Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, tirsdag 7. februar, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120207
Innenriks
Mandag 2. desember, 2002

– «Rettferdig handel» er ei avsporing

Mandag 2. desember, 2002

Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
KONFERANSE: Det trengst ei omfattande omstrukturering av produksjon og handel i tredje verda. «Rettferdig handel», som kan gi nokre øre meir til dei som produserer te eller kaffe, rører ikkje ved dei vesentlege spørsmåla, seier Dot Keet.

? Marknadsføringa av «Rettferdig handel» legg vekt på folks rolle som forbrukarar, og betyr meir for den nordlege forbrukaren sitt samvit enn for folk i Sør. Skal vi endra noko, er det viktigaste å vera der folk kjempar, og sjå på korleis folk i Nord kan vera med og påverka dei politiske avgjerdene som legg premissane for produksjon og handel i Sør, seier forskar og aktivist Dot Keet til Klassekampen. Keet er knytt til Alternative Information and Development Center (AIDC) i Cape Town, Sør-Afrika. Ho har i helga vore ein sentral innleiar og debattant på Globaliseringskonferansen i Oslo.

Keet er oppteken av at landa i den tredje verda må få sjansen til å utvikla ein mangfaldig produksjon som også kan gi grunnlag for vidareforedling av råvarene i dei einskilde landa.

Det krev fundamentale endringar i eksisterande reglar for liberalisering og frihandel, først og fremst i og gjennom WTO.

Nordleg solidaritet

? Den viktigaste måten folk i Nord kan visa solidaritet med Sør på, er å delta i masserørsler og andre politiske aktivitetar som kan påverka dei respektive regjeringane i Nord, og fortelja folk kva desse regjeringane er med på i forhold til WTO og landa i Sør, seier Keet.

? Under WTO-ministermøtet i Doha hausten 2001 var dei afrikanske regjeringane under sterkt press frå dei nordlege regjeringane, legg ho til.

Meir enn femti utviklingsland får halvparten av eksportinntektene sine frå tre eller fire eksportvarer, og er tilsvarande sårbare for endringar og manipulering i den internasjonale varemarknaden, ein marknad der dei korkje har innverknad eller kontroll.

? Den opplagde løysinga ligg i å skapa ein variert økonomi med eit mangfald av eksportprodukt. Men det trengst også å endra den rolla eksporten spelar innan økonomien i dei einskilde landa, seier Keet. Ho forklarer korleis dette heng saman med at den økonomiske liberaliseringa har ført til fall i den nasjonale jordbruks- og industriproduksjonen. Frå 1989 til 2000 auka forholdet mellom handel og brutto nasjonalprodukt (BNP) frå 38 prosent til 43 prosent i Afrika sør for Sahara. For dei 49 «minst utvikla landa» (MUL-landa) er denne prosenten 50, medan den for OECD-landa i snitt ligg på 20 prosent.

Auka regional handel

Frå både styremakter i rike land, Verdsbanken, Det internasjonale pengefondet og andre nyliberalistiske støttespelarar blir dei fattigaste landa kritiserte for å vera «for lite integrerte» i den globale økonomien.

? Denne kritikken er feilaktig. Auka handel med andre land kan like gjerne gjera desse landa enda meir sårbare for eksterne kriser, seier forskaren. I staden for meir handel frå Sør til Nord, meiner ho løysinga ligg i meir handel på regionalt nivå, og økonomisk samarbeid mellom naboland og land innafor regionen, i tillegg til at vidareforedling av råvarene før eksport ville gi store fordelar for den nasjonale økonomien, framfor alt jobbskaping.

? Men det er eit paradoks at dersom eit land skal komma høgare opp på den økonomiske stigen og ut av «MUL-kategorien», møter dei skyhøg vernetoll mot dei produkta dei legg ut på marknaden. Avgiftene kan vera hundre gonger større enn dei avgiftene som dei industrialiserte landa kan leggja på eksport til kvarandre, det sterkaste uttrykket for dei rike landa sin egoistiske proteksjonisme, seier Keet.

Kultur & medier
Tirsdag 7. februar, 2012
Livsnødvendig fantasi

Livsnødvendig fantasi

I dag er det 200 år siden forfatteren Charles Dickens ble født. Bøkene hans er fremdeles aktuelle, mener litteraturprofessor Tore Rem.
Utenriks
Tirsdag 7. februar, 2012
- EU er et eliteprosjekt

- EU er et eliteprosjekt

KRITISK: Georgios Papandreou mener EUs kuttpolitikk er feil, og langer ut mot storselskapenes politiske makt. Løsningen ser han i et mer demokratisk EU.
Innenriks
Tirsdag 7. februar, 2012
Splittet om løslatelse

Splittet om løslatelse

ULIKT FORSVAR: Mens Anders Behring Breivik mener han er tilregnelig og handlet i nødverge, ønsker hans forsvarer Geir Lippestad løslatelse på grunnlag av utilregnelighet.
Dagens leder
Tirsdag 7. februar, 2012
Bjørgulv Braanen
Ny fengsling

Ny fengsling

Dagens leder
Powered by eonBIT