
Åtvarar mot retur
Mandag 11. desember, 2006
LES MER
Ahmad Fahim Hakim, afghansk menneskerettsforkjempar.
Den afghanske menneskerettsforkjemparen Ahmad Fahim Hakim er overraska over det norske hastverket med å tvangsreturnera flyktningar til Afghanistan. Til no har 64 flyktningar blitt sende tilbake mot sin vilje etter sveltestreiken i mai-juni i år.
– Bør norske styremakter tvinga flyktningar frå Afghanistan til å reisa til heimlandet slik situasjonen er der no?
– Nei. Forholda i Afghanistan er ikkje klare til å ta imot dei, vilkåra for å kunna sikra personleg tryggleik er ikkje på plass, seier Hakim til Klassekampen.
Han er nestleiar i den afghanske menneskerettskommisjonen (AIHCR), som er forankra i den afghanske grunnlova, og vart oppretta i 2002. I dag deltar han på ein konferanse i Oslo i regi av Afghanistankomiteen og Fredsinitiativet. Hovudutfordringane for Afghanistan i dag og rimelege mål og vilkår for vestleg engajsement i Afghanistan er tema for konferansen. Han vil også ha møte med norske styremakter medan han er i Oslo.
Valdskultur
Hakim peiker på at Afghanistan har gjort store framsteg når det gjeld å slå fast grunnleggjande prinsipp for å få til eit demokratisk styresett, eit påliteleg rettsvesen og ei fredeleg utvikling i landet. Som eit eksempel nemner han at det nyleg er utnemnd ni godt kvalifiserte, uavhengige dommarar til den afghanske høgsteretten.
– Men det tar lang tid før dette kan gjennomførast fullt ut, kanskje tar det ein halv generasjon. Afghanistan er i dag dominert av ein valdskultur. Ein heil generasjon har vakse opp og lært meir om å bruka gevær enn om å bruka papir og blyant, seier han.
Kor farleg det vil vera å venda tilbake for dei som har flykta, vil vera avhengig av grunnen til at dei flykta.
– Så lenge samfunnet ikkje maktar å garantera for personleg tryggleik, og handheva lov og orden, vil mange vera svært utsette, seier Hakim.
– Om lag fire millionar flyktningar har vendt tilbake frå andre land med eit håp om eit anstendig liv. Deira håp har ikkje blitt innfridd. Somme av dei som har komme tilbake frå vestlege land har blitt drepne, av politiske grunnar, på grunn av pengar eller på grunn av familiefeidar. Andre har blitt kidnappa, fortel han. Det har blitt lovt etterforsking av slike brottsverk, men det nasjonale politiet er ikkje effektivt nok til å utføra den etterforskinga som trengst lokalt.
Mange trugsmål
Eit anna problem er å få tilbake konfiskert eigedom. Mange kjempar i årevis mot korrupsjon og lange byråkratiske prosessar.
– Og sjølv dei som måtte lykkast i å få tilbake eigedommen sin, er ikkje trygge. Dei kan framleis bli truga av dei som ein gong konfiskerte den. Det er ikkje mykje vilje lokalt til å ta imot menneske som har flykta, alle ser etter ein utveg til hemn, seier menneskerettsforkjemparen.
Arbeidsløysa er stor. Afghanarar blir gåande utan arbeid, medan det er arbeidsplassar for utanlandsk arbeidskraft. Økonomiske problem kan bli enorme. Husleiga for eit husvære i Kabul kan vera 2000 amerikanske dollar i månaden.
Eit anna tydeleg mål på den utrygge situasjonen er at omfanget av sjølvmordsåtak aukar. I 2003 var det maksimalt fem slike åtak, i 2005 17, og til no i 2006 har det vore meir enn 90.
– Men dei som har flykta, vil alltid ønskja å venda tilbake. Dei må berre få lov til å venta til dei kan reisa heim utan å vera i konstant fare, seier Hakim.










