbehandling, og eit uavhengig utval som gjer vedtak. Ein rådmann er per definisjon inhabil i eit slikt utval. Der må det ikkje vera tilsette i kommunen, understrekar Stene.
Han åtvarar også mot å overlata vurderingane til advokatar.
- Det er greitt å ha ein jurist med i utvalet, men også viktig å ha med folk som har sosialfagleg/humanistisk bakgrunn. Desse søknadene skal ikkje skal vurderast ut frå juridiske prinsipp. Det er ei erstatningsordning som er ei moralsk oppreising, og må behandlast etter moralske prinsipp. Det skal leggjast størst vekt på eigenerklæringa, krav til vanleg dokumentasjon har mykje lågare prioritet, seier Stene.
Bør ordnast fylkesvis
Men eigentleg er Stene skeptisk til at dette skal overlatast til små kommunar.
- Hadde ein fått ordningar fylkesvis, slik det no er etablert for Oslo, Rogaland og Agder-fylka, også for resten av landet, ville det vore ei mykje betre sikring av rettstryggleiken. Hordaland burde følgja eksemplet frå Rogaland, det vil seia at Bergen burde få heile fylket med på ei felles ordning. Dermed ville det vera lang større sjanse for likebehandling av samanliknbare saker, seier Stene.
På dette punktet får han støtte av Hamar-ordføraren.
- Eg tar gjerne initiativ til å få til ei felles ordning for Hedmark. Her er mange små kommunar, og det vil vera vanskeleg for mange små kommunar å etablera sitt eige apparat for å handtera relativt få saker, seier Busterud.










