Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, fredag 25. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120525
Innenriks
Onsdag 27. desember, 2006
Ventar på erstatning
VENTAR: ? Eg håpar eg ikkje døyr før erstatningssakene er ferdigbehandla, seier tidlegare barneheimsbarn Jack A. Martinussen.

Ventar på erstatning

Onsdag 27. desember, 2006

FAKTA

* Fødd i Nord-Odal i 1947.

* I barneheim frå 1948, først på Austlandet, frå 1950 i Narvik.

* Til Bakkebø åndssvakeheim ved Egersund i 1953.

* Til Bethania Waisenhus (barneheim) i Stavanger i 1954.

* Foldin verneskole, Bastøy, 1961–1964.

* Har søkt erstatning frå staten, Narvik kommune og Stavanger kommune for omsorgssvikt og overgrep han har vore utsett for i oppveksten.

«Det er ein menneskerett å ha nokon å dela sorger, gleder og tankar med»
Jack A. Martinussen, tidlegare barneheimsbarn
Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
Før han var seks år, vart han plassert på åndssvakeheim. Etter det vart det barneheim, Bastøy, kriminalitet og rus. Jack A. Martinussen har vore brutalt ærleg i boka «Jack – et slags liv».

Dei siste tre åra har vore alkoholfrie, og Jack A. Martinussen (59) tar imot oss i ei triveleg leilegheit på Kampen i Oslo. Her er trekvite møbler og hyller fulle av bøker og cd'ar. Alt av tre har han laga sjølv, på fagmessig vis.

Men denne mannen har også prøvt korleis det er å vera heilt utan tak over hovudet. Han har sove ute, med pappesker som einaste møblement, han har vore så nedkøyrt av alkohol og andre rusgifter at ein kan undrast på at det i det heile er liv i han. Kva det har kosta av energi og innsats, ikkje berre å overleva, men også få orden på livet etter at han har fylt 50, er det sannsynlegvis berre han sjølv som veit.

Ny bror

Nå er boka «Jack – et slags liv» klar, der Martinussen fortel om livet sitt – alt utlevert mellom to permar.

– Eg ønskte å gi eit andlet til alle tabua – lausunge, barneheimsbarn, fengselsfugl, alkoholikar. Men hadde eg visst det eg veit no, veit eg ikkje om eg hadde våga. Vi har alle inni oss ei dør, der vi stengjer for det som er berre vårt eige. No har eg berre eit lite skaprom att, men det er berre mitt, seier Martinussen.

Det har kosta å gå igjennom på nytt, og fortelja om alle vonde opplevingar. Journalist Trond Hansen har stått for skrivinga, basert på det Martinussen har fortalt.

Men det har også gitt mykje positivt tilbake, ingen negative tilbakemeldingar har komme til no.

– Og så har eg fått kontakt med ein bror eg ikkje visste om, fortel han, og viser oss eit innramma bilete av broren Rolf og han sjølv.

På leiting

Gjennom heile livet har Martinussen leita, leita etter familien sin og etter opplysningar om kvifor livet vart slik det vart. Så langt tilbake han kan hugsa, fekk han høyra at både mor og far var døde. Men i Riksarkivet fann han brev frå faren og den litt eldre broren. Breva vart sende til han medan han budde på Waisenhuset i Stavanger. Men han fekk dei aldri. Kvifor vart breva til sjuåringen haldne tilbake? For han som vart kalla lausunge, og ikkje visste at han hadde ein far, kunne eit sånt brev ha gjort stor skilnad.

Faren møtte han for første gong da han var vel 20 år, og dei to hamna i same celle i fengslet i Møllergata 19. Nokre år tidlegare hadde han oppsøkt mora, han hadde funne ut at ho slett ikkje var død, men levde i Bærum, med ny familie. Det vart ikkje noko godt møte.

Eitt av dei spørsmåla han til no ikkje har fått noko svar på, er kvifor han vart send frå barneheimen i Narvik, og til Bakkebø åndssvakeheim på Jæren. I legeopplysningane som følgde søknaden til Bakkebø, står det å lesa at han «kan telle til 20 og har i den senere tid vist interesse for å lære tall og bokstaver». Korleis kunne nokon meina at ein femåring som var oppteken av tal og bokstavar, skulle ha noko på ein åndssvakeheim å gjera? Kvifor fekk ikkje Jack reisa til ein fosterheim, slik som broren Fritjof?

Erstatningskrav

Legen på Bakkebø konstaterte etter kort tid at han måtte vera feilplassert, og han skreiv til verge og barneheim i Narvik om at han måtte bli henta tilbake. Men det kom ikkje noko svar frå Narvik.

Martinussen har tatt opp saka med Narvik kommune, han har reist krav og bede kommunen vurdera ei erstatning. Han er også villig til å gå med på eit forlik, om det berre kjem ei unnskyldning. Kommunen har bede om tid til å vurdera saka.

Eit anna erstatningskrav gjekk til staten i 2004, og er grunngitt med opphaldet på Bastøy, der han vart utsett for seksuelle overgrep. Ramma for den statlege erstatningsordninga er 200.000 kroner. Og ein søknad har gått til Stavanger, der han vart plassert i Waisenhuset, og budde der i åtte år. I Rogaland har ein fått på plass ei ordning med erstatningar opp til 725.000 kroner for dei som har vore utsette for overgrep og omsorgssvikt i barneheimar og spesialskolar. Han har fått spørsmål om å gi utfyllande opplysningar om kor mange gonger han vart plassert i hønsehuset som straff.

– Eg svarte at ein gong er akkurat ein gong for mykje. Men det skjedde vel kanskje ein 15 til 20 gonger. Kor mange gonger dei sende meg i kolkjellaren, veit eg ikkje. Men der var det iallfall stille og roleg, seier han.

Da han begynte på skolen, kom han i hjelpeklasse. Han spurde om han kunne få læra engelsk, men fekk til svar at det var ikkje noko vits i å tenkja på for han som kom frå Waisenhuset.

Kriminalitet og soning

Til no har han ikkje fått endeleg svar på nokon av erstatningssøknadene.

– Kvifor må dei som har hatt det verst, venta lengst, spør Mette Y. Larsen, Martinussen sin advokat.

Martinussen er ikkje i tvil om samanhengen mellom dei overgrepa han har vore utsett for i barndomsåra, og dei mange motbakkane han har hatt i livet.

– Det aller verste var å vera utan nokon eg kunne gå til når eg hadde trøbbel. Det har eg sakna heilt sia eg var liten. Det er ein menneskerett å ha nokon å dela sorger, gleder og tankar med, seier han.

I boka legg han ikkje fingrane i mellom, og fortel om alkohol og stoff, innbrott, lommetjuveri, spritproduksjon og sprithandel.

– Litt moral var det bak galskapen. Eg brukte aldri vald, og eg stal aldri frå gamle tanter. Dei eg stal frå, fortente å mista pengane sine, seier Martinussen.

– Og det eg har blitt dømt for, har eg også sona, legg han til.

Og han har arbeidd, i periodar, som ein vel ansett og dyktig tømrar. Men eitt hardt liv har tatt på helsa. Dei siste åra har han hatt uføretrygd.

Edru alkoholikar

Dei seinare åra har han gjort mykje for å ta styring over livet sitt, noko som ikkje har vore lett. Han har vore så tørst. Sterk eigenvilje har vore avgjerande, og eit langvarig opphald på Riisby behandlingssenter har vore viktig. No kan han oppsummera meir enn tre år utan alkohol.

– Men eg er framleis alkoholikar. Og det kan bli einsamt for ein edru alkoholikar, seier han.

Han har funne eit viktig fellesskap i «De norske Lenker», ein frittståande organisasjon, utan politisk eller religiøs tilknyting. Og han har engasjert seg i ymse frivillig arbeid, både gjennom Frivillighetssentralen og som leiar i gårdsstyret i den kommunalt eigde gården han bur i.

Og han har tatt grep for å rydda opp i økonomiske etterverknader av eit kaotisk liv. Han hadde eit par bereposar med rekningar og inkassokrav. Med god hjelp frå ein økonomisk rådgivar har han fått orden på det meste.

– Neste år skal eg vera gjeldfri, fortel han.

Dermed treng ikkje den erstatninga han ventar på, gå til å betala gjeld.

– Eg skulle så gjerne ha det godt resten av livet, og håpar eg ikkje døyr før erstatningssakene er ferdigbehandla, seier han.

Strekkjer pengane til, er draumen å få ei hytte, gjerne i Nord-Odal. Der vart han fødd, og der bur framleis den broren han nyleg har blitt kjend med. Og blir det hytte, håpar han også på å få til ein snikkarverkstad.

Innenriks
Fredag 25. mai, 2012
Statsrådene må koke kaffe selv

Statsrådene må koke kaffe selv

KAMPVILJE: Statens forhandlingsleder Rigmor Aasrud hentet selv kaffen og tok telefonen i går. Hennes eget forværelse sto streikevakt.
Utenriks
Fredag 25. mai, 2012
Valgets tikkende bombe

Valgets tikkende bombe

ULØST: Egypterne håper på stabilitet etter presidentvalget. Men uten en grunnlov som bestemmer den nye presidentens oppgaver, kan mer uro være i vente.
Kultur & medier
Fredag 25. mai, 2012
Poet refser oljegiganten

Poet refser oljegiganten

For et år siden mottok han penger fra Statoil. Nå skriver Helge Torvund dikt om selskapets oljesandprosjekt.
Dagens leder
Fredag 25. mai, 2012
Bjørgulv Braanen
Ny praksis

Ny praksis

Dagens leder
Powered by eonBIT