Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, fredag 10. februar, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120210
Innenriks
Mandag 1. desember, 2003

Mishandla kvinner nektas opphald

Mandag 1. desember, 2003

Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
«Carmen» (30) kom til Noreg for å gifta seg med kjærasten frå heimlandet. Etter eit år vart samlivet så vanskeleg at ho valde å bryta ut. No risikerer ho å mista retten til å bu og arbeida i Noreg. Advokat Bente Oftedal Roli ser ein tendens til fleire avslag frå UDI i slike saker.

Advokat Bente Oftedal Roli har i løpet av kort tid registrert avslag på heile fire saker der mishandla kvinner har søkt opphald i Noreg etter samlivsbrott. Ho er forundra over å sjå ein tendens til ei innstramming av praksisen frå Utlendingsdirektoratet (UDI) si side. Oftedal Roli har lang erfaring med saker som gjeld mishandla kvinners rett til opphald, både frå eigen advokatpraksis og frå den jobben ho gjer gjennom Fri rettshjelp i Oslo, og meiner alle dei fire sakene ligg innafor dei retningslinene som skulle sikra kvinnene rett til opphald i Noreg.

Manuela Ramin-Osmundsen, assisterande direktør i UDI, forsikrar overfor Klassekampen at det ikkje er tale om endra praksis frå UDI si side.

? Utlendingsstyremaktene har eit sterkt fokus på vald mot kvinner, som er eit prioritert område hos oss. Men einskildsaker kan eg ikkje kommentera. Ein kan ikkje sjå bort frå at det i einskildsaker kan vera element som gjera at saka stiller seg annleis enn det ein først får inntrykk av, seier Ramin-Osmundsen.

Nekta å søkja råd

«Carmen» (30) frå Latin-Amerika er ei av dei som har opplevt at mannen som ønskte henne velkommen til Noreg, og hadde teikna ei bilete av ei god framtid her, med både arbeid og studier, viste heilt andre sider etterkvart som ho lærte seg norsk og hadde eigne meiningar om korleis det felles livet deira skulle ordnast. Ho opplevde både psykisk og fysisk mishandling, og søkte råd hos Kriseseneret.

? Det var vondt å oppleva at alt vart så heilt annleis. Heime hadde eg jobb, og eg studerte på universitetet om kvelden. Eg reiste hit fordi eg trudde eg skulle få eit godt liv i lag med mannen eg hadde blitt kjend med i heimlandet mitt, hadde til og med venta i fleire år før eg kunne reisa hit. Etter kvart som eg opplevde at han ville kontrollera alt eg gjorde, og at vi krangla mykje, prøvde eg å foreslå at vi saman skulle søkja råd for å løysa problema våre. Det var han heilt avvisande til. Istaden vart mishandlinga verre og meir uuthaldeleg, fortel ho.

Etter at ho hadde vore på Krisesenteret første gong, prøvde ektemannen å hindra henne i å dra dit fleire gonger, og kom med alvorlege trugsmål. Dersom ho prøvde komma seg unna etter at dei hadde krangla, brukte han makt for å halda henne tilbake.

Avslag

Til slutt såg ho ikkje anna råd enn å flytta ut, og søkja separasjon. «Carmen» er i full jobb i Oslo kommune, men etter avslaget frå UDI står ho i fare for å mista både opphalds- og arbeidsløyve.

UDI skriv i avslagsbrevet at opplysningane om mishandling frå den tidlegare ektemannen, «ikke i seg selv er nok til å konstatere at det foreligger mishandling». At han har prøvd å ta kvelartak på henne, og halde henne fast med makt, eller at psykologen hennar dokumenterer at ho har vore prega av angst og depresjon som følgje av eit vanskeleg ekteskap, er ikkje nok.

? Dette er heilt i strid med det som har vore slått fast som føremålet med retningslinene for behandling av slike saker, og det eg har sett i tidlegare saker som har svært mykje til felles med «Carmen» si sak, seier Oftedal Roli. ? Meininga var nettopp at kvinner ikkje skal tvingast til å bli i mishandlingsforhold for å få lov til å bli i landet. Blir slike avgjerder ståande, gir det meir makt til dei mest mannssjåvinistiske mennene, legg ho til.

Klage i «Carmen» si sak er sendt til UDI. Dersom den ikkje blir omgjort der, vil klagen gå vidare til behandling i Utlendingsnemnda.

Kultur & medier
Fredag 10. februar, 2012
Bedre enn sitt rykte

Bedre enn sitt rykte

Færre og færre lærer tysk. Med dette står nordmenn i fare for å miste viktige deler av egen selvforståelse, mener Helge Jordheim.
Utenriks
Fredag 10. februar, 2012
Skyhøyt spill om Syria

Skyhøyt spill om Syria

HØY INNSATS: Spillet rundt Syria er en kamp om regionale interesser, mener analytiker Rakha Ahmed Hassan.
Innenriks
Fredag 10. februar, 2012
Truer med vikardissens

Truer med vikardissens

NEKTER: Audun Lysbakken sier SV er villig til å ta ut dissens i regjeringen mot vikarbyrådirektivet. Mandag sier også Sp nei. Dermed må Ap få hjelp av Høyre for å vinne vikarkrigen mot LO i Stortinget.
Dagens leder
Fredag 10. februar, 2012
Bjørgulv Braanen
Flybonus

Flybonus

Dagens leder
Powered by eonBIT