Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, fredag 25. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120525
Kultur & medier
Lørdag 9. oktober, 2010
- Levde eit magisk liv
Feiring: Kjartan Fløgstad held føredrag om Gill i «Diktets venner» i Skien. FOTO: GREG RØDLAND BUICK

- Levde eit magisk liv

Lørdag 9. oktober, 2010

Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
På torsdag vart hundreårsjubileet til poeten Claes Gill feira. Både diktinga og livet hans er litteraturhistorie ifylgje Kjartan Fløgstad.

- Claes Gill skreiv ikkje berre modernistiske dikt. Han levde eit modernistisk liv, seier forfattar Kjartan Fløgstad.

Torsdag denne veka var det feiring av Claes Gills hundreårsdag. Ei bortgøymd, men livsfriskt litterært lag i Skien, «Diktets venner», inviterte til fest. Feiringa inneheldt proklamering av Gill-dikt ved operasongar Arild Bakke og eit føredrag ved Kjartan Fløgstad. Fløgstad er mellom dei beste kjennarane av Claes Gill. Han har skrive ein biografi om lyrikaren, «Portrett av eit magisk liv», som kom ut i 1988.

- Eg er imponert over «Diktets venner». På ein torsdagskveld i Skien greier eit lite litteraturlag samle over hundre tilhøyrarar til ei hundreårsfeiring av ein ukjend diktar, seier Fløgstad.

Modernismen

- Om Gill ikkje skreiv mange bøker, så er han ein særeigen diktar som fortener merksemd, seier Fløgstad.

Gill publiserte berre to stutte diktsamlingar: «Fragment av et magisk liv» frå 1939 og «Ord i jærn» frå 1942. Dikta hans er inspirerte av fransk og irsk symbolisme, og blir rekna som tidlege døme på lyrisk modernisme i norsk litteraturhistorie.

- Til saman inneheld desse to samlingane ikkje meir enn femti sider tekst. Vi må sjå forfattarskapen i lys av biografien for å forstå kor viktig han er i norsk litteratur. Det moderne finst ikkje berre i det lyriske språket, men òg i livssoga, seier Fløgstad.

Og Gill levde ikkje eit normalt liv. Langt derifrå. Barndomen var merkt av rotløyse. Då faren forlét familien, sat mora att i skam og fattigdom. Det førde til oppbrot og flytting, fyrst til Bergen og så Eydehavn. Då mor til Gill døydde i 1925, flytta han saman med stefaren til Oslo. Som syttenåring reiste Gill heimanfrå. Han heldt fram det omflakkande tilværet som sjømann. Han arbeidde i eit kvalkokeri i Sørishavet, var boms i Montevideo, hotellarbeidar i New York og uteliggjar i Oslo på 1930-talet.

New York

- Ei slik livsbane kan i høgste grad kallast eit magisk liv?

- Ja, og desse personlege forvandlingane hans høver godt saman med det litterære prosjektet hans, same om dei var medvitne eller ikkje, seier Fløgstad.

- Korleis då?

- Då mora gifte seg med ein annan, tok Gill etternamnet etter stefaren, ingeniør Leif Gill. Han skapte sin eigen identitet. Claes Gill - betre sjørøvarnamn finst ikkje, har det vorte sagt. Dei to byane han oppheldt seg i, høver òg godt i dette mønsteret. Montevideo blir rekna som ein opphavsstad for den lyriske modernismen. Ein statue i byen er reist over tre franske modernistar som tok imot inspirasjonen sin der, Comte de Lautréamont, Jules Laforge og Jules Supervielle. Eg vil hevde at eitt namn manglar på monumentet. Claes Gill er fjerdemannen.

Hotell Sutton i New York, der Gill jobba som kollempar og heisførar, var ikkje kva som helst hotell, held Fløgstad fram. Hotellet spela same rolle for amerikanske trettitalslitteratur som det vidgjetne hotell Chelsea for etterkrigstidslitteraturen, der mellom andre Bob Dylan og Leonard Cohen var gjester. Hotelldirektøren for Hotel Sutton var den kjende forfattaren Nathanael West. Han gav rom for fattige amerikanske forfattarar i hotellet under depresjonen i 30-talet. Såleis vart det ein samlingsstad for litterær verksemd. Om Gill enno ikkje hadde debutert, kalla West Gill likevel for «the Norwegian Poet».

- Gill var poet i livsstil allereie før han gav ut bøker. Han iscenesette seg i samsvar med den romantisk-modernistiske myten.

Teatret

Gill hadde ikkje immigrasjonsvisum, vart arrestert og send tilbake til Noreg i 1933. I same tiåret kom debuten. Gill verkeleggjorde i skrift det han hadde gjort i handling. Men dei personlege forvandlingane skulle likevel ikkje ende her, seier Fløgstad.

- I 1943 gifte han seg med Signe Hirsch, ei kvinne frå ein fin familie. Gill gjorde dermed klassereisa inn i Oslo Vestkant og borgarskapen. Han tok på seg eit borgarleg image. Dei som minnest den gamle Gill, minnest han som ein eldre herre med skjegg og stokk.

Sirkelen var dermed slutta, kunne ein seia. Men kunstnarkarrieren hans enda likevel ikkje her, vektlegg Fløgstad. Gill bytte ut lyrikken med teatret. Meisteren i omskaping gjorde karriere som skodespelar. Gill gjorde òg suksess i filmen. Han spela mellom anna pyromanen i Arne Skouens «Det brenner i natt!», som var med i tevlinga på Cannesfestivalen i 1955.

Samtidig som Gill var mytoman - ein meister i å fortelja bohemhistorier - så er forbausande mykje av det han sa, likevel sant, strekar Fløgstad under.

- Det var røynsla eg gjorde då eg skreiv biografien hans.

Fløgstads eigen debut

- Du har ikkje berre skrive om Claes Gill. Han var førebiletet då du sjølv debuterte som forfattar?

- Eg var oppglødd over det høgmodernistiske diktarspråket hans. Det det at han kom frå industribyen Odda, tvillingbyen til Sauda, fødebyen min, og det at han reiste som sjømann i Sør-Amerika, som eg sjølv har gjort, gjorde at eg identifiserte meg med han.

Om Fløgstad er mest kjend som romanforfattar, debuterte han som lyrikar. Dei to fyrste bøkene hans, diktsamlingane «Valfart» (1968) og «Seremoniar» (1969), viser tydelege spor av påverknaden frå Gill.

- Eg kom til Sør-Amerika som poet. Men eg reiste derifrå som prosaforfattar, seier Kjartan Fløgstad.

Innenriks
Fredag 25. mai, 2012
Statsrådene må koke kaffe selv

Statsrådene må koke kaffe selv

KAMPVILJE: Statens forhandlingsleder Rigmor Aasrud hentet selv kaffen og tok telefonen i går. Hennes eget forværelse sto streikevakt.
Utenriks
Fredag 25. mai, 2012
Valgets tikkende bombe

Valgets tikkende bombe

ULØST: Egypterne håper på stabilitet etter presidentvalget. Men uten en grunnlov som bestemmer den nye presidentens oppgaver, kan mer uro være i vente.
Kultur & medier
Fredag 25. mai, 2012
Poet refser oljegiganten

Poet refser oljegiganten

For et år siden mottok han penger fra Statoil. Nå skriver Helge Torvund dikt om selskapets oljesandprosjekt.
Dagens leder
Fredag 25. mai, 2012
Bjørgulv Braanen
Ny praksis

Ny praksis

Dagens leder
Powered by eonBIT