Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, fredag 25. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120525
Kultur & medier
Lørdag 4. desember, 2010
Treffer ikkje lenger tidsånda
Tidsskifte: Erlend Loe er ut, Karl Ove Knausgård er in. Men det har ikkje unge norske forfattarar fått med seg, meiner Bernard Ellefsen. FOTO: GORM KALLESTAD

Treffer ikkje lenger tidsånda

Lørdag 4. desember, 2010

Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
Då Erlend Loe gav ut «Naiv Super» i 1996 representerte han ei tidsånd som i dag er avleggs. Engasjement og alvor har kome tilbake, meiner kritikar Bernhard Ellefsen.

- Det har skjedd ei vending mot det inderlege og bort frå det ironiske, seier litteraturkritikar Bernhard Ellefsen til Klassekampen.

Den gjennomironiske haldninga frå midten av 90-talet har i dag forsvunne, meiner han:

- Idealet i dag ligg nærare Slavoj Zizeks radikalisme enn Erlend Loes naivisme, seier Ellefsen.

Han meiner den jamne straumen av bøker som også i dag fylgjer ein passivisert skrivemåte, ikkje er i takt med notida.

Denne passive og ironiske kjensla omtalar Ellefsen med den franske «ennui», som tyder keisemd. Det er òg tittelen på ein artikkel han har på trykk i siste nummer av litteraturtidsskriftet Vagant. Her tek Ellefsen to stikkprøvar frå den unge samtidslitteraturen: «Affektlære» av Agnar Lirhus og «Anti-Revy» av Ero Karlsen. To bøker som kom ut i år, men som Ellefsen meiner er utidsmessige.

«De klarer ikke å tilføre tilstrekkeleg nytt og kraftfull til sitt etablerte, litterært topos, og de velger seg virkemidler fra en verktøykasse som har gått ut på dato», skriv han.

- Manglar medvit

Desse forfattarane har gått glipp av at engasjementet har kome tilbake, skriv Ellefsen vidare: «Den håpefulle Obama er president, forfattere som Hanne Ørstavik, Geir Gulliksen, Karl Ove Knausgård og Tomas Espedal har rettet kraftfulle angrep mot distansen mellom liv og tekst».

- Det dreier seg om ein motsetning mellom 90- og 2000-talet. I vår skarpe samtidslitteratur høyrer òg Thure Erik Lund og Stig Sæterbakken heime. Dei rører ved grenserøynsler i litteraturen, både språklege og moralske.

- Samd med Ellefsen

I ein gjennomgangen av romanåret 2009 i årets utgåve av Norsk litterær årbok, uttrykkjer Eirik Vassenden noko av det same som Ellefsen.

- Eg har ikkje fått lese bøkene Ellefsen skriv om, men eg er samd i konklusjonane hans. Den avstandsskapande og reserverte retninga i litteraturen er på retur. Vi kan sjå konturane av ein ny strategi, der ein søkjer mot autentisitet og moralske spørsmål.

Vassenden vektlegg at diagnosen Ellefsen steller, slett ikkje er ny.

- Denne vendinga i litteraturen har ikkje oppstått plutseleg. Ei interesse for engasjement har vore på banen i heile dette tiåret.

Her strekar Vassenden under at det ikkje gjeld ironien som retorisk grep, men ironi som haldning eller litterær retning.

- Har du døme på forfattarar i samtida som skriv anti-ironisk?

- Den siste essayboka til Freddy Fjellheim er eit eksempel. Elles kan bøkene til Hanne Ørstavik og den voluminøse romanserien til Karl Ove Knausgård nemnast. Men det kanskje beste dømet meiner eg er Tomas Espedal. I den siste boka hans, «Imot kunsten», må tematiseringa av klassemedvit, som blir knytt til skrivinga, lesast bokstaveleg. Dette er ingen leik med identitet eller sjølvbiografi. Her finn vi alvoret i samtidslitteraturen.

«Naiv Super»

Erlend Loe råka ei tidsånd då han gav ut «Naiv Super» i 1996. I dag er det annleis. Den naivistiske og ironiske haldninga er ikkje lenger dominerande, sa Ellefsen.

Eirik Vassenden leverte i si tid ein sterk kritikk av Loes naivisme i essayet «Den store overflata». Men Vassenden er ikkje så kritisk i dag.

- Loe var eit særeige talerøyr for sin generasjon, sa kritikaren. No er ein ny ættled forfattarar på banen. Dei er nye programmakarar. Det er den yngste generasjonens privilegium.

- Men har Erlend Loe fornya seg i takt med nye trendar?

- Loe har drive på med sitt. Han har sitt prosjekt og sine lesarar. I dei siste bøkene har han vend seg til eit mindre format. Han skriv ikkje like breitt som før, og talar ikkje på vegner av ein heil generasjon. Eit anna spørsmål er sjølvsagt om han nokosinne har gjort det, og om det var intensjonen hans.

I gjennomgangen av romanåret 2009 stadfester Vassenden dette synet på Loe. Tonen i Loes «Stille dager i Mixing Part» er ny, seier artikkelforfattarane. Her Erlend Loe står fram som moralist, skriv dei.

Innenriks
Fredag 25. mai, 2012
Statsrådene må koke kaffe selv

Statsrådene må koke kaffe selv

KAMPVILJE: Statens forhandlingsleder Rigmor Aasrud hentet selv kaffen og tok telefonen i går. Hennes eget forværelse sto streikevakt.
Utenriks
Fredag 25. mai, 2012
Valgets tikkende bombe

Valgets tikkende bombe

ULØST: Egypterne håper på stabilitet etter presidentvalget. Men uten en grunnlov som bestemmer den nye presidentens oppgaver, kan mer uro være i vente.
Kultur & medier
Fredag 25. mai, 2012
Poet refser oljegiganten

Poet refser oljegiganten

For et år siden mottok han penger fra Statoil. Nå skriver Helge Torvund dikt om selskapets oljesandprosjekt.
Dagens leder
Fredag 25. mai, 2012
Bjørgulv Braanen
Ny praksis

Ny praksis

Dagens leder
Powered by eonBIT