Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, fredag 25. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120525
Kultur & medier
Torsdag 24. februar, 2011
Propaganda og Fritt Ord
Bok om avisa: Klassekampen var eit maktkritisk prosjekt, der ein kunne nytta sitt politiske engasjement til ein jobb, meiner Alf Skjeseth som har skreve bok om avisa. Foto: Tom Henning Bratlie

Propaganda og Fritt Ord

Klassekampen har fått si historie - utan kampanjejournalistikk, ifølgje forfattar Alf Skjeseth.

Klassekampen er nyleg utropt til opplagsvinnar blant norske aviser for andre år på rad. Avisa nådde i fjor også sitt høgste opplag så langt i si 42-årige historie (14.390). Klassekampens redaktør, Bjørgulv Braanen, vart for 2009 kåra til Årets redaktør av Oslo Redaktørforening og i 2006 fekk han Fritt Ords Pris.

Statusen er oppsiktsvekkjande for ei avis som i si tid vart skreddarsydd til ei partisplitting på ytre venstre, og som har vore ridd av bitre konfliktar, utkjempa på kanten av konkursstupet.

- Det har vore fantastisk å vera med på. Eg gjev ut boka om avisa med løfta hovud, seier journalistveteran i Klassekampen, Alf Skjeseth.

Skjeseth har skrive «Sykle på vatnet. Historia om Klassekampen», og har - med avbrekk - vore journalist i avisa både på 1970-, 1980- og 2000-talet.

Propagandaavisa

Klassekampen kom først ut til SFs landsmøte i 1969, der ungdomsorganisasjonen SUF braut ut og med tida vart AKP (m-l). Avisa som propagandaorgan for partiet prega det første tiåret.

- Det er med blanda kjensler eg har gått gjennom arkiva, ikkje minst det eg sjølv skreiv. Jamvel om det var ei anna tid og vi hadde gode saker, så har eg gremtes over den polemiske og uforsonlege stilen.

Anekdotar og alvor

- Det fascinerande med 1970-talet, er at samstundes som ml-rørsla var på sitt mest sekteriske, tok dei løftet å bygga dagsavisa Klassekampen. Eitt av mange paradoks, men det fortel også noko om kor mange - tusenvis - som var med på løftet, seier Skjeseth.

«Sykle på vatnet» er pressehistorie, men boka er òg skrive for dei mange som ytte sitt til avisa omkring i landet med krevjande pengeinnsamlingar og avisbodruter.

Klassekampens eige distribusjonsnett, drive av folk med dekknamn og hemmelege leveringsstader, har ofte vorte omtala som ein kuriositet, men det kravde ein enorm dugnadsinnsats.

- Klassekampens historie er fargerik, men alt er gjort med stort alvor. Bombene frå ytre høgre var reelle og overvakinga vart dokumentert av Lundkommisjonen.

Tøvêr på 1980-talet

I 1978/79 var Klassekampen så godt som konkurs. AKPs kolsviartru på ekspansjon som løysing på alle problem, stod for fall. Det same gjorde i realiteten heile ml-prosjektet.

- Eg trur ikkje så mange veit kor nær partiet var ved å gje opp Klassekampen. Avisa sleit ut organisasjonen økonomisk og organisatorisk.

I staden vart 1980-talet ein blømingsperiode, som ein parallell til prosessen i Oktober forlag.

- AKP (m-l) «toppa laget». Sigurd Allern vart sett inn som redaktør. Han nytta tillit han hadde i partiet til å profesjonalisere og opna Klassekampen, noko som vart avgjerande for vidare overleving og suksess. Avisårgangane frå til dømes 1982 og 1983 er fulle av gode aviser.

Den sjølvdefinerte pragmatikaren Allern er ifølgje Skjeseth Klassekampens viktigaste redaktør. Allern styrte avisa i 16 år og innførte i praksis Redaktørplakaten. Allern opna redaksjonen for folk som ikkje var ml-arar. Han stod bak satsinga på grave- og avsløringsjournalistikk innan blant anna næringslivet. Det var også han som sette gjennom at avisa ikkje kunne overleva på arbeidarfokus åleine, og starta innrettinga mot kulturfeltet. Skjeseth dokumenterer at målt i redaksjonelle ressursar har kultur, debatt og idear vore det største satsingsfeltet i Klassekampen etter det.

Aksjeselskapet

I 1991 gjekk Klassekampen frå partiavis til ei uavhengig avis med føremålsparagraf og styre etter prinsippa som gjeld i aksjeselskap.

- AKP hadde framleis eigarmakta, men det var ei strategisk endring i grevens tid, som skapte entusiasme og tru på framtida. Året etter passerte opplaget 10.000. Eg er overraska over kor fredeleg lausrivinga frå AKP gjekk, men det ulma internt og det slo ut i full brann midt på 1990-talet og fram til kriseåret 1997, seier Skjeseth. [Les utdrag frå boka på side 23-25].

Redaktørkonflikten

«Sykle på vatnet» er den første samla framstillinga av «1997-konflikten». Ein av dei mest uforsonlege og dramatiske konfliktane i nyare norsk pressehistorie.

Det byrja året før, då balansen glapp mellom arbeidar- og kultursatsinga. Kulturredaktør Eivind Røssaak måtte gå etter ein strid om redaksjonell profil, som kulminerte då han i avisa tok eit oppgjer med «den svarte kommunistiske tradisjonen». Men kritikken mot avisa stakk djupare. Fleire, også med anna utgangspunkt enn AKP, meinte Klassekampen hadde vorte tannlaus, keisam og intellektualistisk. Striden, som vart ført så vel i spaltene som i og utanfor redaksjonen, toppa seg då redaktør Paul Bjerke - rått effektuert av AKP - vart sparka av styret i september 1997, og Jon Michelet tok over få veker etter.

- Klubben hadde slutta rekkjene kring Bjerke. Då han vart kasta, erklærte dei at dei ville «ta over» avisa i ein periode. Det er pressehistorisk. I ettertid trur eg mange er glade for at det ikkje gjekk slik. Ikkje alle hadde tenkt fram til neste steg. Dette var ein konflikt der alt skrudde seg til. I tillegg kom masseoppseiing av abonnement og store opprop mot og for Michelet. Alle minus to journalistar sa opp og forsvann, så å seie over natta.

Alf Skjeseth seier han har tatt eit steg tilbake og freista «la alle aktørane koma til orde».

- Framstillinga vil nok vekkja ulike reaksjonar, men eg meiner tida er inne for ikkje å laga kampanjejournalistikk om denne striden. I dag kan ein ikkje underslå at dette var ein svært samansett konflikt.

Venstresidas dagsavis

Motseiingar har prega Klassekampen-historia, men i tida etter storkonflikten har avisa også vist evne til å overskrida motseiingar. Papiravisa veks i ein fallande marknad herja av strukturendringar. Og i 2007 vart omsider eigarskapen for alvor spreidd.

- Det var ein stor dag då fagrørsla kom inn som eigar. No er Fagforbundet, forlaga Oktober og Pax, foreininga Klassekampens venner, partiet Raudt og einskildpersonar eigarar. For min del kunne gjerne SV også vore med, men dette er ein ideell miks av eigarar.

Frå å vera utskjelt propagandaorgan for eit revolusjonært parti, blir Klassekampen no hylla som ein skanse for ytringsfridomen. Kan ein sjå nokre liner frå 1970-talshistoria til 2000-talssukessen?

- Ja, eg meiner det dels handlar om at avisprosjektet trekte til seg dyktige folk, både i redaksjonen og organisasjonen. Difor har eg teke med mange einskildnamn i boka. Det var eit maktkritisk prosjekt, der ein kunne nytta sitt politiske engasjement til ein jobb. Så då Allern sjølv tok over som redaktør i 1979, hadde han mannskap som gav avisa musklar til å gå sin eigen veg, då ml-prosjektet kollapsa.

Klassekampen har sidan vore ein miks av politisk motiverte folk på venstresida og journalistar som har vorte trekte til avisa som ein stad der ein kan utvikla seg fagleg. Under Bjørgulv Braanen har takhøgda auka i «Venstresidas dagsavis».

- Redaktøren er under krysspress mellom røter og breidde, fagrørsle og kultur, aktivistar og intellektuelle. Opplagsdoblinga i Braanens redaktørtid viser at han har fått til ein vellukka miks. Det er inga framtid om Klassekampen ikkje held på nisja si. Men i ei tid då venstresida er på defensiven og det går nye skilje mellom venstre og høgre, har Braanen ikkje berre valt den rette kursen, men den einaste moglege: Han har gjort avisa til ein respektert arena for debatt, der det finst ulike svar. Mi von er at veksten no blir brukt til å få større tyngd og respekt i fagrørsla, ei utvikling som er godt i gang.

Innenriks
Fredag 25. mai, 2012
Statsrådene må koke kaffe selv

Statsrådene må koke kaffe selv

KAMPVILJE: Statens forhandlingsleder Rigmor Aasrud hentet selv kaffen og tok telefonen i går. Hennes eget forværelse sto streikevakt.
Utenriks
Fredag 25. mai, 2012
Valgets tikkende bombe

Valgets tikkende bombe

ULØST: Egypterne håper på stabilitet etter presidentvalget. Men uten en grunnlov som bestemmer den nye presidentens oppgaver, kan mer uro være i vente.
Kultur & medier
Fredag 25. mai, 2012
Poet refser oljegiganten

Poet refser oljegiganten

For et år siden mottok han penger fra Statoil. Nå skriver Helge Torvund dikt om selskapets oljesandprosjekt.
Dagens leder
Fredag 25. mai, 2012
Bjørgulv Braanen
Ny praksis

Ny praksis

Dagens leder
Powered by eonBIT