Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, torsdag 9. februar, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120209
Innenriks
Mandag 30. desember, 2002

Årets namn

Mandag 30. desember, 2002

Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
Dei to som streika i over fire månader ved Ashland blir neppe utropt til årets namn. Avisene nominerer heller Erna Solberg; som var uredd i møtet med folkelege protestar.

  I over 17 veker, frå juni til oktober, streika to modige kvinner for tariffavtale. Eit enkelt og rettferdig krav. Motstandaren var eit enormt amerikansk konsern med 25.000 tilsette i 140 land, og ei årleg inntekt på 50 milliardar kroner. For to år sidan kjøpte Ashland, som konsernet heiter, ei lita salsbedrift i Larvik. Då to av dei fem tilsette kravde tariffavtale for å sikra seg ordna lønns- og arbeidsvilkår, svarte Ashland at ein slik avtale «er i strid mot bedriftas policy», og nekta å skriva under.

Både bedrifta og fagrørsla forsto det prinsipielt viktige i saka. Utanlandske selskap som etablerer seg i Noreg vil ikkje ha kollektive avtalar som betrar dei tilsette sine arbeidsforhold og gir fagrørsla innverknad ved bedrifta. Dersom kravet frå dei to streikande ikkje vann fram, ville det oppmuntra også andre multinasjonale bedrifter til å avvisa tariffkrav. Tradisjonar som er opparbeidd gjennom fleire tiårs kamp ville vera på rask retur. Derfor var dei enkle krava til to kvinner i Larvik så farlege, og derfor varte konflikten i fleire månader.

  Retten til tariffavtale og rimelege lønns- og arbeidsvilkår handlar om makt, og kampen for slike rettar møter maktmisbruk. Daglegdags er åtvaringane om at ein mister jobben dersom ein ikkje tar til takke. Men då hamnearbeidarane på vestkysten i USA i år forhandla om ny tariffavtale, truga president Bush med militær intervensjon dersom dei gjekk til streik. I Indonesia overvakar militæret arbeidsplassane for å halda nede organisert motstand mot dei umenneskelege forholda i frihandelssonane, der dei multinasjonale konserna hentar sitt største overskot.

Når 2002 skal oppsummerast er det lett å festa seg ved tilbakeslaga. Den konsernstyrte globaliseringa er på frammarsj. Forhandlingane i Verdas Handelsorganisasjon gjekk fleire skritt tilbake, sett frå synspunktet til arbeidsfolk verda over. Vi høyrer stadig oftare om privatisering, nedlegging og oppkjøp av arbeidsplassar, med nye og mindre omsynsfulle eigarar. Vi høyrer sjeldnare om den vellykka motstandskampen.

  At den vesle, men langvarige streiken ved Ashland i Larvik enda med siger, viser at motstanden finst der ein minst hadde venta det. Dei streikande fekk den multinasjonale giganten i kne, som måtte godta reglane i Handel og Kontor sine kollektive avtalar. Over heile verda føregår liknande kampar, meir eller mindre usynlege i dominerande vestlege media. Det er kampar for rettferd, kampar for å kunna overleva på arbeidet sitt, kampar for å ta makta frå dei framrykkande konserna.

At det ikkje alltid er så lett å få auge på folkets kamp er ikkje eit prov på at han ikkje finst. Snarare er det slik at trua på historias slutt sit djupt i dei som definerer kva som er verd mediedekning. At folk framleis kjempar mot «utviklinga» passar ikkje inn. Anette Hasle og Ann-Mari Härter frå Larvik blir neppe utropt til årets namn når 2002 skal oppsummerast. Til det nominerer avisene heller ein statsråd som Erna Solberg, fordi ho har vist seg så uredd i møtet med folkelege protestar mot kutt i kommuneøkonomien.

  Men det er folket si historie som ein gong skal vera pensum. Det er historia om tusental, millionar av menneske som ikkje tok imot kva som helst, som tok opp kampen mot overmakta, og som ikkje gav seg under massivt press ? om det kom i form av militærmakt, trugsmål om å mista jobben eller usynleggjering. «Ja, her står vi, og vi lar oss ikkje skremma av trugsmål», sa Anette Hasle då streiken starta.

Dei to som heldt ut ein streik i over fire månader kjempa ein prinsipielt viktig kamp for arbeidsrettar, og deira kamp vil koma mange andre til gode. Men like viktig er det at dei viste kva det vil seia å vera menneske. Eit menneske lar seg ikkje hersa med, eit menneske tar ikkje til takke. Det er inspirasjon nok for heile neste år.

Leder i Sosialistisk Ungdom

Kultur & medier
Torsdag 9. februar, 2012
Vanskelig virkelighet

Vanskelig virkelighet

Sju år gammel møter Margaux Fragoso den femtien år gamle Peter. Da han begikk selvmord skrev hun bok om det hun velger å kalle et 15 år langt forhold.
Utenriks
Torsdag 9. februar, 2012
Goliat står fjellstøtt

Goliat står fjellstøtt

AVGJORT?: Rick Santorum påfører Mitt Romney pinlige valgsmeller. Men Demokratene er fortsatt sikre på at det er pengesterke Romney de skal kjempe mot i presidentvalget.
Innenriks
Torsdag 9. februar, 2012
Bestrider ikke diagnosen

Bestrider ikke diagnosen

UKLART: Anders Behring Breivik mener sakkyndigrapporten er full av feil. Men han har ennå ikke gjort seg opp en mening om egen tilregnelighet, sier hans forsvarer Geir Lippestad.
Dagens leder
Torsdag 9. februar, 2012
Bjørgulv Braanen
Modellen

Modellen

Dagens leder
Powered by eonBIT