Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, fredag 10. februar, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120209
Innenriks
Fredag 27. desember, 2002

Vil ha rom for ja-folk

Fredag 27. desember, 2002

Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
Tidlegare stortingsrepresentant Inge Myrvoll er ein av dei SV-arane som ikkje lovar at han vil seia nei neste gong han blir spurt om Noreg bør bli med i EU. Han er ikkje den einaste.

Inge Myrvoll ønskjer seg eit meir ope SV i spørsmålet om EU. Myrvoll er tidlegare stortingsrepresentant og samferdselspolitisk ansvarleg for SV. Han er no leiar for Nordland SV og ordførarkandidat i Rana.

Både i 1972 og 1994 var Myrvoll aktiv på nei-sida. No veit han ikkje kvar han står, og helsar ein ny EU-debatt i SV velkommen.

? Eg trur det er bra at vi får ein debatt i SV der vi kan drøfta om vi ser annleis på EU enn vi har gjort til no, seier han til Klassekampen.

? Blir det aktuelt med nye forhandlingar om norsk EU-medlemskap, vil eg gjerne sjå forhandlingsresultatet før eg avgjer mitt eige standpunkt, seier Myrvoll. I 1972, da han kjempa for nei-sida, la han mest vekt på den nasjonale argumentasjonen, medan han var meir oppteken av EU si sosiale rolle i 1994.

Før Myrvoll vart attvald som leiar for fylkespartiet for snart eit år sia, varsla han at han ikkje står fast på nei-standpunktet i EU-spørsmålet.

Ulempene

? Med EØS-avtalen har vi fått så godt som alle ulempene vi argumenterte mot i 1994, og er for ein stor del økonomisk integrerte i EU. Nei-argumenta frå 1994 har ikkje same tyngd som før, seier Myrvoll.

? Du har partikollegaer som argumenterer for at Noreg bør ut av EØS?

? Eg veit ikkje kva vi da ville stå att med, og kan ikkje sjå for meg at vi politisk kjem dit at det vil vera realistisk å gå ut av EØS.

Partileiar Kristin Halvorsen opplyste denne veka at SV med det første skal utarbeida eit nytt EU-dokument for partiet.

EU mot USA

SV-politikaren er oppteken av kva som går føre seg på den internasjonale arenaen, og kva rolle EU kan spela som motmakt mot USA.

? På den internasjonale arenaen må ein delta i samarbeidsrelasjonar, og eg stiller spørsmålet om EU er ein slik arena der Noreg bør vera med. EU vil i tida som kjem påverka den internasjonale utviklinga sterkt, og vi blir prega av den. Kanskje kan det vera lettare å få til eit internasjonalt venstresidesamarbeid innafor enn utafor EU, spør Myrvoll.

? Er det endringar i EU som har fått deg til å revurdera nei-standpunktet?

? At det som først var eit reint økonomisk samarbeid, har utvikla seg til også å bli meir politisk samarbeid, har ikkje gjort meg meir negativ.

? Du fryktar ikkje ei utvikling av «Europas sameinte statar»?

? Eg meiner det kan vera positivt å få ein internasjonal arena som kan ta avgjerder som er forpliktande for alle partar. Eg er oppteken av at vi skal delta der vi kan påverka, og blir det resultatet, ser eg ikkje så negativt på det å gi frå seg noko av det nasjonale sjølvstendet. Eg er open for ei utvikling av eit politisk samarbeid, og det ville vera bra om det kunne dra i progressiv lei.

? Kva seier du til dei som meiner det er viktig å ha ei sjølvstendig røyst i internasjonale fora utanfor EU, slik som det har vore sagt ein del om etter toppmøtet i Johannesburg?

? Er vi utanfor, må vi sjølvsagt bruka den rolla så langt vi kan. Men eg er noko usikker på kor ofte og kor mykje det vil la seg gjera, seier Myrvoll.

Ja-rom i SV

Når vi spør om det hastar med ein ny EU-debatt i Noreg, tar SV-politikaren ein tenkepause før han svarer.

? Eg synest ikkje det hastar med ein norsk medlemskapsdebatt.

Men Myrvoll ønskjer seg eit meir ope SV. Han trur ikkje medlemmene har forandra så mykje på sitt syn på EU, men reknar med at veljarmassen har blitt meir samansett etterkvart som partiet har fått større oppslutnad.

? Eg trur framleis SV vil vera eit parti på nei-sida. Men det må vera arbeidsrom for ja-folk i partiet, meir slik det har vore i Arbeidarpartiet.

Myrvoll forsikrar at han sjølv respekterer at han er fylkesleiar for eit nei-parti i nei-land. Han minner også om at sjølv om han i februar i år varsla fylkespartiet om EU-tvilen sin før årsmøtet, vart han samrøystes attvald.

? Eg vil ikkje provosera. Blir Nordland SV invitert til EU-debatt, ber eg andre om å representera partiet, seier ordførarkandidaten, som ikkje ventar at EU-debatten skal bli spesielt viktig i det kommande kommunevalet.

Kultur & medier
Fredag 10. februar, 2012
Bedre enn sitt rykte

Bedre enn sitt rykte

Færre og færre lærer tysk. Med dette står nordmenn i fare for å miste viktige deler av egen selvforståelse, mener Helge Jordheim.
Utenriks
Fredag 10. februar, 2012
Skyhøyt spill om Syria

Skyhøyt spill om Syria

HØY INNSATS: Spillet rundt Syria er en kamp om regionale interesser, mener analytiker Rakha Ahmed Hassan.
Innenriks
Fredag 10. februar, 2012
Truer med vikardissens

Truer med vikardissens

NEKTER: Audun Lysbakken sier SV er villig til å ta ut dissens i regjeringen mot vikarbyrådirektivet. Mandag sier også Sp nei. Dermed må Ap få hjelp av Høyre for å vinne vikarkrigen mot LO i Stortinget.
Dagens leder
Fredag 10. februar, 2012
Bjørgulv Braanen
Flybonus

Flybonus

Dagens leder
Powered by eonBIT