Kald jul for flyktningar
To månader har gått sia tretten etiopiske flyktningar sveltestreika i domkyrkja i Oslo i protest mot både avslag på asylsøknader og det at dei vart nekta naudhjelp. Etter det har regjeringsrepresentantar fleire gonger uttalt at her i landet skal ingen svelta og frysa. I Oslo er det oppretta eit såkalla «ventemottak» med rom for 50 menneske. Til no har berre fire personar blitt innlosjerte der. Forklaringa er at sosialkontora har nekta å gjera vedtak som gir folk rett til tak over hovudet.
Ataklti Grmai (30) frå Etiopia er ein av dei som forgjeves har prøvd å få hjelp frå sosialkontoret. Han får fått endeleg avslag på både asylsøknad og klage, men å reisa tilbake til Etiopia er ikkje noko alternativ.
Ikkje tak over hovudet
- Eg kan ikkje reisa tilbake. Hadde det vore aktuelt, hadde eg reist for lenge sia, seier han.Da han første gong søkte hjelp på Grorud sosialkontor, fekk Grmai berre beskjed om å kontakta IOM (International Organization for Migration) for å få ordna med frivillig retur. Omsider fekk han eit vedtak om 250 kroner til mat i fem dagar «slik at søker kan ta kontakt med IOM for å avtale tidspunkt for retur til hjemlandet ...», men inga hjelp til å få tak over hovudet i denne perioden. Han har dessutan ikkje identitetspapir, og måtte forhandla lenge med banken for å få utbetalt dei 250 kronene.
For å kunne klaga på behandlinga måtte han ha eit skriftleg avslag frå sosialkontoret. Han fekk beskjed om å fylla ut ny søknad og komma tilbake etter tre veker.
- Kva skulle eg leva av i dei tre vekene, spør Grmai. Ventetida vart forhandla ned til ei veke. Avslagsbrevet seier tydeleg at han som har fått avslag på asylsøknaden, heller ikkje skal ha sosialhjelp: «... sosialtjenesten må forholde seg til UDIs avgjørelse og at personer med endelig avslag plikter å forlate landet.»
Grmai har klaga til fylkesmannen på avslaget, men veit ikkje når han kan venta eit svar.
Sosialministeren
Medan jula nærmar seg i norske heimar, ventar Grmai og andre i same situasjon på svar frå fylkesmannen. Nettverket mot statlig rasisme har hjelpt til med å skaffa privat innkvartering til nokre av dei som er vanskelegast stilte, og Norges kristelige studentforbund har stilt nokre ledige studenthyblar til disposisjon. For Grmai har det blitt ei løysing på kort sikt.Ingen veit nøyaktig kor mange som er i denne situasjonen i Noreg. Rune Berglund Steen, fagsjef i Norsk organisasjon for asylsøkere (Noas) meiner det kan dreia seg om minst 50 i Oslo.
Arbeids- og sosialminister Dagfinn Høybråten varsla i går at sosialkontora må ta ansvar for å sikra naudhjelp til dei som treng det.
Oslo vurderer
Kristin Ravnanger, statssekretær i Arbeids- og sosialdepartementet (ASD), har vore i kontakt med Oslo kommune, og fått stadfesta at sosialkontora vurderer naudhjelp.- Oslo kommune forsikrar at dei vurderer naudhjelp for dei som søkjer om det.
- Kan ASD dermed vera nøgd med situasjonen i Oslo, når berre fire har fått rett til å bu i det såkalla «ventemottaket» i Langes gate?
- Vi kan ikkje anna enn vera nøgde med at Oslo kommune seier dei gjer det vi har sagt dei skal gjera, seier statssekretæren.
- Byråden seier det har gått klare signal til sosialkontora om at dei skal innvilga naudhjelp til dei som treng det, legg ho til.
- Ei rekkje såkalla «ureturnerbare» flyktningar er no avhengige av privat innkvartering og hjelp frå frivillige organisasjonar for ikkje å måtta sova på gata?
- Det stemmer ikkje med det Oslo kommune seier til departementet. Folk som er i naud, har rett til naudhjelp, det vil seia mat og tak over hovudet, anten dei har lovleg opphald eller ikkje, slår Ravnanger fast.
- Kan anka
Margaret Eckbo (Frp), byråd for velferd og sosiale tenester i Oslo, håper sosialkontora hjelper dei som treng det, og understrekar at det er bydelane som er ansvarlege for å handtera desse sakene. Ho veit ikkje kor mange som har fått avslag på søknad om hjelp til tak over hovudet. Eckbo minner om at dei som får avslag, kan klaga til fylkesmannen.- Men kva skal dei leva av medan fylkesmannen behandlar klagen, det kan ta fleire veker?
- Ja, det kan du spørja om. Eg veit ikkje kor lang tid fylkesmannen bruker, seier byråden.
- Eg er personleg av den oppfatning at asylpolitikken er eit statleg ansvar. Det er feil at kommunane skal ta ansvaret når det ikkje fungerer, legg ho til.
Protestbrev til regjeringa
I eit ope brev til regjeringa uttrykkjer ei rekkje organisasjonar, med Oslo-biskopen i spissen, uro over utviklinga i norsk asylpolitikk. Uroa gjeld særleg konsekvensane av at personar som har fått avslag på asylsøknad og klage ikkje lenger har rett til å bu i mottak.Underskrivarane ber regjeringa om følgjande:
1. Det må straks bli rydda opp i det som framleis er uklart i sosialtenesta omkring naudhjelp. Dersom sosialkontor held fram med å nekta naudhjelp, kan det raskt oppstå fare for menneskeliv, særleg med tanke på vinteren som kjem.2. Regjeringa sitt tiltak med å kasta asylsøkjarar som har fått avslag ut av asylmottaka strir mot det grunnleggjande, humanistiske menneskesynet i dette samfunnet, og må stansast straks.3. Ureturnerbare asylsøkjarar med endeleg avslag bør igjen få høve til mellombels arbeidsløyve, slik dei har hatt under fleire regjeringar, heilt fram til 2003.4. Vi er urolege over ein situasjon der fleire organisasjonar har rapportert at tilrådingane fra både FNs Høykommissær for flyktningar (UNHCR) og Amnesty International i aukande grad blir brotne. Vi må be norske styremakter igjen å gi desse tilrådingane den vesentlege vekta dei bør ha.Brevet er underskrive av: AKP, Antirasistisk senter, Den etiopiske foreningen i Norge, Ethiopian People?s Revolutionary Party (EPRP), Ethiopians Oslo Initiative for Tolerance (EOIT), Innvandrernes landsorganisasjon (Inlo), Kirkens Nødhjelp, Kristent Interkulturelt Arbeid (KIA), Mellomkirkelig råd, MiRA Ressurssenter for innvandrer- og flyktningkvinner, Nettverk mot statlig rasisme, Norsk Folkehjelp, Norsk Organisasjon for Asylsøkere (Noas), Organisasjonen mot offentlig diskriminering (Omod), Oslo Biskop, Oslo SV, Oslo RV, Redd Barna, Samarbeidsrådet for integrering (Sarfi), Sosiale institusjoners fagforening (Fagforbundet), SOS Rasisme, Spis de rike, United Ethiopian Democratic Forces (UEDF).
To månader har gått sia tretten etiopiske flyktningar sveltestreika i domkyrkja i Oslo i protest mot både avslag på asylsøknader og det at dei vart nekta naudhjelp. Etter det har regjeringsrepresentantar fleire gonger uttalt at her i landet skal ingen svelta og frysa. I Oslo er det oppretta eit såkalla «ventemottak» med rom for 50 menneske. Til no har berre fire personar blitt innlosjerte der. Forklaringa er at sosialkontora har nekta å gjera vedtak som gir folk rett til tak over hovudet.
Ataklti Grmai (30) frå Etiopia er ein av dei som forgjeves har prøvd å få hjelp frå sosialkontoret. Han får fått endeleg avslag på både asylsøknad og klage, men å reisa tilbake til Etiopia er ikkje noko alternativ.
Ikkje tak over hovudet
- Eg kan ikkje reisa tilbake. Hadde det vore aktuelt, hadde eg reist for lenge sia, seier han.
Da han første gong søkte hjelp på Grorud sosialkontor, fekk Grmai berre beskjed om å kontakta IOM (International Organization for Migration) for å få ordna med frivillig retur. Omsider fekk han eit vedtak om 250 kroner til mat i fem dagar «slik at søker kan ta kontakt med IOM for å avtale tidspunkt for retur til hjemlandet ...», men inga hjelp til å få tak over hovudet i denne perioden. Han har dessutan ikkje identitetspapir, og måtte forhandla lenge med banken for å få utbetalt dei 250 kronene.
For å kunne klaga på behandlinga måtte han ha eit skriftleg avslag frå sosialkontoret. Han fekk beskjed om å fylla ut ny søknad og komma tilbake etter tre veker.
- Kva skulle eg leva av i dei tre vekene, spør Grmai. Ventetida vart forhandla ned til ei veke. Avslagsbrevet seier tydeleg at han som har fått avslag på asylsøknaden, heller ikkje skal ha sosialhjelp: «... sosialtjenesten må forholde seg til UDIs avgjørelse og at personer med endelig avslag plikter å forlate landet.»
Grmai har klaga til fylkesmannen på avslaget, men veit ikkje når han kan venta eit svar.
Sosialministeren
Medan jula nærmar seg i norske heimar, ventar Grmai og andre i same situasjon på svar frå fylkesmannen. Nettverket mot statlig rasisme har hjelpt til med å skaffa privat innkvartering til nokre av dei som er vanskelegast stilte, og Norges kristelige studentforbund har stilt nokre ledige studenthyblar til disposisjon. For Grmai har det blitt ei løysing på kort sikt.
Ingen veit nøyaktig kor mange som er i denne situasjonen i Noreg. Rune Berglund Steen, fagsjef i Norsk organisasjon for asylsøkere (Noas) meiner det kan dreia seg om minst 50 i Oslo.
Arbeids- og sosialminister Dagfinn Høybråten varsla i går at sosialkontora må ta ansvar for å sikra naudhjelp til dei som treng det.
Oslo vurderer
Kristin Ravnanger, statssekretær i Arbeids- og sosialdepartementet (ASD), har vore i kontakt med Oslo kommune, og fått stadfesta at sosialkontora vurderer naudhjelp.
- Oslo kommune forsikrar at dei vurderer naudhjelp for dei som søkjer om det.
- Kan ASD dermed vera nøgd med situasjonen i Oslo, når berre fire har fått rett til å bu i det såkalla «ventemottaket» i Langes gate?
- Vi kan ikkje anna enn vera nøgde med at Oslo kommune seier dei gjer det vi har sagt dei skal gjera, seier statssekretæren.
- Byråden seier det har gått klare signal til sosialkontora om at dei skal innvilga naudhjelp til dei som treng det, legg ho til.
- Ei rekkje såkalla «ureturnerbare» flyktningar er no avhengige av privat innkvartering og hjelp frå frivillige organisasjonar for ikkje å måtta sova på gata?
- Det stemmer ikkje med det Oslo kommune seier til departementet. Folk som er i naud, har rett til naudhjelp, det vil seia mat og tak over hovudet, anten dei har lovleg opphald eller ikkje, slår Ravnanger fast.
- Kan anka
Margaret Eckbo (Frp), byråd for velferd og sosiale tenester i Oslo, håper sosialkontora hjelper dei som treng det, og understrekar at det er bydelane som er ansvarlege for å handtera desse sakene. Ho veit ikkje kor mange som har fått avslag på søknad om hjelp til tak over hovudet. Eckbo minner om at dei som får avslag, kan klaga til fylkesmannen.
- Men kva skal dei leva av medan fylkesmannen behandlar klagen, det kan ta fleire veker?
- Ja, det kan du spørja om. Eg veit ikkje kor lang tid fylkesmannen bruker, seier byråden.
- Eg er personleg av den oppfatning at asylpolitikken er eit statleg ansvar. Det er feil at kommunane skal ta ansvaret når det ikkje fungerer, legg ho til.
Protestbrev til regjeringa
I eit ope brev til regjeringa uttrykkjer ei rekkje organisasjonar, med Oslo-biskopen i spissen, uro over utviklinga i norsk asylpolitikk. Uroa gjeld særleg konsekvensane av at personar som har fått avslag på asylsøknad og klage ikkje lenger har rett til å bu i mottak.
Underskrivarane ber regjeringa om følgjande:
1. Det må straks bli rydda opp i det som framleis er uklart i sosialtenesta omkring naudhjelp. Dersom sosialkontor held fram med å nekta naudhjelp, kan det raskt oppstå fare for menneskeliv, særleg med tanke på vinteren som kjem.
2. Regjeringa sitt tiltak med å kasta asylsøkjarar som har fått avslag ut av asylmottaka strir mot det grunnleggjande, humanistiske menneskesynet i dette samfunnet, og må stansast straks.
3. Ureturnerbare asylsøkjarar med endeleg avslag bør igjen få høve til mellombels arbeidsløyve, slik dei har hatt under fleire regjeringar, heilt fram til 2003.
4. Vi er urolege over ein situasjon der fleire organisasjonar har rapportert at tilrådingane fra både FNs Høykommissær for flyktningar (UNHCR) og Amnesty International i aukande grad blir brotne. Vi må be norske styremakter igjen å gi desse tilrådingane den vesentlege vekta dei bør ha.
Brevet er underskrive av: AKP, Antirasistisk senter, Den etiopiske foreningen i Norge, Ethiopian People?s Revolutionary Party (EPRP), Ethiopians Oslo Initiative for Tolerance (EOIT), Innvandrernes landsorganisasjon (Inlo), Kirkens Nødhjelp, Kristent Interkulturelt Arbeid (KIA), Mellomkirkelig råd, MiRA Ressurssenter for innvandrer- og flyktningkvinner, Nettverk mot statlig rasisme, Norsk Folkehjelp, Norsk Organisasjon for Asylsøkere (Noas), Organisasjonen mot offentlig diskriminering (Omod), Oslo Biskop, Oslo SV, Oslo RV, Redd Barna, Samarbeidsrådet for integrering (Sarfi), Sosiale institusjoners fagforening (Fagforbundet), SOS Rasisme, Spis de rike, United Ethiopian Democratic Forces (UEDF).










