Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, fredag 25. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120525
Kultur & medier
Mandag 4. oktober, 2010
Ein litteraturnestor fyller år
Professor: Eldrid Lunden var ikkje ei av forfattarspirene som skreiv dagbok sidan dei var små. - Skriving var eit medvite val som eg gjorde då eg var godt vaksen. Eg hadde ingen ambisjonar om å bli forfattar, fortel Lunden, som fyller 70 år tysdag. Foto: Greg Rødland Buick

Ein litteraturnestor fyller år

Mandag 4. oktober, 2010

Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
Forfattar og skrivekunstprofessor Eldrid Lunden blir sytti år på tysdag. Jubilanten meiner forfattarstudia i Noreg enno har ein lang veg å gå.

Eldrid Lunden er ikkje kven som helst. Jubilanten som blir 70 år på tysdag, er ein av Noregs viktigaste modernistiske lyrikarar. Mellom anna har ho vunne Brageprisen, Aschehougsprisen og Nynorsk litteraturpris, og ho er æresdoktor ved universitetet i Göteborg. Ved sida av forfattarkarriere er ho professor i skrivekunst ved Forfattarstudiet i Bø.

Inga tidleg forfattarspire

- Eg veit ikkje kor mange forfattarar og studentar eg har hatt i Bø som har sagt dei har skrive dagbok mest sidan dei lærde å skrive, og at dei alltid har visst at dei skulle bli forfattar.

- Det er ikkje meg, fortel ho.

- Skriving var eit medvite val som eg gjorde då eg var godt vaksen. Eg hadde ingen ambisjonar om å bli forfattar. Skulle eg ha ambisjonar om noko, var det å finne ut av meir eksistensielt vinkla spørsmål. Kva som var viktig og kva eg skulle her i verda.

Lunden vart cand. philol. ved Universitetet i Oslo i 1973 med ei hovudfagsoppgåve i nordisk. Den litterære debuten kom under studietida. I 1968 gav ut ho ut den fyrste diktsamlinga si, «f. eks. juli». Sidan har det vorte mange fleire: ti diktsamlingar, fleire samleutgåver og tre essaysamlingar.

- Ein skal kanskje ikkje undervurdere kva rolle samfunnsutviklinga i Noreg igjennom i 60-åra spela for den litterære institusjonen, seier Lunden. Medierevolusjonen førde til at utanlandske bøker vart tilgjengelege på ein helt annan måte enn før og bøker vart generelt billigare. Samtidig voks det fram nye institusjonar omkring litteraturen, som norsk kulturfond og norsk Kulturråd.

I dette lyset ser ho òg deltakinga i krinsen rundt det vidgjetne Profil-tidsskriftet.

- Profil var ikkje den store litterære inspirasjonen, i fall ikkje for meg, er kommentaren hennar til den store medieoppstyret omkring Profilgruppa.

Pionerarbeid i Bø

Eldrid Lunden er også kjend for arbeidet sitt med Forfattarstudiet ved Høgskulen i Bø i Telemark.

- Var du med på planane om å skipe ei forfattarutdanning heilt frå starten?

- Dei fyrste planane for ei utdanning for forfattarar kom faktisk alt på 60-talet. Men på 1970-talet skjedde det eit avbrekk. I dette tiåret vart det viktigare å stå på krava og drive klassekamp.

Spørsmålet om forfattarutdanninga kom opp att mot slutten av dette tiåret, fortel ho, og Telemark distriktshøgskule, som høgskulen heitte den gongen, melde si interesse for eit slikt studium. Då dei skulle tilsetja folk, kom Lunden inn i søkjelyset.

- Dei hadde dei høyrt eg dreiv med skriveopplæring på si. Som norsklærar for lærarstudentar hadde eg i mange år jobba med skriving på fritida for ikkje å keie meg og studentane altfor mykje.

Lunden jobba på det tidspunktet som norsklektor ved lærarhøgskulen i Volda.

- Eg sat i lag med studentane mine om kveldane og diskuterte tekst, og dei vart ganske flinke! Eg vart kalla inn til rektor på lærarhøgskulen, for eksamensnemnda hadde byrja lure litt på kva slags lærarar dei hadde der oppe i Volda. Elevane derifrå fekk så gode karakterar!

- Så det gjekk rykte om at du hadde ekstra undervising om kveldane med studentane?

- Ja, det var ganske godt kjent, og det var nok derfor førespurnaden kom om å byrja med forfattarstudiet her i Bø.

Ynskjer toårig utdanning

Og i Bø har ho vore sidan. I 1981 fekk ho stilling som amanuensis. I 1996 vart stillinga omgjort til professorat. Ikkje berre er det nye forfattarstudiet i Bø den fyrste forfattarutdanninga i Norden, men Eldrid Lunden er òg den fyrste som fekk tittelen professor i skrivekunst. Men stoda i dag er ho likevel ikkje heilt nøgd med.

- Eg synest det er litt synd at vi som skapte studiemodellen som i hovudsak er teken i bruk heile Norden, ikkje har fått høve til å utvikle studiet til ei toårig utdanning; Men eg innser også at det knyter seg ei utfordring til det å organisere ei slik utdanning innan akademia.

Universitetet i Göteborg, som er eitt av dei største universiteta i Norden, organiserer også kunsthøgskulen. Det toårige forfattarstudiet «Litterär gestaltning» høyrer såleis inn under det ein kallar «konstfack». Som kjent er denne utdanninga òg populær mellom norske forfattarspirer.

- Nokon bør ta tak i dette og prøve å få i gang ei forfattarutdanning innanfor ei kunstfagleg råme, også i Noreg. Høgskulen i Telemark har vore og er ein generøs vert for forfattarstudiet, og den arbeidsroa som ein studiestad som Bø kan tilby, er svært verdifull. Det vil likevel bli billigare og meir effektivt å byggje ut ei fullverdig utdanning annanfor ei overgripande kunstfagleg råme.

Hylla av studentar

- Korleis blir det no når dy fyller sytti? Du blir professor emerita?

- Eg har ikkje undersøkt det. Eg får seia som eg har sagt om jobben i alle år: Eg tek eit år om gongen!

Men ho kjem til å buande i Bø, lovar ho.

Det var heidundrande feiring for Eldrid Lunden på Litteraturhuset i Oslo sist fredag kveld. Studentar frå Bø hadde teke initiativ til feiring i byen. Og i det høvet vart det gjeve ut eit festskrift: Poetikk. Tekster til Eldrid Lunden. Bidragsytarane er for det meste tidlegare studentar og lærarar frå Bø.

- Festen er ikkje over. Neste helg blir feiring av deg og bror din, historikar Kåre Lunden i Naustdal?

- I heimbygda blir det ein annleis og ganske langvarig fest. På føremiddagen er det konferanse, og på kvelden blir det feiring i ungdomshuset. Eg vart veldig glad og stolt då eg fekk høyre at dei skulle laga fest for både meg og bror min.

- Ein blir ikkje profet i sitt eige land, heiter det. Men det har tydelegvis du vorte?

- Det er eg nok ikkje, og blir det nerppe heller etter denne feiringa. Men det varmar ekstra å bli sett pris på i si eiga heimbygd, det er sant.

- Før krigen var det vanleg å reise bautar til ære for diktarar. Vil du bli æra med ein bauta?

- Nei, men Naustdal har jo allereie ein flott bauta, så bygda treng ikkje fleire. Sambygdingen min, Kjartan Slettemark, har laga ein kjempefin statue av ei budeie. Den er minst ti meter høg.

Men Lunden passar seg atter for å forsnakke seg. Ho trur ikkje statuen nødvendigvis kan assosierast med henne sjølv, men seier samtidig at budeiene tradisjonelt var staskvinnfolk i bygdesamfunnet som vi skal ha vørdnad for.

Innenriks
Fredag 25. mai, 2012
Statsrådene må koke kaffe selv

Statsrådene må koke kaffe selv

KAMPVILJE: Statens forhandlingsleder Rigmor Aasrud hentet selv kaffen og tok telefonen i går. Hennes eget forværelse sto streikevakt.
Utenriks
Fredag 25. mai, 2012
Valgets tikkende bombe

Valgets tikkende bombe

ULØST: Egypterne håper på stabilitet etter presidentvalget. Men uten en grunnlov som bestemmer den nye presidentens oppgaver, kan mer uro være i vente.
Kultur & medier
Fredag 25. mai, 2012
Poet refser oljegiganten

Poet refser oljegiganten

For et år siden mottok han penger fra Statoil. Nå skriver Helge Torvund dikt om selskapets oljesandprosjekt.
Dagens leder
Fredag 25. mai, 2012
Bjørgulv Braanen
Ny praksis

Ny praksis

Dagens leder
Powered by eonBIT