Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, fredag 25. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120525
Kultur & medier
Mandag 13. september, 2010
Åtvarar mot einsretting
BØKER: Det er vanskelig å komme gjennom nålauget og debutere som forfattar. Foto: Berit Roald, Scanpix

Åtvarar mot einsretting

Mandag 13. september, 2010

Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
Å vera forleggjar samtidig som du sjølv er forfattar er svært farefullt, seier dagleg leiar ved Volapük litterære scene Hans Broch Nielsen.

- Eg er overraska over at så mange av haustens debutantar arbeider for forlag, seier Hans Broch Nielsen.

Broch Nielsen er dagleg ­leiar ved Volapük litterære scene i Oslo. Volapük er ein av dei eldste opplesingsstadene i Oslo. Sidan initiativtakarane okkuperte ein villa på Frogner og oppretta ei scene kunst og litteratur i 1990, har det vore eit kjent undergrunnsforum i Noreg.

Han har fylgt med i bransjen i over tjue år og kan seia med visse at dette representerer noko nytt.

- Kombinasjonen redaktør og forfattar er riktig nok ikkje ny. Sigurd Hoel, som vart nemnd i Klassekampen, er eit eksempel på ein forfattar som tidlegare har fylt denne dobbeltrolla. Men den gong forma han eit unnatak, så dømet hans kan ikkje brukast om dagens situasjon, forklårar ­Nielsen.

Masse farar

- Kan denne utviklinga ha uheldige fylgjer?

- Det er klart det kan. Her er det masse farar. Som leiar for ei litterær scene, der både publiserte og upubliserte forfattarar har lese opp, har eg opp gjennom åra hatt kontakt både med forleggjarar og forfattarar. Dei har fortalt meg om røynslene sine. Eg veit kor vanskeleg det er å koma gjennom nålauga og debutere som forfattar. Det er eit talent i seg sjølv å kunne oppdaga ein person med litterær givnad.

Når det no er så mange på parnasset med bakgrunn i forlagsbransjen, må ein spørja seg kva dei verkeleg vil. Kan dei vise til eit eige individuelt uttrykk eller har dei lært seg eit litterært maktspråk som har gjort det lettare for dei å koma gjennom systemet, spør Nielsen.

Skriveskulane

- Eg vil samtidig gjera det klårt at eg ikkje vil attende til ei tid der det var klåre skiljevegger mellom forfattar- og forleggjaryrket. I dag er stoda annleis. Det heiter ikkje lenger: skomakar bli ved din leist. Det har vakse fram ein ny fleksibel forfattartype som ­evnar kombinerer mange ulike roller. Men likevel må ikkje berre overrepresentasjonen av forfattarar i forlagsbransjen, men òg desse forfattar­ane undersøkjast.

- Kva er så kjennemerket deira?

- Mange har bakgrunn frå forfattarlina på Bø og Skrivekunstakademiet i Bergen, der leiarar og undervisarar har fungert som førebilete. Der har det vore sterke personlegdomar med tydelege meiningar om kva som er god og dårleg litteratur. Samtidig som dei har bygd ut litterære institusjonar med statleg stønad, har dei sjølve fungert som forfattarar med eit markant program. Såleis har dei vore med på å leggje premissane for kva type litteratur som blir skrive i Noreg. Det er forståeleg at unge forfattarar søkjer økonomisk tryggleik, for forfattaryrket gjev ikkje store pengane, men kanskje har dei for få motførestellingar mot det å fylle mange ulike maktroller samtidig.

Objektivitet

- Somme skjønnlitterære redaktørar som eg har kjent, har fylgt ein annan strategi. Eg vil kalle dei litterære renessansemenneske. Dei har hatt store kunnskapar om litteraturhistorie og imponerande innsikt i skrivehandverket, men har medvite late vera å produsere litteratur sjølve. Visjonen deira har heller vore å hjelpe fram diktarar av heilt ulik karakter.

- Så det er vanskeleg for ein forlagsforfattar å vera objektiv?

- Eg vil påstå at det nærast er ei umenneskeleg oppgåve. Særleg gjeld dette ein som sjølv dyrkar eit bestemt litterært program, seier Broch ­Nielsen.

Innenriks
Fredag 25. mai, 2012
Statsrådene må koke kaffe selv

Statsrådene må koke kaffe selv

KAMPVILJE: Statens forhandlingsleder Rigmor Aasrud hentet selv kaffen og tok telefonen i går. Hennes eget forværelse sto streikevakt.
Utenriks
Fredag 25. mai, 2012
Valgets tikkende bombe

Valgets tikkende bombe

ULØST: Egypterne håper på stabilitet etter presidentvalget. Men uten en grunnlov som bestemmer den nye presidentens oppgaver, kan mer uro være i vente.
Kultur & medier
Fredag 25. mai, 2012
Poet refser oljegiganten

Poet refser oljegiganten

For et år siden mottok han penger fra Statoil. Nå skriver Helge Torvund dikt om selskapets oljesandprosjekt.
Dagens leder
Fredag 25. mai, 2012
Bjørgulv Braanen
Ny praksis

Ny praksis

Dagens leder
Powered by eonBIT