Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, fredag 25. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120525
Innenriks
Fredag 5. desember, 2003

Vil ha meir straff

Fredag 5. desember, 2003

Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
Menns vald mot kvinner må straffast hardare. Det er ein av konklusjonane frå det regjeringsnedsette Kvinnevoldsutvalget.

To års arbeid ligg bak utgreiinga «Retten til et liv uten vold», som i går vart presentert av det breitt samansette Kvinnevaldsutvalet.

? Menns vald mot kvinner er grunnleggjande brot på kvinners menneskerettar, og fars vald mot mor er eit grunnleggjande svik mot barnet, seier utvalsleiar Nita Kapoor.

Utvalet konstaterer at det er stor mangel på kunnskap om kor omfattande valden mot kvinner er i Noreg. Ifølgje Statistisk sentralbyrå si levekårsundersøking i 2001 hadde 5,5 prosent av norske kvinner vore utsette for vald eller alvorlege trugsmål frå ein person dei har ein nær relasjon til dette året.

? Dette tyder på eit minimum på mellom 10.000 og 20.000 valdsutsette kvinner på landsbasis i dette eine året, og 12.000 til 24.000 barn som opplevde at mor vart utsett for vald, seier Kapoor.

Nye straffereglar

Kapoor peiker på at dagens straffelov ikkje fangar opp heilskapen i den valden menn utøver mot kvinner. Ho understrekar spesielt at det er viktig å få straffereglar som tar omsyn til den omfattande psykiske valden. Kvinnevaldsutvalet har ikkje tatt for seg utforminga av nye lovparagrafar. Utvalet ber regjeringa setja ned eit utval som kan utforma straffereglar som kan fanga opp det komplekse i valden mot kvinner i nære relasjonar.

Utvalet meiner også at straffenivået i saker om vald mot kvinner i nære relasjonar bør hevast.

? Strengare straff vil også ha ein normativ effekt, understrekar Kapoor.

Justisminister Odd Einar Dørum støttar desse tilrådingane frå utvalet.

? Mitt syn er at vald i nære relasjonar skal etterforskast som drap frå første stund, seier justisministeren.

Lovfesting

Utvalet understrekar den viktige rolla krisesentra spelar for å gi tilbod til valdsutsette kvinner, og går inn for at krisesentertilbodet blir lovfesta.

? Vi ønskjer ei krisesenterlov som gir kommunane plikt til å sjå til at det finst eit krisesentertilbod, kommunalt eller interkommunalt, men tar ikkje stilling til kven som skal finansiera sentra. Finansieringa av krisesentra overlet vi til regjeringa å finna ut av, seier Kapoor.

Tove Smaadahl er leiar for Krisesentersekretariatet og medlem av Kvinnevaldsutvalet. Ho ser positivt på framlegget om lovfesting.

? Det vil alltid vera ein viss frykt for at statleg styring skal innskrenka vår handlefridom, vi må vera klare på kva vi ønskjer. Det aller viktigaste trur eg er å halda fast på kvinneperspektivet i krisesentra sitt arbeid. Eg har sett tragiske eksempel på at somme krisesenter fokuserer på «familievald» istadenfor «menns vald mot kvinner», da blir kjønnsperspektivet borte. Det meiner eg er feil veg å gå, seier leiaren for Krisesentersekretariatet.

Utgreiinga frå Kvinnevaldsutvalet blir no sendt ut på høyring, med høyringsfrist 8. mars 2004.

Fredag 25. mai, 2012
Statsrådene må koke kaffe selv

Statsrådene må koke kaffe selv

KAMPVILJE: Statens forhandlingsleder Rigmor Aasrud hentet selv kaffen og tok telefonen i går. Hennes eget forværelse sto streikevakt.
Utenriks
Fredag 25. mai, 2012
Valgets tikkende bombe

Valgets tikkende bombe

ULØST: Egypterne håper på stabilitet etter presidentvalget. Men uten en grunnlov som bestemmer den nye presidentens oppgaver, kan mer uro være i vente.
Kultur & medier
Fredag 25. mai, 2012
Poet refser oljegiganten

Poet refser oljegiganten

For et år siden mottok han penger fra Statoil. Nå skriver Helge Torvund dikt om selskapets oljesandprosjekt.
Dagens leder
Fredag 25. mai, 2012
Bjørgulv Braanen
Ny praksis

Ny praksis

Dagens leder
Powered by eonBIT