Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, fredag 10. februar, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120209
Innenriks
Fredag 10. desember, 2004

For privatisering

Fredag 10. desember, 2004

Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
Noreg er blant dei ni landa som går i spissen for deregulering av tenestesektoren i Bangladesh. Regjeringa vil også at Telenor skal få større armslag i landet.

Onsdag avslørte utviklingsorganisasjonen ActionAid alle krav som er stilt mot Bangladesh i dei pågåande Gats-forhandlingane om avregulering av handel med tenester. Under ein pressekonferanse i Dhaka kom det fram at «Bangladesh er under eit knallhardt press frå i-landa i WTO for å liberalisera tenestesektoren», skriv avisa The Bangladesh Today. Ni land har stilt meir enn 50 krav mot Bangladesh. Noreg er eit av desse.

Den norske regjeringa har bedt Bangladesh om å opna forsyninga av drikkevatn for internasjonal konkurranse, opplyser ActionAid. Berre Noreg og EU har stilt krav om deregulering av «vatn til menneskeleg bruk», eit område som ikkje er inkludert på WTOs liste over kommersielle tenester, skriv avisa The Daily New Age i Dakar.

Dei rike WTO-landa stiller også krav om opning for utanlandske aktørar på område som utdanning, helse, it, forsikring, banktenester og turisme, uttalte Ziaul Hoque Mukta frå ActionAid under pressekonferansen onsdag.

Telenor på offensiven

Noreg stiller offensive krav om at Bangladesh skal gje større opning for utanlandske aktørar i telesektoren. Dette er i tråd med strategien for norske «offensive tenestesektorar» som regjeringa Stoltenberg presenterte i mars 2001. På dette området agerer Utanriksdepartementet som agent for Telenor, som gjekk inn i Bangladesh i 1996. I dag har selskapet gjennom GrameenPhone, der Telenor kontrollerer over halvparten av aksjane, rundt 60 prosent av marknaden for mobiltelefoni i Bangladesh.

Kravet om deregulering av vassforsyninga er i tråd med regjeringa Bondevik I si vidareutvikling av den offensive norske lista, som sommaren 2002 fekk tilført området «miljøtenester». Privatisering av vatn har ført til folkeleg opprør og protest det siste tiåret, også i Bangladesh.

Etter press frå Verdsbanken i Washington vart det lagt planar for privatisering av vassforsyninga i Bangladesh' hovudstad Dhaka i 1997. Iherdig motstand frå fagrørsla førte til at ein del av kontrakten gjekk til dei fagorganiserte i vatnverket DWSA, den andre gjekk til eit privat selskap. Prøveperioden på eitt år viste så overlegne resultat frå arbeidarkooperativet at det fekk overta heile systemet. Resultatet inkluderte ein stor auke i talet på husstandar med tilgang til rennande vatn og ein merkbar reduksjon av vatnsvinn i systemet.

Ingen eigne krav

Til liks med mange fattige land, har ikkje Bangladesh stilt eit einaste offensivt krav under dei pågåande Gats-forhandlingane. Landet manglar kompetanse og ressursar, skriv avisene i Dhaka. Til samanlikning har Noreg presentert krav mot 51 land.

Dei andre åtte WTO-medlemmane som har stilt Gats-krav mot Bangladesh er USA, EU, Japan, Malaysia, Sri Lanka, Hong Kong, Korea og Singapore. Avisene i Bangladesh skriv at millionar av arbeidsplassar kan gå tapt til utanlandske storselskap dersom regjeringa gjev etter for krava om deregulering. Alle WTO-land må koma med sine svar på stilte krav innan til 31. mai 2005.

Taler med to tunger?

Biletet av Noreg som aggressiv pådrivar for deregulering av tenestesektoren i fattige land som Bangladesh står i grell kontrast til inntrykket regjeringa i den heimlege debatten har skapt av Noregs rolle i WTO. 5. mars 2003 uttalte utviklingsminister Hilde Frafjord Johnsen (KrF) frå talarstolen i Stortinget:

- Noreg har generelt ikkje stilt ordinære forhandlingskrav til utviklingsland. Vi legg fram eigne framlegg som inviterer til kontakt og samarbeid. Dette er teke positivt imot av u-landa. Veka etter avslørte Klassekampen at Noreg har stilt krav om deregulering av høgare utdanning i Sør-Afrika, eit krav utdanningsministeren i landet avviste i harde ordelag.

Det er vanskeleg å få oversikt over krava i Gats-prosessen, fordi regjeringa held dei hemmelege. Heller ikkje Stortinget har innsyn. Til gjengjeld har NHO og sterke næringslivsinteresser god kontakt med regjeringa under Gats-forhandlingane. Avsløringa i Bangladesh onsdag tyder på at innsatsen gjev uttelling.

Blant dei 14 selskapa NHO involverte spesielt i arbeidet med å utvikla næringslivet sine innspel til det norske utanriksdepartementet, var Telenor og Statkraft Grøner. Sistnemde er eit konsulentselskap med internasjonal verksemd innan vassforsyning. Statkraft Grøner er spesielt aktive i Latin-Amerika og Asia, opplyser selskapet på nettsidene sine.

Kultur & medier
Fredag 10. februar, 2012
Bedre enn sitt rykte

Bedre enn sitt rykte

Færre og færre lærer tysk. Med dette står nordmenn i fare for å miste viktige deler av egen selvforståelse, mener Helge Jordheim.
Utenriks
Fredag 10. februar, 2012
Skyhøyt spill om Syria

Skyhøyt spill om Syria

HØY INNSATS: Spillet rundt Syria er en kamp om regionale interesser, mener analytiker Rakha Ahmed Hassan.
Innenriks
Fredag 10. februar, 2012
Truer med vikardissens

Truer med vikardissens

NEKTER: Audun Lysbakken sier SV er villig til å ta ut dissens i regjeringen mot vikarbyrådirektivet. Mandag sier også Sp nei. Dermed må Ap få hjelp av Høyre for å vinne vikarkrigen mot LO i Stortinget.
Dagens leder
Fredag 10. februar, 2012
Bjørgulv Braanen
Flybonus

Flybonus

Dagens leder
Powered by eonBIT