Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, fredag 25. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120525
Innenriks
Mandag 16. juli, 2001

Kanskje kommer kongen

Mandag 16. juli, 2001

Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
Denne gongen er det heilt sikkert. Kongen av moderne improvisasjonsgitar kjem til jazzfestivalen i Molde. Det er 13 år sidan eg fyrst møtte han, på kassett. Denne gongen er det heilt sikkert. Kongen av moderne improvisasjonsgitar kjem til jazzfestivalen i Molde. Det er 13 år sidan eg fyrst møtte han, på kassett.

Vi var 14 år. Vi hadde gått vegen frå Kiss-fascinasjon, via det som verre var, til 70-talets doble platecover frå band som presumptivt var meir kunstneriske og mindre kommersielle, i og med at dei hadde skikkeleg lange låtar og ikkje berre song om drikking og lett metaforisk om puling. Eg hadde kjøpt min fyrste lp med den kanadiske trioen Rush sommaren eg fylte 12 (klassiske 2112 frå 1976, åff kårs), eg kunne alle tekstane på rams, og no stod eg her altså, i skulegarden på Blussuvoll ungdomsskule, eg hadde 15 Rushplater og fått med meg Marillion, Jethro Tull, Dream Theater og andre rare folk og dyr, og her stod det altså ein fyr frå niandeklassen og sa jazz. Kjella høyrde på jazz. Eg hadde spelt gitar sidan sjuande, og hadde vel i løpet av dette året forstått at jazz var ein stad eg skulle til, før eller seinare. Jazz hang litt høgare, liksom. Og når Kjella ? som alle visste var dritgod på gitar ? sa jazz, så måtte det bli jazz.DøropnarenJazz er så mangt. Eit ungt sinn kan bli skremt vekk dersom det fyrste møtet er for mykje free-bag, eit ord eg snart skulle læra meg. Men Kjella visste korleis han skulle gå fram for å hekta kvit middelklasseungdom med mangslungen rockebakgrunn. Det var enkelt: Gje dei kassettar med utvalde verk av jazzmusikarar som voks opp som kvit middelklasseungdom med mangslungen rockebakgrunn. Så blir ikkje overgangen for stor, men døra inn til Improvisert Musikk er opna, ein gong for alle. Det var gitaren til Pat Metheny som vridde om nøkkelen. For ein melodi! For ein rytme! Gjennom siste halvdel av 1970-talet hadde det unge stortalentet bygd eit stendig større kvitt middelklassepublikum med både høg og låg bakgrunn. Pat Metheny Group var korkje jazz eller rock eller eigentleg fusion, og ikkje var det midt i mellom heller. Då Kjella kom med den fyrste kassetten, på slutten av 1980-talet, var Metheny berre stor. Ein av dei største i jazzverda. Rush-platene vart ståande stendig meir urørte. Dei står vel der oppe i Trondheim enno.Trondheim, igjenPat Metheny og Charlie Haden. Pat Metheny og Trondheim Jazzorkester. Pat Metheny og Silje Nergaard. Pat Metheny og Håkon Korstad Trio. Pat Metheny og Arild Andersen. Arrgh! Pat Metheny er «Artist in residence» under årets Moldejazz, slik meisterpianist Chick Corea var det til vedvarande jubel i fjor. Og eg skal dit. I'm there!Når du les dette kan showet alt vera i gang. Jazzfestivalen og Erlend Skomsvoll, bandsjef for Trondheim Jazzorkester, har skaffa seg litt av ei fallhøgd ved å plassera konserten der Metheny møter ungt talent frå Jazzlina ved konservatoriet i Trondheim aller fyrst i programmet. I fjor vart den tilsvarande seansen med Chick Corea eit Moldehistorisk høgdepunkt av dei store. Ergo er forventningane desto større i år. Men om nokon fiksar å hoppa etter Wirkola er det vel Wirkola sjølv (Skomsvoll)? Rapport og stilkarakterar kjem i onsdagsavisa (vi har notorisk tidlege daudliner ? Klassekampen blir ikkje heilt den same utan). Erykah BaduMolde gjev oss masse Pat Metheny i år. Need I say more? Sjølvsagt må eg det. Ung souldronning og Grammy-vinnar Erykah Badu er trekkplaster på utescena ved Romsdalsmuseet. Det er også bluesgitarlegenda BB King. King har vel strengt teke ikkje så mykje på ein jazzfestival å gjera, men det er folkefest, og slikt finansierer sikkert andre og meir relevante innslag ?Som for eksempel den politiske bassist Charlie Haden og hans Quartet West. Eller møtet mellom den norske trioen Krøyt og den svenske Fläskkvartetten. Og møtet mellom stavangerske Cloroform og Harlem Gospel Quartet. For ikkje å snakka om all moroa som blir servert av Blå, klubben som kvart år flyttar seg frå Oslo til Molde for å setja sin farge på den venaste veka av alle. I'm there!magnus.marsdal@klassekampen.no

Vi var 14 år. Vi hadde gått vegen frå Kiss-fascinasjon, via det som verre var, til 70-talets doble platecover frå band som presumptivt var meir kunstneriske og mindre kommersielle, i og med at dei hadde skikkeleg lange låtar og ikkje berre song om drikking og lett metaforisk om puling. Eg hadde kjøpt min fyrste lp med den kanadiske trioen Rush sommaren eg fylte 12 (klassiske 2112 frå 1976, åff kårs), eg kunne alle tekstane på rams, og no stod eg her altså, i skulegarden på Blussuvoll ungdomsskule, eg hadde 15 Rushplater og fått med meg Marillion, Jethro Tull, Dream Theater og andre rare folk og dyr, og her stod det altså ein fyr frå niandeklassen og sa jazz. Kjella høyrde på jazz. Eg hadde spelt gitar sidan sjuande, og hadde vel i løpet av dette året forstått at jazz var ein stad eg skulle til, før eller seinare. Jazz hang litt høgare, liksom. Og når Kjella ? som alle visste var dritgod på gitar ? sa jazz, så måtte det bli jazz.DøropnarenJazz er så mangt. Eit ungt sinn kan bli skremt vekk dersom det fyrste møtet er for mykje free-bag, eit ord eg snart skulle læra meg. Men Kjella visste korleis han skulle gå fram for å hekta kvit middelklasseungdom med mangslungen rockebakgrunn. Det var enkelt: Gje dei kassettar med utvalde verk av jazzmusikarar som voks opp som kvit middelklasseungdom med mangslungen rockebakgrunn. Så blir ikkje overgangen for stor, men døra inn til Improvisert Musikk er opna, ein gong for alle. Det var gitaren til Pat Metheny som vridde om nøkkelen. For ein melodi! For ein rytme! Gjennom siste halvdel av 1970-talet hadde det unge stortalentet bygd eit stendig større kvitt middelklassepublikum med både høg og låg bakgrunn. Pat Metheny Group var korkje jazz eller rock eller eigentleg fusion, og ikkje var det midt i mellom heller. Då Kjella kom med den fyrste kassetten, på slutten av 1980-talet, var Metheny berre stor. Ein av dei største i jazzverda. Rush-platene vart ståande stendig meir urørte. Dei står vel der oppe i Trondheim enno. Trondheim, igjenPat Metheny og Charlie Haden. Pat Metheny og Trondheim Jazzorkester. Pat Metheny og Silje Nergaard. Pat Metheny og Håkon Korstad Trio. Pat Metheny og Arild Andersen. Arrgh! Pat Metheny er «Artist in residence» under årets Moldejazz, slik meisterpianist Chick Corea var det til vedvarande jubel i fjor. Og eg skal dit. I'm there!Når du les dette kan showet alt vera i gang. Jazzfestivalen og Erlend Skomsvoll, bandsjef for Trondheim Jazzorkester, har skaffa seg litt av ei fallhøgd ved å plassera konserten der Metheny møter ungt talent frå Jazzlina ved konservatoriet i Trondheim aller fyrst i programmet. I fjor vart den tilsvarande seansen med Chick Corea eit Moldehistorisk høgdepunkt av dei store. Ergo er forventningane desto større i år. Men om nokon fiksar å hoppa etter Wirkola er det vel Wirkola sjølv (Skomsvoll)? Rapport og stilkarakterar kjem i onsdagsavisa (vi har notorisk tidlege daudliner ? Klassekampen blir ikkje heilt den same utan). Erykah BaduMolde gjev oss masse Pat Metheny i år. Need I say more? Sjølvsagt må eg det. Ung souldronning og Grammy-vinnar Erykah Badu er trekkplaster på utescena ved Romsdalsmuseet. Det er også bluesgitarlegenda BB King. King har vel strengt teke ikkje så mykje på ein jazzfestival å gjera, men det er folkefest, og slikt finansierer sikkert andre og meir relevante innslag ?Som for eksempel den politiske bassist Charlie Haden og hans Quartet West. Eller møtet mellom den norske trioen Krøyt og den svenske Fläskkvartetten. Og møtet mellom stavangerske Cloroform og Harlem Gospel Quartet. For ikkje å snakka om all moroa som blir servert av Blå, klubben som kvart år flyttar seg frå Oslo til Molde for å setja sin farge på den venaste veka av alle. I'm there!magnus.marsdal@klassekampen.no

Innenriks
Fredag 25. mai, 2012
Statsrådene må koke kaffe selv

Statsrådene må koke kaffe selv

KAMPVILJE: Statens forhandlingsleder Rigmor Aasrud hentet selv kaffen og tok telefonen i går. Hennes eget forværelse sto streikevakt.
Utenriks
Fredag 25. mai, 2012
Valgets tikkende bombe

Valgets tikkende bombe

ULØST: Egypterne håper på stabilitet etter presidentvalget. Men uten en grunnlov som bestemmer den nye presidentens oppgaver, kan mer uro være i vente.
Kultur & medier
Fredag 25. mai, 2012
Poet refser oljegiganten

Poet refser oljegiganten

For et år siden mottok han penger fra Statoil. Nå skriver Helge Torvund dikt om selskapets oljesandprosjekt.
Dagens leder
Fredag 25. mai, 2012
Bjørgulv Braanen
Ny praksis

Ny praksis

Dagens leder
Powered by eonBIT