Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, fredag 10. februar, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120209
Innenriks
Torsdag 2. september, 2010
Gjer nakkesmerter
STRESS: Motstridande jobbkrav og mangel på hjelpemiddel aukar risikoen for nakkesmerter i jobben, viser ny undersøking. illustrasjons

Gjer nakkesmerter

Torsdag 2. september, 2010

Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
Godt leiarskap og tydelege forventingar om jobben som skal gjerast, er den beste garantien mot nakkesmerter på jobben. Det viser ei ny undersøking.

Den aller største risikoen for nakkesmerter i samband med jobben, har dei som opplever rollekonfliktar på arbeidsplassen.

Det går fram av ei ny undersøking som er gjort ved Statens arbeidsmiljøinstitutt (Stami).

Muskel- og skjelettsmerter plagar mange arbeidstakarar, ifølgje internasjonal forsking er opp til 40 prosent av dei som er i lønna arbeid, meir eller mindre plaga av nakkesmerter.

Nav-statistikken viser at vel ein tredel av alle sjukefråværstilfelle skuldast muskel- og skjelettlidingar.

2400 arbeidstakarar

Denne undersøkinga gjeld nakkesmerter i samband med jobben, og er ikkje knytt til sjukefråvær. Undersøkinga er basert på svar frå om lag 2400 arbeidstakarar i 20 ulike verksemder i privat og offentleg sektor. Dei har svart på ei rekkje spørsmål om arbeidsinnhald, arbeidsmiljø, haldningar, endringar, helseplager og arbeidsevne to gonger med to års mellomrom.

Om lag kvar femte av dei som har svart, oppgir at dei er ein del eller alvorleg plaga av nakkesmerter.

Psykososiale faktorar

Føremålet med undersøkinga er å seia noko om kva for psykologiske og sosiale arbeidsfaktorar som har mest å seia for nakkesmerter.

- Årsakene til nakkesmerter er samansette, men rollekonflikt peiker seg ut som den største risikofaktoren i denne undersøkinga, seier Jan Olav Christensen, stipendiat ved Stami.

Rollekonflikt

Rollekonflikt er i denne samanhengen identifisert ved at folk har svart på spørsmål om dei må gjera noko som dei meiner bør gjerast annleis, om dei får motstridande førespurnader frå to eller fleire personar, og om dei har dei hjelpemidla som trengst for å få gjort jobben skikkeleg.

- Svara på desse spørsmåla tyder på at det ikkje er nokon vesentleg skilnad mellom kvinner og menn når det gjeld samanhengen mellom psykologiske faktorar og smerter, sjølv om det generelt er ein del fleire kvinner enn menn som opplever nakkesmerter, seier Christensen.

Undersøkinga viser også at dei som har leiarar som støttar sjølvstende og initiativ, og som oppmuntrar til å delta i viktige avgjerder og seia ifrå om eigne meiningar, har mindre risiko for å få nakkesmerter.

Førebygging

- Kva kan ut frå dette seiast om førebygging av nakkesmerter på arbeidsplassen?

- Vi veit framleis ikkje mykje om kvifor psykologiske faktorar fører til nakkesmerter. Men det er viktig å ha kunnskap om desse samanhengane. Generelt kan ein seia at det kan vera nyttig å fremja eit arbeidsmiljø der det er god kommunikasjon om kva som er forventa av dei tilsette. Det er viktig at slik kommunikasjon er så eintydig som mogeleg, slik at dei tilsette ikkje opplever motstridande krav frå ulike hald. Dette er ikkje berre eit leiaransvar, tilsette har også eit ansvar for å seia ifrå om kva dei opplever av rollekonfliktar, seier Christensen.

Fysiske forhold

I undersøkinga er det også registrert at ein del fysiske forhold påverkar risikoen for nakkesmerter, slik som arbeid med armene heva over skuldernivå.

Undersøkinga om nakkesmerter er del av prosjektet Den nye arbeidsplassen, der ein skal skaffa fram ny kunnskap om kva for arbeidsrelaterte forhold som verkar inn på helse og deltaking i arbeidslivet. Prosjektet undersøkje ei rekkje faktorar som vanlegvis fell inn under sekkeomgrepet stress.

Ei rekkje menneske i ulike verksemder blir følgde med spørjeundersøkingar annakvart år gjennom fleire år for å kartleggja kva som skjer i arbeidslivet og korleis arbeidsfaktorar påverkar helse, motivasjon, sjukefråvær og deltaking.

Kultur & medier
Fredag 10. februar, 2012
Bedre enn sitt rykte

Bedre enn sitt rykte

Færre og færre lærer tysk. Med dette står nordmenn i fare for å miste viktige deler av egen selvforståelse, mener Helge Jordheim.
Utenriks
Fredag 10. februar, 2012
Skyhøyt spill om Syria

Skyhøyt spill om Syria

HØY INNSATS: Spillet rundt Syria er en kamp om regionale interesser, mener analytiker Rakha Ahmed Hassan.
Innenriks
Fredag 10. februar, 2012
Truer med vikardissens

Truer med vikardissens

NEKTER: Audun Lysbakken sier SV er villig til å ta ut dissens i regjeringen mot vikarbyrådirektivet. Mandag sier også Sp nei. Dermed må Ap få hjelp av Høyre for å vinne vikarkrigen mot LO i Stortinget.
Dagens leder
Fredag 10. februar, 2012
Bjørgulv Braanen
Flybonus

Flybonus

Dagens leder
Powered by eonBIT