Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, fredag 25. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120525
Innenriks
Lørdag 2. desember, 2006
1 mrd. i overskott
REKTOR: ? Vi har alt begynt å tenkja på om vi må kutta stillingar for å halda budsjettrammene. Litt meir pengar kunne gitt mykje betre tilpassa opplæring for dei som treng det, seier Pål Syrrist, rektor ved Møllergata skole i Oslo.

1 mrd. i overskott

Lørdag 2. desember, 2006

FAKTA

* Forventa driftsresultat for bykassen i 2006: 1.118 millionar kroner. Dette er 378 millionar meir enn budsjettert.

* Sannsynleg nettoeffekt av auka skatteinngang: 500 millionar kroner.

Kjelde: Byrådets tertialrapport pr. 31.08.2006

«Skolane sitt oppdrag er å styra mot null, dei skal bruka dei pengane dei har fått tildelt»
Torger Ødegaard, byråd for barn og utdanning
Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
Oslo kommune vil sannsynlegvis få eit driftsoverskott på meir enn ein milliard kroner i år. På same tid må osloskolen stengja bibliotek og kutta stillingar.

«Konsernet» Oslo kommune er god butikk. Overskottet i år blir sannsynlegvis over ein milliard kroner, 378 millionar betre enn budsjettert. Det går fram av byrådet sin tertialrapport som skal behandlast i bystyret førstkommande onsdag. I tillegg reknar finansbyråden med at auka skatteinngang vil gi ein nettogevinst på vel 500 millionar kroner.

Men denne velstanden på «konsernnivå» i hovudstaden, ser dei ikkje mykje til, dei som står for dagleg drift av skolar, barnehagar og sjukeheimar i Oslo.

112 skolemillionar

Rektor Pål Syrrist ved Møllergata skole sentralt i Oslo er ein av dei som har lang trening i å kutta der det kan kuttast for å halda eit skolebudsjett innafor tildelte rammer.

– Vi knip og knip, vi blir hardt pressa. Vi har alt begynt å tenkja på om vi må kutta på lønn, det vil seia færre stillingar. Grunnen til at vi kjem i mål, er at vi har halde igjen på innkjøp, seier Syrrist.

– Er det ressursar nok til til dømes tilpassa opplæring?

– Det blir stramt, og dukkar det opp nye tunge saker, slik som elevar som har spesielle behov, må vi disponera innafor dei rammene vi har, seier Møllergata-rektoren.

– Byrådet sin rapport viser at Utdanningsetaten har 112 ubrukte millionar i år. Om du kunne disponert nokre smuler av den summen, kva ville pengane gått til?

– Vi hadde fått ei betre tilpassa opplæring om vi kunne fått litt meir pengar, seier Syrrist.

Ellen Hetland er foreldrerepresentant i driftsstyret ved Ljan skole i Oslo. Ho blir opprørt når ho høyrer om dei ubrukte millionane. I fjor haust kutta Ljan skole to stillingar, noko som mellom anna førte til at biblioteket vart stengd.

– Likevel går det ikkje rundt. Det blir for lite ressursar, og det rammar aller mest dei elevane i gråsona som burde fått noko ekstra. Dette får ringverknader for alle elevane, seier Hetland, som er oppgitt over at all tid i driftsstyret går med til å snakka om pengar.

– Betre enn normalt

Men finansbyråd André Støylen er godt nøgd. Resultatet i år er betre enn normalt, og budsjettet for 2007 blir enda betre enn i 2006.

– Har det vore budsjettert for stramt, når ein sit att med eit så stort overskott?

– Tenestetilbodet skal vera stabilt og godt. Utfordringa er å ikkje leggja seg på eit tenestenivå vi ikkje kan leva opp til, det skal ikkje variera med skatteinngangen, seier Støylen til Klassekampen.

Byrådet sin rapport viser at Utdanningsetaten er i særklasse når det gjeld «mindreforbruk», med heile 112 ubrukte millionar.

– Desse pengane kunne vore brukt i år, men dei kan også overførast til neste år, forklarer finansbyråden, og legg til at Utdanningsetaten gjennom mange år har brukt mindre enn dei har fått tildelt for kvart budsjettår. Men sia mindreforbruk på inntil fem prosent kan overførast til kommande år, blir ikkje desse pengane borte, forsikrar han.

Liv Gulbrandsen, RV sin representant i kultur- og utdanningskomiteen i Oslo, ser den stramme budsjettstyringa i Utdanningsetaten som ledd i ei omfattande marknadstilpassing.

– Det er tydeleg at det ikkje er fordi kommunen manglar pengar at skolane må slita med altfor tronge budsjett. Å gjera det offentlege tilbodet dårlegare, legg til rette for privatisering. Dette har gått føre seg over lang tid, og med aukande tempo dei seinare åra, seier RV-representanten.

– Kva hjelper det med gode målsettingar om tilpassa opplæring, mangfald og kompetanse, dersom det ikkje er vilje til å bruka dei ressursane som trengst, spør ho.

Byråd for barn og utdanning, Torger Ødegaard, meiner dei 112 millionane i mindreforbruk ikkje er mykje å hengja seg opp i.

– Dette er ein liten sum i forhold til totalbudsjettet. Skolane sitt oppdrag er å styra mot null, dei skal bruka dei pengane dei har fått tildelt, seier Ødegaard til Klassekampen.

Innenriks
Fredag 25. mai, 2012
Statsrådene må koke kaffe selv

Statsrådene må koke kaffe selv

KAMPVILJE: Statens forhandlingsleder Rigmor Aasrud hentet selv kaffen og tok telefonen i går. Hennes eget forværelse sto streikevakt.
Utenriks
Fredag 25. mai, 2012
Valgets tikkende bombe

Valgets tikkende bombe

ULØST: Egypterne håper på stabilitet etter presidentvalget. Men uten en grunnlov som bestemmer den nye presidentens oppgaver, kan mer uro være i vente.
Kultur & medier
Fredag 25. mai, 2012
Poet refser oljegiganten

Poet refser oljegiganten

For et år siden mottok han penger fra Statoil. Nå skriver Helge Torvund dikt om selskapets oljesandprosjekt.
Dagens leder
Fredag 25. mai, 2012
Bjørgulv Braanen
Ny praksis

Ny praksis

Dagens leder
Powered by eonBIT